søndag 22. april 2018

Premierepadling Nelo Moskito FW2000

21.04 Mildrid og eg fall for freistinga til å gjere ei impulsinvestering i fjor haust og starta fellesrederiet "Fart og fix". Inuken har Mildrid allereie fått god dreis på, men den er eit nummer for stor for meg. Moskitoen må vi fikse litt på, men endeleg fann vi tid og høve for prøvepadling. Lekker kajakk og lekkert skrog.

Eg har aldri padla ein så rank kajakk før. Det var eit heilt anna bevegelsesmønster og tilhøyrande balanseteknikk enn med havkajakkane våre. Skikkeleg flashback til då eg var heilt ny i kajakk. All erfaring var som viska ut, og det var fleire støttetak enn framdriftstak (sjå videosnutt nederst). Samstundes så var det ein sekundærstabilitet der, om ein slappa av og kjente etter. Kajakken responderte på alt av kraft. Når ein vert trygg nok til å gje på så svarar denne med fart! Artig, og eg er sikker på at vi får det til etterkvart!

Holy Moses! Det er uråd å komme seg oppi!!

Ein av dei tidlegare eigarane har sett på ein høg cockpitkant. 
Vi skal fjerne den, og den skapte unødig mykje krøll ved entring.

Advarsel: Balansering pågår! Konsentrasjon måtte til. Det hjelp å knipe saman munnen....

I godt driv! (I alle fall i 20 meter...)

Mildrid knakk koden! (I alle fall i 30 meter i strekk)

Ein gong i framtida kjem vi til å kunne padle fort med denne. På vegen dit vert vi knallgode på støttetak! 

Meir kontroll etterkvart! Hey, hey! Sekundærstabilitet jo! 

Litt bading vart det! 

Går det med eigenredning, mon tru?

Det gjekk bra heilt fram til rumpa skulle ned. Då var den høge kanten eit uoverkommeleg hinder.  

Går det med reentry og rulle? 

Fikk det ikkje heilt til utan trekk og utan kontakt med kajakken, men når vi får fiksa cockpit og mekka bittelitt støtte så er den nok lett å rulle. 

Fantastisk artig økt! Litt mekking må til på luke/cockpitkant og skott, så her treng vi litt kyndig bistand etterkvart. Det vert mykje læring her framover. Mål: Padle maraton med denne før eg vert 50? Om vi kranglar for mykje om denne kajakken så må vi kanskje få oss ein til på sikt? 

Første runden...

Om kajakken: 

torsdag 19. april 2018

Pastellparty Giske rundt

16.04 Eg er i padlemodus om dagane, og ville berre ha meg ein, EIN  kveld TIL på sjøen (husarbeid kan nemleg utsetjast omlag i det uendelege). Det vart litt spennande ut over ettermiddagen kor mykje skodde som kom til å sige innover, men på avtalt tid låg sjøen blank og skodda tynn, så det vart tur. Vi hadde "tima og tilrettelagt" for å padle den "keisame" strekka først og vere i vest omlag då sola gjekk ned.

Grått og flott! Giskebrua er monumental frå kajakk

Fjære sjø og masse steinar som kan snirklast forbi

Verda gjekk frå grått til alle tenkelege pastellfargar! Hav og himmel spelte på same lag. Vatnet var klårt nok til at vi såg alle detaljane i den frodige tareskogen, og innimellom sklei vi over turkise sandbankar. Det lukta kyst og hav, fuglane kvitra vårleg langs stranda. Det var som om vi padla oss rett inn i ein akvarell i kombinasjon med eit nasjonalromantisk måleri frå 1800-talet, med tjukk snirklete gullramme.    



Grønlandskajakkane er berre dei aller, aller lekraste! 

Sidan eg eigentleg hadde tenkt meg på yoga, så måtte eg nytte høvet og ape meg litt. Ikkje så lett med krigarpose i full padlemunderdur på veldig ustødig underlag.. (Foto: Sygni)



Då vi trudde festen var slutt, hadde sola framleis ein liten finale på lur. Som ei skarp rosa kule i alt det blå kasta ho lave strålar mot oss før ho for i horisonten. 




Sygni sin stresstest av albogen gjekk over all forventning. Det ligg i tida at vi miksar og koblar padlefolk på kryss og tvers (framsida av sosiale media). Denne kvelden hadde vi god tid, fann tonen og roa og det var veldig hyggeleg å sige rundt Giske. Dette er framleis favorittrunden min.
 
Giske rundt ca 8 km. Midt i smørauget.

onsdag 18. april 2018

Plastplukking ved Uksebåsen

15.04 Plastfritt Giske vert administrert av ein gjeng makelause damer som med smil og pågangsmot mobiliserar heile øysamfunnet til ryddedugnad. Denne helga var det storopprydding av Uksebåsen som stod på programmet. Vi hadde vore på kajakktur der i februar og sett behovet med eigne auge, og eg meldte meg frivillig til å få med padlefolk på aksjonen.

Rodene på ryddeaksjonen - kajakkgjengen med ansvar for omkringliggande holmar og skjer (Foto: Plastfritt Giske). 

Nokre var med laurdag, og vi var 4 som for ut søndagen. Speilblank fjord, strålande sol og sterk motivasjon for ein utedag å bidra til eit litt reinare havmiljø. 

