mandag 22. mai 2017

Høgenibba i Hornindal (1191 moh)

20.05 Om ein klarar å starte helga på fredagen så vert ho så mykje lenger! Vi starta med ein kaffikopp som vart til tre hos Therese, så det vart seint før vi kom oss i posisjon for ei natt under open himmel. Det var så verdt det! Varmt og fint, utan insekt med fuglekvitter og med magisk utsyn over Austefjorden. Dagen etter sette vi kursen mot Hornindal, med håp om å sleppe mykje bering av ski på Høgenibba.

Midnatt og blåtime #skalikkjesovevekksommarnatta

Greit å slå opp auga til dette. #morgonstundhargullimunn

Austefjorden med Eidskyrkja til venstre og Matøskja til høgre. 

Vi forflytta oss til Hornindal og det tegna til å verte ein strålande sommardag. Skredsøkaren vart att i bilen, og full dekning med solfaktor vart prioritert frå start.

Vi bar skia opp halve skitrekket. Indre Hornindal i vårprakt

Høgenibba kvit og lovande bakerst der

Lunsj i lyngen med herleg utsikt mot sør. #trivselsfylket

Kvite bakkar og steikande sol. #Bikiniføre.  

God plass og stor varde på toppen! Skikkeleg rundskue.  

Grodås 1100 meter under oss. 

Herifrå var det rare vinklar til kjende fjell. 
Djupdykk i kartet var naudsynt. Vi såg lenger enn vi trudde i sør, og kortare enn vi trudde mot nord. 

Vidare mot Gjugra og Kvivsdalshornet. Guridalen ned mot høgre.
Landskapet nord for Høgenibba var veldig spennande, eigentleg fjellskiterreng som freista til fleire turar. 

Ny utsikt mot Austefjorden - vi står på kommunegrensa mellom Volda og Hornindal

Det skya til frå sør, og vi ville ha godt lys nedover. Gjugra får bli neste gong, og vi sette kursen nedover Guridalen

Perfekte bakkar ned Guridalen, men dessverre verdas tråaste føre. Det lugga og reiv og det var berre såvidt det gjekk framover. 

Guridalen - fin plass - og eit skikkeleg snøhol

Vi stod på ski ned til grusvegen og eit godt stykke nedover. Stølane som låg her var skikkeleg fine. Lyset hadde blitt flatt, men både Storesætra og Bruasætra er verdt eit besøk seinare og. Dei har vore flinke til å ta vare på kulturlandskap og bygningar her. 

Runden vart på ca 10,5 km og med ca 850 høgdemeter

Vi runda av med is og kaffi på Grodås i 20 (!!!) varmegrader. Skikkeleg helgetur - og mesteparten av helga framleis framom oss!!  

onsdag 17. mai 2017

17.mai feiring på Trollstigen

17.mai.
Etter mykje att og fram og ustabile meldingar trakk Møre og Romsdal vinnarloddet i 17. mai-lotteriet. Vennebrunch vart ombooka til vårskitur. Det var stas å køyre innover fjordlandskapet. Levande bygder var pynta for dagen med flaggborger og nysprungen bjørk. Fossefall fulle av smeltevatn, våryre bekkar og livlege lam på beite. Blikkstilt på fjorden og snøkledde tindar som spegla seg. Berre køyringa var verdt turen.

Vegvesenet hadde vore sympatiske nok til å sette bommen heilt oppe ved Slettvikane, så vi kunne ta på skia ved bilen.

Slettvikane mot Trollstigen og Stigbotnhornet

Synnøve og Roar var kjente og hadde kontroll på kart og klister. Eg var turist og førstegongsreisande her. 

Innover Langfjelldalen

Gratulerer med dagen! 

Det vart fort for varmt, trøya måtte av og solkremen på. Vi hadde lyst å utforske området litt og la opp til ein rundttur.

Lite hornmusikk, men elles verdas beste 17. maitog. 

Frå høgde 1076 innover Langfjelldalen. 

Vi var i Reinheimen najsonalpark ved den nasjonale turistvegen på nasjonaldagen. Nasjonalkjensla hadde gode kår. Dette er grenselandet mellom Romsdalsfjell, Sunnmørsalpar og Tafjordfjella, og det meir avrunda fjellandskapet i Oppland. Perfekt fjellskiterreng. 

Isglupane, her representert ved 1126

Spennande og variert landskap innover, der ein kunne sjå korleis isen ein gong hadde jobba seg gjennom terrenget. 

Botnen austafor Isglupen 1257 var bratt og skavlete, så der rauk rundturen - einstemmig. Det vart difor lunsj nummer to i varme berg med fortreffeleg utsikt. Ikkje eit vindpust, og moglegheit til å drive aktivt slaraffenliv. Synnøve hadde med sjampis på søte småflasker og det sette ein ekstra spiss på dagen når (i alle fall den eine) korken gjekk til vers med karakteristisk "poff".  

17.mai lunsj med bobler. 

Det var ikkje krise å gå ut att same vegen. Flott landskap, mykje nedoverbakke som venta, og vi var dristige nok til å halde fram i shortsen.  

Greit panorama midt i mot

Nedover mot Valldalen

Nøgd Trollstigeturist. 

