fredag 29. september 2017

Under Troget - høge kneløft i Fjærland

29.09.17 Bøyum camping i Fjærland er eit godt alternativ når ein vel å legge att teltet heime. Husmorferien var eit faktum og vi låg i posisjon til fredagen.

Morgonstund i Fjærland

Inspirert av Eline sine FB bilde frå Blånipa og Tverrdalen sette vi avgarde om morgonen. Flotte haustfargar, delvis sti men og mykje terreng utan sti etter stølen. Etterkvart bratte og lange bakkar opp langs fossane. Vi kom opp i stor ur, blankskurte svaberg og ungt landskap under breen. Det verka veldig logisk å gå der vi gjorde, men då vi kom opp til brekanten var det ikkje like logisk. Klokka gjekk frå oss, og vi måtte snu for å rekke avtalt sosialisering og hygge hos Jorunn. Store landskap og imponerande formasjonar!

Merka sti til gammal støl i Tverrdalen. Solglir på breen og Troget kneisar svart og stolt over dalen

Haustfargar - austover ned Tverrdalen

Vi gjekk opp mellom fossane. 
På veg ned fann vi sti, så det er lurare å gå den første kneika til høgre for begge fossane, krysse over og deretter gå neste kneik mellom fossane.  

Blånipa bakerst. Hårete mål for dagen. 

Flik av Jostedalsbreen. Store landskap her inne

Lunsj nr 1. 
Vi var veldig flinke til å ete jamnt denne turen - Kristin passa på klokka. Veldig lurt. 

Skikkelege bresprekker rundt Troget. Rått terreng

Denne ryggen hadde vi tenkt oss bort på og følgje vidare austover mot toppen.

Det var berre eit lite crux...

Mellom oss og ryggen låg det ein flott isbre!
Det var lite aktuelt å gå under, og vi var usikre på om det var aktuelt å gå over. 
Vi hadde med stegjarn og øks, men ikkje tau. 

Kul formasjon. Under Troget. Kanskje ruta går over breen her? 

Klokka var uansett sopass mykje at vi ikkje kom til å rekke brekryssing, topp og retur utan å komme alt for seint fram til det eigentlege mål for helga: Besøk hos Jorunn. Med meir enn tusen høgdemeter i beina og storslått utsikt var vi nøgd med turen og snudde (omlag 1300 moh). Eg må altså gjere meir research på denne turen. 

Finn Kristin

Finn meg (Foto: Kristin)

Tverrdalsvatnet (1021 moh)

Klukkande vatn og ein million bekkekryssingar i løpet av turen. 

Tistelangrep!

Omlag her gjekk vi. 
Loggen til Kristin viste 8 km t/r og 1100 høgdemeter. 

Brelandskap er kjempekult! 
Bratte lange bakkar og lite stiar gjer at innmarsjane tek tid i området her. Det er store formasjonar, lett å undervurdere avstandane. Skogsterrenget er frodig og jungelaktig, og skikkeleg kjipt å finne fram i utan sti. Fjellsko er eit must.   

onsdag 20. september 2017

Hildrehesten i sol (740 moh)

20.09 Klokka 14.00 vart det innvilga "Solskinnsfri" - og etter ei kort meteorologisk vurdering sette vi kursen mot Hildrehesten, der himmelen var aller blåast.

Sørsida og "rompa" på hesten

Den graskledte "Tinden" er bitteliten men faktisk veldig synleg frå alle kantar. Dit skal vi og ein gong, men ikkje i dag. 

Etter fin sti er det eit lite stykke med ur opp mot toppen. Utsikta er allereie topp. 

Førstegongsbestigning av hesterompa! 

Her passa det med niste - og for ein herleg ettermiddag det var! Ingen grunn til å avslutte turen når ein har kjempa seg opp alle høgdemetrane, så vi la i veg innover ryggen.

Tilbakeblikk mot "rompa". Fint platå å rusletusle mot nord og hovudet på hesten. 

Ryggen på Hildrehesten. Det er eit godt stykke, men lettgått og lekker utsikt til alle kantar. 
Denne dagen låg rypene og trykte under steinane slik at vi nesten trakka på dei eit par gonger. Eg veit ikkje kven som skvatt mest... 
Ørn og ravn sirkla kring oss, og flokkar med småfugler heldt på med sitt. 

Stigs varde frå 08.08.88. Lurer framleis på kven denne Stig var/er og kva han tenkte på under bygginga. Flott varde! 

Lekker trio: Lepsøya, Haramsøya og Skuleøya/Flemsøya

På hestehovudet og utsikt mot Brattvåg og "heim" til Fræna. 

Ryggen sett frå hovudet

Gamlemsveten og utsikt mot Ålebyen. Fint å rusletusle heimover i låg kveldssol etter ein nydeleg ettermiddag. 

No tek vi i mot all lading vi kan få før vinteren og haustmørket sett inn. Dette er første gong eg har vore på Hildrehesten i solskin , tidlegare har det sett slik ut: 

NB: Parkering ved hovedvegen på Gjerdset ved skogsbilvegen til Gjerdsetvatnet.

søndag 10. september 2017

Storholmen fyr

9.9 Eg er litt hekta på fyr for tida, det skal eg gjerne innrømme. Heldigvis er det smittsamt. Yr.no meldte lite vind i helga. Svært lite vind. Vi hadde 5-6 variantar av fyrpadling på lista, og valet vart Storholmen utanfor Vigra. Dit har eg hatt lyst å padle i 4-5 år, men ver, form eller gruppe har aldri klaffa. Ute på holmen kan ein ikkje ta det for sjølvsagt å komme seg i land, og det er omlag ei mil frå land. Små skilnader i vind gjer store utslag på forholda der, og ein er for lengst ute i dønningen i havet.

Denne gongen er Mildrid gjestebloggar med omlag halvparten av bilda. Både for at ho er ein flink fotograf, og fordi eg tykte det var for skvalpete og rotete kring fyret til å ta særleg med bilde der.

Exposed paddling to the lighthouse of Storholmen (meaning "The big islet"). Spectacular place, and kind of a time machine - as the place looks like it did when the last lighthouse keeper went out the door in 1980. 


Rett nordvest etter holmane utanfor Blimsanden - her forlet vi kysten, legg Norge bak oss og fer ut i havet.

Du veit du har tenkt deg til havs når Skarven flyktar frå deg - innover. 

Vi såg fyret i horisonten - lenge.

Ingen av oss hugsa tommelfingerreglane for å vurdere avstandar på sjøen. Dei kan vere lure å repetere, om ikkje anna for motivasjonen på slike kryssingar. Lenge såg vi berre fyret, før vi etterkvart såg fyrhuset. Så tok det lang tid før vi klarte å skilne vindauga, og endå litt før vindauga vart tydelege for oss. (Frå boka Seakayak av Gordon Brown: 2 km - kan identifisere individuelle hus, 1 km - identifisere individuelle vindu)


Framleis fleire kilometer att (Foto: Mildrid)

Framme! Fyret frå aust. (Foto: Mildrid)

Gleda over å vere framme vart fort avløyst av målretta synfaring etter ilandstigningsmoglegheiter. Storholmen er ein liten holme i havet, med svell på alle kantar. Det er bygd trapper og landingar på 5 plassar rundt heile holmen, men ingen av dei var innlysande enkle, sjølv på ein så stille og flott dag, utan vind (maks 2 m/s) og med lite sjø.

Dramatisk på nordsida  (Foto: Mildrid)

Blankskurt på vestsida (Foto: Mildrid)

Trappa til venstre ser greiast ut.

Etter to rundar rekognosering rundt holmen enda vi på nordsida. 
Denne gongen samsnakka vi om angrepsmåte og korleis vi skulle gjere det, tauelinene var i aktiv bruk og vi hadde sjekka mobildekninga FØR vi sette i verk prosjekt ilandstigning. Alle måtte i sjøen. 

OK. Beste plassen er faktisk her. Foto: Mildrid

Vi sendte Jason først (standard prosedyre når det er litt heftig). Foto: Mildrid

Ein stk på land, to stk på land, går så det grin. 

Mildrid var sistemann, men også ho måtte i sjøen. 

Dette gjekk over all forventning. Det funkar å ta seg litt tid, ha få tau i aksjon samstundes, gjere klare avtalar og ta ein om gongen. Ingen skadar på personell eller utstyr. 

Fyra vert kalla kystens katedralar. Flotte linjer, om noko fordums prakt er borte. 

Lunsj på helikopterlandinga på 4 x 4 meter - ein nydeleg dag på ein spesiell plass! 

Storholmen er størst av 3 holmar midt i havet med ein slags lagune i midten

Kledninga på fyret misser målinga mot sørvest. Sol og vind tek her ute. 

Ein av 3 landingar, den her er mot sør. Vi ser innover på Nordøyane, Vigra og fastlandet (Haram).

Austover frå tårnet 

Frå fyret. (Foto: Mildrid)

Storholmen vart sett i drift i 1920. Sjølve fyret inneheld tre etasjar med rom for fyrvaktarane i tillegg til lykta på toppen og teknisk rom i botnen. Alt av personell og utstyr måtte heisast i land, og frå 1970 var det helikoptertransport. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1980. 


Foto: Mildrid

I fyret var det spor av aktivitet frå 1920-1980. Det såg ut som folk berre hadde gått for dagen. Merkeleg kjensle av å komme til ei anna tid. 

Mykje horisont, meir enn 200 grader himmel og hav. 
Innsyn til kysten frå Stad til Stemshesten.

Vi kunne ha vore lenger, og timane gjekk fort. Det var ein spesiell plass. 

Jepp - då var det berre å komme seg på sjøen att då....



Sistemann straks på sjøen (Foto: Mildrid) 
Med samarbeid og litt svømming gjekk det som ein leik.  

Eviglang padling inn att mot kysten. 
God trim. Særleg for den mentale padlekapasiteten.  

Skiftande lys og fine stemningar (Foto: Mildrid)

Tidsmaskina Storholmen (2017)

Anlegget på Storholmen vert bygd (ca 1920) 
Foto: ukjent (digitaltmuseum.no)

Totalt 23,2 km