Natt i naturen 2020

I 2020 hadde Synnøve og eg ei bindande pakt om minst ei natt i naturen kvar månad gjennom heile året. Ut over det var konseptet uklart frå start. Det vart reindyrka mot kortreist og med hengekøye etter kvart. Året starta med mykje dårleg ver, og etterkvart ein pandemi. Utfordringane til tross, vi klarte det! Mange fine bålkveldar, og mykje inneklemt kvalitetstid. Vi har lært ymse langs med og fått hengekøyeoppsettet på plass. Det treng ikkje å vere langt heimafrå, eller langt frå bilen, for å verte ei flott natt i naturen! 

Synnøve har samla minna til ein veldig flott kalender. I 2021 skal vi difor mimre og satse på færre, men litt lengre ekspedisjonar! Her er link til bilde og skildring av kvar natt i naturen 2020:  


Hovudpersonane i "Natt i naturen"-prosjektet - 
her under strandrydding på Synes

Vi lærte litt om tarp og vind, kor mykje lys vi har på om natta og kor lett ein kvist kan sabotere eit luftfylt underlag. 

Vi lærte om Skodje JFF, verdien av rekognosering, og kuldeeffekten langs ei elv.    

Vi lærte at det er lurt å sjå ut av vindauget i tillegg til å studere yr.no, samt om korleis sludd, tre og hengekøyer fungerar saman og at soloppgangen i mars er nydeleg. 

Vi oppdaga kor flott Emblemsfjellet kan vere, tok inn våren med alle sansar og endeleg var det meir kos enn læring på tur! 

Inneflødd og oppglødd gjennom den lyse vårnatta. Læring: Ta med ekstra mjøl til pinnebrøddeigen. Eg søv like godt i "banankøye" som "tversoverkøye". 

Juninatt i naturen - Poesi, padling og plastrydding
Padlepremiere for Synnøve i 2020, ny kjennskap til indre fjordstrøk og eit bidrag til å rydde opp forsøplinga vår (i tydinga menneskeheita, ikkje vår personlege). 

Iskald sommarkveld med varmande bål og solnedgang. Bjørnøya var ein gong del av Borgund kommune, og vi lærte ein heil del om buskfuru.  

Sukkertoppen er søt og eit landemerke på Sunnmøre. Hengekøyeliv med sommarvarme og bylydar. Vemodig at sommaren er på hell, men mørke kveldar kan og vere fine. Soloppgangen er brått innafor rekkevidde att. 

Vi satsa på skogen, og det vart full klaff. Sjarmerande leirplass. Skumringstime som sklei over til ei natt med klår stjernehimmel. God søvn før fleire koppar kaffi i morgonsola. Det heile toppa vi med sopplukking på heimveg. Det vart nok fangst til at eg har det det eg treng gjennom vinteren! 

Ny øy i gamle Ålesund kommune. Lun og vindstille natt. Vi fann ny metode for fjellduk. Neste gong må vi lage frukostplassen om kvelden og henge opp tarpet der, sidan vi er litt "allergiske" mot å dekke til nattehimmelen over køya med tarp. 

Køyenatt på naturiststranda i november. Ingen bading, verken på oss eller andre. Lunt ved bålet, og varmt i posen gjennom natta. Lange kveldar og seine morgonar på denne tida av året. Nok ein gong traff vi blink med veret og staden for overnatting.   

Hjarta våre bankar ekstra for både kultur og natur. Kva passa vel betre enn å runde av - korteist - i Borgundgavlen? Litt bobler må til - og natta vart nydeleg og varm. 12 av 12 netter var gjennomført, og det var stas.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar