Viser innlegg med etiketten Bjørn-Tore. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bjørn-Tore. Vis alle innlegg

torsdag 19. november 2020

Kvalpadling til Reinfjord - 2020

 13.11 Fredag den 13.! Den einaste dagen med lite vind på meldingane, og vi satsa på flaksen og la opp til ein lang dag på sjøen, med rekognosering både på Spildra og i Reinfjorden. Gråare morgon, og mørkare då vi la ut, men heilt vindstille. 

Grålysning og eit hav av moglegheiter framom oss! (Foto: Kristin)

Første stopp Spilderodden. Sjølv om det var blikkstille, var det drag i sjøen, og vi måtte konsentrere oss under ilandstigninga. 

Beste landinga på Spilderodden. Foto: Bjørn Tore

Som vanleg var urørt kystlinje prega av storsamfunnet, bruk og kast og plast. 
Foto: Bjørn Tore

Rå natur. 

Spilderodden! Klar for neste etappe. Foto: Kristin


Spekkisar lang bak der. Gopro frå Kristin. 

På kryssinga over til Reinfjord hadde vi god bør, og såg eindel spekkhoggerar langt unna. Den gruppa vi hadde nærast oss vart jaga hardt av ein turistrib. Heilt unødvendig. 

Rødøya. 
Det var her borte alt skjedde i dag. Spekkhoggarar og knølblåst. Men øya var utanfor vår radius, sjølv om det såg så nær ut..

Vi peila oss mot Reinfjorden. I mangel på kval, kunne vi jo dra på oppdagingsferd. Åra før frå Skjervøy har Reinfjorden vore utanfor vår rekkevidde. Vi har sett at det på det jamne har vore mykje kval og fiskeriaktivitet her. 

Dramatiske fjell og speglblank fjord. Innerst i fjorden ligg det ein gapahuk og det er fin plass å raste. Det visste ikkje vi før etterpå, så vi sette kursen mot bygda. 

Reinfjord sentrum. 

Vi fekk låne grillhytte og helse på både fastbuande og gjestar. Medan vi tok lunsj seig eit par knølkvalar innover fjorden. Vi fekk ikkje så mykje ut av det. Eit par av dei lokale som var ute med båt fekk ei stor kvaloppleving og vinkande dyr rett ved båten. Dei fortalde også overbevisande om då storkvalen jaga silda på tørt land her for eit par år sidan. 
Trivelege folk og ein nydeleg plass. Her fann eg roen. Eg kunne godt tenke meg ein vinter i Reinfjorden, lære meg med motorsag, sage ved, lese bøker og nyte det som måtte komme av ver og lys gjennom dagane. Nett no seks fastbuande, og mange utflytta patriotar som heiar på bygda. 

Bygda Reinfjord. 
Ei klynge av hus, ja eit heilt samfunn i perfekt le for både nordvest og søraust. 

Siste solglimtet leikar seg med fjelltoppane. 

Vi hadde lang veg heim og måtte etterkvart dra. Det var framleis stilt på sjøen og solnedgangen var godt i gang før vi kom oss avgarde. 


Sildefiske pågår




Foto: Kristin

Herleg mørkepadling heimover. Obligatorisk beinstrekk i Bjørnvika, der vi fekk hjertebank av våre eigne skuggar. Då vi kryssa Jøkelfjorden var det ein slags morild i vatnet. Artig for ungan!  Bjørn Tore organiserte GPS quiz på avstandsberekning i mørket på kryssinga. Enten var vi god, eller så hadde vi flaks! Etappa for dagen vart 32 kilometer. Ei hederleg distanse i november når ein er nesten på Lopphavet! 

Sjekk den kvalfasongen på ruta då! :) Endomondo frå Kristin

Vi var usikre på dei neste dagane, med mykje meir vind på vermeldinga og lite kval i fjordane. Denne dagen hadde likevel vore ubeskriveleg flott, og gjekk rett inn i minneboka. 

Utan mat og drikke..... Bakehuset i Nord-Norge har skjønt kva vi er ute etter i november, og Kristin mekka verdas beste kvalgryte til oss!! Eg er heldig!!

onsdag 18. november 2020

Kvalpadling frå Jøkelfjorden 2020

12.11 November er fargetid og kvalpadlesesong i nord. Koronapandemien gav mykje usikkerheit om eg kunne reise, og det var lenge tvil om silda ville trekke inn i Kvænangen. Vi klarte likevel å samlast og  satsa på eit nytt utgangspunkt. For første gong la vi ut frå Jøkelfjorden.  

Morgenstemning innover Jøkelfjorden 

Padletog i morgenrauden ut fjorden

       
Vi har fått kvalblikket!! Den første blåsten langt ut i fjorden er observert! Foto: Kristin

Det var blåst å sjå, men alt for langt unna! Vi var på rekognosering i nytt område, og bestemte oss for lunsj og beinstrekk i Kjerringvika. Veret var flott, lyset magisk og det var kjekt å vere ute - sjølv utan kval!