Vakkert på fjorden


Det var ein nydeleg formiddag på fjorden. Små og større båtar passerte oss mot same mål. Fleire små grupper med niser for rundt oss, travelt opptekne med sitt! Fine og små, og ikkje så lette å ta bilde av - men stor oppleving. Eg har aldri sett så mange på ein gong før (3 x 3-4).  

Nytt sjømerke i samlinga - Rugholmen

Det var verkeleg idylliske holmar vi skulle rydde. Ikkje feil å vandre rundt her. Vi fann mindre plast enn frykta, men nok til å gjere ein skilnad. 

Strandrydding, både nyttig og vakkert..

Med livet som innsats skulle dei siste taustumpane på holmen til pers...

Soling, lunsj, padlehistorier, røvarhistorier. Strandrydding er også sosialt og kjekt. 


Ribbemanetar og yrande liv under vatn - dyreplankton av mange slag.

Kenneth utfordra meg på å rulle utan hette - sesongpremiere - kaldt, men greit. Fekk "øyrepropp" og vatn i nasen og då lurte vi litt på kor mykje plankton som eigentleg vart med inn i systemet. #grøssoggru   

Økt 2 starta på Rugholmen

Her var det meir plast på eit lite område. Vi lærte fort og fekk "plastblikket" Det er ganske forutsigbart kvar det samlar seg. Det ligg og mykje plast godt inngrodd under gras og torv, og det fekk vi ikkje gjort så mykje med. 

Sunnmøring med panteflaske. 

Mytene om Sunnmøringane er nok ikkje berre oppspinn. Først heilt på slutten av tre timar med rydding fann vi EI - EI EINASTE panteflaske! Så det med at Sunnmøringar og tomflasker finst over alt er ikkje heilt sant, for på Sunnmøre er det langt mellom tomflaskene...

Mesteparten av søpla fekk vi lessa rett over i småbåt. Velsmurt ryddeaksjon. Ragnhild fann ein stor dose til på slutten, så då lagde vi tauelag og taua det til basen. 
  
Jan Roger var lokomotiv framme, eg i midten og Kenneth og Ragnhild sørga for flåten med diverse plast framme og bak. Fungerte knallbra.  

 
Ved basecamp, som no hadde blitt ombord på båt, hadde dei nygrilla pølse med brød til oss. Vi fekk servert ferdig mekka rett i handa på sjøen - topp service! 

Då var vi ferdige for dagen og sette kursen heimover. Helikopteret svirra over hovuda på oss, og henta ut bigbags med plastsøppel. Velorganisert! 

Storsekkane vert henta medan vi padla heim. 

I løpet av helga var frivillige av ymse slag i sving på øya; dykkarar kartla botnen, oppdrettselskapet stilte med båt, ryddemannskap og hadde omvisning på sitt anlegg, helikopterselskapet sørga for søppeltransport. Det var frivillige med båtar, fotografering og filming, sponsing av bigbags, grillar, softis på Valderøya etterpå og sikkert mykje meir som eg ikkje kjem på i farten. 60 personar rydda over 3 tonn plastsøppel (21 bigbags) i løpet av helga. Det er trasig at vi har stelt oss slik at vi MÅ rydde, men når det er sagt var det veldig kjekt å få vere med på denne aksjonen! Håpar vi klarar å få med mange fleire padlarar mot plast på Sunnmøre framover! 

I tillegg til ryddeinnsatsen så ser eg at det er padlemessig lurt å vere med på slike dagar. Vi fekk øvd på ymse ilandstigningar, tauing, vart lokalkjente, veit akkurat kvar det er bålved til seinare bruk, til og med kniven som ligg fast i vesten var i bruk. 

Note to self: Ta med stroppestrikker neste gong, og kanskje ein ekstra karabin (til å feste sekkar/gjenstandar på dekk. )

Endomondokart
11,3 km padling totalt

tirsdag 17. april 2018

Fire fine på fyrpadling - Grasøyane

14.04 Siste sjanse til Grasøyane fyr før fuglefredning og ilandstigningsforbod (som er 15.april - 15. august). Sygni hadde blinka seg ut denne laurdagen og fekk det nett som ho ville - full sol og null vind! Havert, steinkobbe, tjeld, ørn og fjæreplytt på vår veg. Mildrid såg nise og det var fleire representantar for sjøfuglane ute i sola og, men eg slit med å hugse namna/kjenne dei att (kvifor må dei vere medium store, svart/kvite alle i hop?). Kokekaffi, sjokoladekake og jordbær. God tid. God prat. Gode opplevingar. Godt liv.

Sygni veit kvar ho vil denne dagen. 

Speglblankt utover

Havblikk i havet

Fyret ligg i enden av ei lang rekke av holmar og skjer. 
Vi ville sjekke ut den andre enden først...

Dei innfødte var heime, men igrunn ikkje så interessert i å menge seg. 



 

Vårleg helsing på kaia - velkommen!  


Det var fleire ute med båt til Grasøyane og denne dagen. Vi hadde starta tidleg, og tok oss god tid på øya. Kaffikok og sightseeing.
 
Furet, værbitt, som det stiger fram....

Nydeleg tur innatt og. Vi er heldige! 

Sygni berga badeæra vår denne dagen, og slo til med ei eigenredning innafor moloen på Flø.

17 km padling