Viser innlegg med etiketten Dekk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dekk. Vis alle innlegg

mandag 9. mars 2015

Dekktrekk i Ulsteindalen

8. mars. Kvinnedagen. Søndag. Mildrid hadde invitert meg til aktivitetsdag i Ulstein. Kroppen skreik nei, men eg tvinga meg opp og stod klar på Sulesund 09.00 med vinduspussarane på full guffe.

Early and bright on International Women's Day. I was invited to activities in Ulstein. First pulling tires. The trio I visited have been practising for a while, so this was a real test for me. Would I be able to keep it up? No trouble keeping warm ( and with a skyhigh heartrate) pulling uphill to the hydroelectric power dam. With only one tyre I managed to keep up, and the next time I'll bring two...
Søndag morgon på Sulesund... 

Mildrid set strake kursen mot røyrgata. 
Proffane sler til med 2-3 dekk kvar og har godt driv innover

Det er eit heilt miljø for dekktrekketrening her ute i Ulstein. 
Eg starta fint med eit dekk. Det gjeld å ikkje øydelegge seg på første forsøk for sesongen. 

Høg puls, god og varm og sur i føtene. Det var aldeles fantastisk å komme opp til demninga! 


Mykje vatn i sving
 
Teambilde! 

Herleg gjeng og veldig bra treningsøkt! Eg har som mål å komme att med eit dekk til og forsøkje å henge på ein tur til. 

GPS - kart over ruta. 

Om eg tolkar GPSen rett var det totalt 5 km opp og ned. Vi gjekk i totalt 1 time og 5 minutt, med snittfart på 4,6 km/t. I tillegg hadde vi eit kvarter foto/pratepause på toppen. 

søndag 28. desember 2014

Dekktrekk i barndomsriket

25.12 Nokre timar på eiga hand i frisk luft. Det gjer godt, sjølv på ein raud dag. Tjuvstart på nyttårsforsetta med trim og forebuing til sprell med ski og pulk til våren.

Skarvegen og Raudtua (590 moh)

Skybankane låg i havet, så eg hadde teke med eit dekk, det minste eg har, og la i veg. Om ikkje anna fekk eg gå meg varm i barndommen sine dalar. 

Raudtulia. Det gror att. 
Eg har 1500 granplanter på samvitet eg og i denne lia.

Meir snø, og tankar om topptur vart skrinlagt ein gong for alle. 

Kanskje eg finn hytta til Arne Magnus? (Eller kven det er som eig ho no)

Mot Lauvhornet og masta på Skalten

Eg fann hytta på 2. forsøk. Jammen var det attgrodd! Det som var store hogstflater då eg budde heime er no 15-20 meter høg granskog. Type tett. Eg kunne heller ikkje hugse den sjarmerande utedoen. Den var verkeleg flott! Akkurat slik ein ekte utedo skal vere. 

Utsikt frå verandaen. Belgisk kakao og konfekt. Det er jul må vete.

Eg tok med meg bakken opp til Skarvatnet på returen. Det gjeld å nytte dei gløtta vi har med dagslys for tida. Det er ikkje vanskeleg å halde varmen med eit dekk på slep. 

I brattaste bakken. Bildet jug, for det ser heilt flatt ut. Det er det ikkje. Vakker solnedgang og skyformasjon gjev ein god grunn for ein ørliten pause. 

Oppe! 
Når det berre er nedoverbakkar heimatt, kan ein koste på seg eit glis. 

Skarvatnet og Talstadhesten

Solnedgang på Skarsetprærien

2.5 time trekking. 9,5 km ca 300 høgdemeter. 

tirsdag 18. mars 2014

Dekk-trekking

8.-9. mars. Grisever. Skarvegen. Dekk på slep. Pulsen er jamt høg. Skritta er målretta. Tankane flyg. Ein svel nokre kamelar etterkvart som ein vert eldre. Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle fare etter vegane med eit dekk på slep.

Midtlivskrise, mangel på vinter og ein god dose gruppepress kan bøye svakare sjeler enn meg. Så her går eg. Eg og dekket mitt. Lidun og Mildrid har allereie gjeve namn til dekka sine. "Dekk-Ulf" og "Miss Piggy" får lufta seg på Flø rett som det er. Eg funderar og tørkar svette frå panna. Oppover bakkane er det tyngre. Ikkje pokker om eg klarar å komme eit namn på det der dekket.
 
Korleis har eg hamna her?

Fungerer det faktisk som trening då? Etter testing av pulk på snøføre så innser eg at det er akkurat dei same musklane som er i bruk. Då er det sikkert lurt. I mangelen på snø sjølvsagt. At pulsen er høgare enn ved vanleg gåing er eg heller ikkje i tvil om. Dette er det andre som har lurt på og, så "Norges Helsehøyskole" driv og forskar på dette no. Fasiten på effekt av dekk-trekking kjem altså i løpet av 2014. I mellomtida er det berre å lite på Børge Ousland: - Det er det seige draget som tel. Å trekke dekk styrker musklene i rygg, rumpe, legger og lår, og det bygger karakter, seier han.

Det er også greit å ha ein entusiastisk far som uansett påfunn berre hankar fram egna reiskap og tilbehør i syrefast stål. Montering av holskruar på dekk gjekk som ein vind. Dekk var det rikeleg av bak løa, og i varierande storleikar om motstanden skulle verte i minste laget. Eg starta med eit bildekk. På flatene gjekk det greit, men opp siste brattaste bakken før vatnet måtte eg jobbe skikkeleg.
 
Demma på Skarvatnet! Eg og dekket mitt. 

Humøret stig. No er det berre nedoverbakkar heim att!

Det vart trekking frå "Storskiftet" til Skarvatnet både laurdag og søndag denne helga. Eg brukte 65 minutt begge dagar, sjølv om eg trudde det gjekk mykje fortare søndagen.. (6 km t/r og 150 meter høgdeskilnad).

Eg humra godt då eg las artikkelen til Knut Langeland i Bergen Tidene:

"I Nordmarka treffer du dei rett som det er, og dei skjemst ikkje eingong. Folk med bildekk på slep. Kanskje skal dei kryssa Grønland. Kanskje skal dei berre over ein kolle i nabolaget. Uansett er det sosialt akseptert om ein skal på ekspedisjon av eitt eller anna slag, å trekkja bildekk etter grusvegane.

I Hardanger er terskelen for bildekktrekking noko høgare, og karane som nett no er på veg langsmed Fitjadalsvatnet, har ikkje noko påtrengjande ønskje om å treffa folk. Kjem det ein bil, legg dei hovudet på skakke og gjer sitt beste for å kamuflera identiteten.

Å trekkja dekk er ikkje stovereint. Å sløsa med kreftene er det låg toleranse for i Hardanger. Her er for mange brattar og for mykje arbeid å bruka kreftene på. Iallfall om ein ser historisk på det."

Det er nok ikkje berre i Hardanger at terskelen er noko høgare. Denne helga kom eg meg over både dørstokken og dekk-terskelen.