Kaffikokaren trør til, med Kristin sin kjele og bål ved Bjørn Tore. (Foto Kristin)

Kva har no dette vore for eit hus? 

Kvænangstindane er fantastisk fine - også frå denne sida. 

Etter pausa la vi oss midtfjords innover. Brått dukka det opp ein blåst! Fleire kvalar var på veg rett mot oss! Det vart eit kort og nært møte, med to kvalar på kvar side av oss! Artig! 


Foto: Kristin (GoPro)

Blåst! Foto: Kristin

Ein stor og ein liten knøl. Foto: Bjørn Tore

Ein hale forsvinn i solnedgangen der borte

Dei to andre går ut langs andre sida av fjorden

Silkepadling heimover. 


Vi er i gang med kvalpadling 2020! Foto: Kristin

Det vart lysfest med eit hint av kval første dagen. 25 kilometer padling 

Endomondo: Kristin 

torsdag 5. november 2020

Kvalpadling med knøl i Kvænangen (2019)

16.11.2019 TILBAKEBLIKK

Vi stod opp i gryotta, for å komme oss til Kvænangen før det vart lyst. Alle bilde på sosiale media og oversikta over båtar tyda nemleg på at kvalen var der, og ikkje ved Skjervøy. Det var stilt i bilen. To trøtte tryne godt innpakka i tjukke vinterjakker og fulle kaffikoppar. Vinternatta vart til grålysning då vi starta over Kvænangsfjellet. Langs vegen såg vi tre flotte raudrevar på morgonjakt. Dei sprang rundt på kvart sitt jorde og var fluffy og flotte i pelsen. Frå toppen fekk vi utsikt over heile fjorden. Det var allereie mykje aktivitet og lys frå fiskebåtar overalt rundt Skorpa og utover mot Spildra. I siste bakken ned mot fjorden stod det noko midt i vegen. EI GAUPE!!! 20 meter framom oss stod ho midt i vegen!! Vi bremsa heilt ned - og gaupa hoppa ut av vegen og oppover fjellskrenten. Der var snøen så djup at ho måtte bakse seg oppover. Vi fekk sjå ho i fleire minutt før ho forsvann inn i krattskogen. Opplevinga var sikra, før vi i det heile hadde komme oss på fjorden. 

Pastellmorgon, høg på livet og klar for kval! 

Sjå der!!! Knut-Magne såg dei først. 

Vi hadde ikkje komme mange kilomter før vi såg snurten av kval. 
Det var frisk bris og skvalpesjø. Lyset var fantastisk, men det var kaldt og vanskeleg å sjå kval i sjøen. 

Sola renn i aust - Kristin i farta! 

Morgonstund på fjorden. Bjørn Tore målretta mot blåsten. 

Kvænangsfjella. Det er så nydeleg å vere nord i november. 
Dårleg fotolys, men dei korte dagane byr på eventyrstemning frå morgon til kveld. 


KNØL! 
Vi padla oss rett på ein flokk. Dei var vanskelege å sjå. 
Videoen er ikkje heilt skarp, på grunn av kombinasjonen rørsle og lite lys. Den gjev likevel eit inntrykk av korleis det er å oppleve kval frå kajakk! 

Inn mot stranda på Nøklan for lunsj og beinstrekk, så kom det jammen fleire forbi! 

Kvalen gjekk i fjorden medan vi pausa. Grei lunsjutsikt! 

Nøklan

Stranda låg i le. Det var godt å få pause frå skvalpesjø og ugjestmild vind midtfjords. Bål, nykokt vatn til varmeflaska i kajakken, mat i magen. Meir skal det ikkje til å for å kjenne seg lukkeleg. 

Foto Kristin

Foto Kristin


Foto Kristin

Foto: Bjørn Tore

Foto Bjørn Tore

Vi såg nokre spekkhoggarar og i løpet av dagen, men eg klarte ikkje fange dei med kameraet. Mykje motvind og kvalblåst langt unna innover i fjorden. Vi kom til eit punkt der det ikkje var vits å fare etter dei innover. Skumringa fall på og vi snudde på heimveg. Endeleg fekk vi vinden i ryggen og surfa tilbake til bilen. 

Fjorden cowboy - avdeling Kvænangen

Foto Kristin

Då alt var pakka og klart gjekk månen ned og mørkret senka seg. 
Farvel for denne gong! 

16 kilometer padling, i dels rikeleg motvind. Ein hard dag på sjøen. 

Det var lettare å ombestemme seg på kort varsel, fordi vi har padla i Kvænangen før. Dette er omtrent 70 grader nord, og verkeleg arktisk vinterpadling.  
Ingen angra. Flotte kvalopplevingar, og gaupe på kjøpet!