Viser innlegg med etiketten Stegjarn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stegjarn. Vis alle innlegg

lørdag 10. desember 2016

Vatterfjordtinden (576 moh)

10.12.16 TILBAKEBLIKK

Desember, adventstid og korte blå dagar i Lofoten. Ikkje skiføre, men heller ikkje barmark. Vi trengte å lufte oss litt, og midtvinteren har og si sjarm. Vatterfjordtinden, eit stykke nord for Svolvær, var målet, og vi rusta oss med stegjarn/broddar og isøks.

Snø oppå - glatt under

Svakt skjær av sol i sør - ei sol som ikkje nådde opp til oss desse dagane

Det vart bratt etterkvart (Foto: Stine)

Litt klyvete eit parti (Foto Stine)

Sjarmøretappa til toppen, med 30 cm nysnø held vi varmen oppover.

Oppe! Foto: Stine

Trikset på vintertur er å vere kjapp i vendinga og få på seg tørt/varmt

Godt skodd!

Stine hadde med seg stjerneskot og laga god stemning! (GoPro)


  

ca 2,5 kilometer i luftlinje og 570 høgdemeter

tirsdag 19. januar 2016

Kroktinden (707 moh)

17.01 Det vart i kaldaste laget for padling, så plan B vart søndagstur til Kroktinden. Nydeleg boknafisk i godt lag kvelden før, i kombinasjon med ein greit lag nysnø, gav meg ein seig start på turen. Start ved gravplassen i Sydalen, innover ein traktorveg og opp bakken til skaret med kraftlinjene. Vi runda Litlsydalstinden og gjekk opp dalen. Deretter ryggen til venstre som vi følgde rundt og opp til toppen. I dalen og botnen var det mykje snø, og det freista med ski. Kul topp, enkel tur og rå utsikt!

Sydalen og Gimsøya bakerst

Sydalsskaret med kraftlinja

Morgonsola streifa toppane i Vesterålen. Øyriket ved Sunnlandsfjorden rett ned.

Hard økt, men endeleg på siste ryggen!

Kroktinden

Dagens del av "Kroken" - toppstøtet att

Flott utsikt mot resten av "Kroken"

Månelys over ville fjell

Stetind eller Hamarøyskaftet i horisonten?

Sola krydrar dei villaste toppane på Austvågøya - Higravtindan, Geitgaljen m.fl
 
Grei lunsjutsikt, og heilt vindstille på toppen. Bikkjekaldt, og ned mot -10, så det vart kjapp lunsj.

Tøff i pysjamas, men endå tøffare med stegjarn!!

Skikkeleg kule toppar!! Kroktinden ber namnet sitt godt!

På heimveg.
 
Kjempefin tur! Slike søndagar gjev mykje energi!

mandag 11. januar 2016

Skolmen (582 moh)

10.01 Eg fekk tilbod om søndagstur på Skolmen, og slike tilbod må ein berre ta i mot med opne armar. Sjølv om skrotten protesterte litt om morgonen og dyna var varm og god. Startpunkt Unstad - sagnomsust surfestad - der har eg heller aldri vore før.

Unstad var på mange måtar veldig likt Hoddevika. Eg ser potensiale med kajakk på ein litt varmare dag. Surfarane låg allereie uti, men ingen av oss var misunnelege på dei.

Bakerst til høgre dagens mål. Is på vatnet og ei lett etappe innover

Nesten Fræna-landskap. Stranda på Unstad i bukta der nede.
 
Det som såg uframkommeleg ut opna seg. Opp og fram!


Nydelig utsikt mot nordaust og Skrådalstinden.
 
Då vi møtte snøen var det på med stegjarn. Det var bratt og eg var glad for isøksa. På kanten var det som å gå inn i eit eventyr! 

Frå skuggedalar til Soria Moria! Nappstraumen og Flakstadøy

Ryggen vidare mot Skolmen
 
Ryggen var grei å gå, men eg kjente litt på høgdekjensla og måtte konsentrere meg for å ikkje snuble eller tulle det til med stegjarna. Då er det veldig kjekt å gå i lag med trivelege folk, som gjev tips og råd og er tydelege på vegval og tryggleik.
 
Vidare mot Medskolmen.
 
Vi gjekk utover mot Medskolmen. Det vart litt plundrete og klokka gjekk frå oss. I staden for å dele oss gjekk alle tilbake. Eg hadde vel uansett møtt mi grense for dagen. Hit må eg opp att på sommaren, det er berre heilt sikkert!!

Basecamp Skolmen - brukbar lunsjutsikt.

Midt på dagen - sola i sør.
 
Kvalitetstid!
 

 
Ryggen ned på heimveg

Farvel til sola for i dag

Heimveg
 
Returen gjekk greiare enn frykta, og eg vert tryggare på utstyret etterkvart. Skal sjå det vert fleire turar med stegjarn utover.
Fantastisk dag, flott tur og fine folk å ture med. Betre vert det ikkje. Lofoten innfrir!
 
Takk for turen!! :)
 
 
Hugselapp: 1 time og 5 minutt køyring til Unstad

søndag 10. januar 2016

Håtinden (649 moh)

09.01 Nytt år og nye turmoglegheiter! Eg har forflytta meg til Lofoten og sjekka Lofoten Turlag på FB. Tur på laurdag? Det passa bra - med ny jobb og hovudet fullt av ny og spennande informasjon treng ein litt frisk luft!

Morgonstund har gull i munn. Starta med sightseeing på Finneset (Kabelvåg) med bilen på tomgang for å få smelta fram vindauga. - 10 grader og det har det vore lenge!  
 
Det var 12 stk på parkeringa og god stemning trass minusgrader. Vi la i veg oppover lia, og etterkvart vart det varme i fingrane og tærne.
 
Etter første kneika fekk vi eit godt blikk mot toppen av Håtinden

Vågakallen vis a vi over fjorden. Rå siluett i morgontimane.

 
Det var greie motbakkar med broddar og etter kvart stegjarn. Toppen hadde ei aldeles strålande utsikt til alle kantar!
 
Mot Hov på Gimsøya

Kjempenøgd! Sola snik seg såvidt over horisonten.

Lunsj og soltilbeding. Det gjer så godt desse solstrålane.

Godt skodd. Nøgd med dei nye stegjarna. Ser ut til at eg får bruk for dei framover og!

Retur over kvite vidder og inn i blåtimen.
 
Magisk lys her nord!
 
 
Eg ser fram til fleire turar med Lofoten turlag - aktiv og triveleg gjeng!