Totalt omlag 19 km og 600 høgdemeter

lørdag 13. mai 2017

Vårskitur i verdas vakraste dal - Blæja (1420 moh)

13.mai. Eg var nett heimkommen frå nord og knapt akklimatisert. Strålande meldingar og snø i fjella. Med noko lirking fekk eg med Mildrid på vårskitur. 

Eg ventar på ferga på Magerholm - Sunnmørsalpane ventar på andre sida av fjorden

Villa Norangsdal - med Blægja oppe bak flagget. Ein gong skal eg ha meg ei overnatting her.

I starten var det god, tørr sti gjennom kvitstamma bjørkeskog. Dramatisk rumling frå små våte skred frå Kvitegga runga truande med jamne mellomrom, i stor kontrast til småfuglande som kvitra hjarteleg rundt oss. Det lukta tørt gras og vår i bakkane. 

Det var berre å hive trøya og få på solkremen. Det var heitt i bakkane. (Foto: Mildrid)

Ingen av oss hadde særleg overskot denne dagen, så det vart jamnt og roleg oppover lia. Dette er ein enkel tur, der ruta enkelt kan leggast under 30 grader heile vegen. Lite tenking - hovudet fekk kvile og kroppen vere ute. I godt selskap var batteriet på lading!

Rett fram til topps! 

Slogen dukkar opp

Bauting, og  meir utsikt for kvar sving

Nesten oppe! (Foto: Mildrid)

Frå toppen austover mot Kvitegga

Utover Hjørundfjorden mot Ålesund i horisonten

På sjølve toppen var det iskaldt - og dunjakka kom på fortare enn svint. Nydeleg utsikt 360 grader rundt, og ein ny vinkel for meg, så eg kjente ikkje att halvparten av fjella.

Mot Skårasalen

Karane frå Nordfjord diskuterte korleis dei skulle ta kortaste veg ned i eit strekk...

Vi hadde ein anna strategi.....

SOLING FØRST!!! (Foto: Mildrid)

Mildrid med upåklageleg telemarkstil ned bakkane. 

Ned til ca 800 moh var det kongeføre! Det var skikkeleg artig å renne nedover her.  Deretter vart det gradvis tyngre og tyngre nedover, sugande slush og gjennomslagsføre til vi kom til tregrensa. 

¨
Strålande nøgde var vi einige om at Norangsdalen fortjente nemninga verdas vakraste dal denne dagen. 

Vi bestemte oss for å vere turistar og la heimturen om Øye og Urke. Butikken på Urke var nett stengd for dagen, men butikkdama kom springande og låste opp att slik at vi fekk kjøpe oss ein is. Det er bra service!

Leknes - Sæbø.  Eit av dei vakraste ferjestrekka i Norge? Slogen til venstre, Stålberghornet til høgre. 

Vi runda av dagen med å sitte ute og ete middag i Ørsta. For ein sommardag! Det vart litt av ein rundtur i eksportfylket og 3 ferjestrekk på meg.  

 Ca 10 km t/r og 1100 høgdemeter. 
NB: Ikkje parkering ved Villaen, men finn plass langs hovudvegen. 

fredag 5. mai 2017

Strandryddedag med Kystverket

5. mai 2017
Kystverket slo på stortromma i 2017 og alle einingar i Ålesund deltok på Strandryddedag, i ein halv arbeidsdag. Målet var å rydde ei utvalgt bukt på Ellingsøya og ha ein sosial dag ute på tvers av organisering og daglege oppgåver. Det var ein nydeleg vårdag så det var ein blid og spent gjeng som for ut. Informasjon og HMS vart ivareteke på beste Kystverksvis, og vi var inndelt i roder, arbeidslag og fått personleg utdelt refleksvestar, hanskar og caps. På åstaden var det posar frå "Hold Norge Rent". Det store spørsmålet på bussen var om det var nok søppel til oss alle....

Idyllisk liten poll ved første augekast

Strandlinja frå flomålet og 10-30 meter oppover var pepra med plast i alle variantar. 

Ny, gammal, kortreist, langreist, små og store bitar. Vi vart ståande i ro og plukke full sekk etter sekk. Dei som ikkje hadde vore med på strandrydding før fekk hakeslepp. Kan det vere SO gale som dette?


Smila var til ære for fotografen. Det vart etterkvart ein dyster gjeng som plukka for harde livet. 

Plastmanngard

1. linja sette fulle posar ved vegen. Logistikkteamet køyrde. Plukkarane sprengde logistikkapasiteten frå første stund. 

Nesten heteslag, men denne fjøra har ikkje vore så plastfri på mange år. 

Fra alle bransjar i alle storleikar. 

Her er det som ikkje fekk plass i kontainer i første omgang. 

Økta vart runda av med kaffi og kake og mediemerksemd. 

Ca 80 personar rydda i 3 timar. Vi leverte 55 kubikkmeter avfall med samla vekt 2,76 tonn.  
Effektivt opplegg. Den største lærdommen var at vi undervurderte mengda med søppel, og transportbehovet. 

Ein vert matt av å rydde i fjæra, og får verkeleg forbrukarsamfunnet si bakside i fleisen. Samstundes kjennes det godt og konkret og delta på ryddeaksjon. Kanskje kan din arbeidsplass eller vennegjeng melde seg på Strandryddeaksjon 2018?  

Etter det eg veit deltok Kystverket på strandryddedagen i 2017 i Horten, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg. Til saman var det nærare 250 personar i sving i 1/2-1 dag.