mandag 28. mai 2018

Sommarnatt og silkeføre på fjorden

28. mai Syden på Sunnmøre, og uendeleg med godt ver. Denne dagen stilna det av mot kvelden, og vi stakk avgarde på kveldspadling på impuls.

Skjergarden innafor Valderøya - knallfint og kortreist

Ikkje så langt over til Søvika sjøvegen, og her kom ein liten kompis symjande mot oss. 



"Ottar" hadde fanga kveldsmaten sin og var svolten. Han brydde seg ikkje om oss i det heile. Vi vart  sittande å sjå og drive innover mot skjeret. Ottar smatta og kosa seg og gnafla høglydt i seg fisken.


Vi padla rundt Kalvøya og kom oss på yttersida akkurat i rett tid til den finaste solnedgangen så langt i år! 



Silkeføre!

..og på andre sida steig fullmånen opp over fjella. 

Magisk lys og magisk stemning. Det  var godt å vere ute og klokka spela inga rolle. Turistskipa seig mot nord, og vi rakk akkurat å krysse leia for Hurtigruta passerte bak oss. Det var lite freistande å fare heim. Lysshowet ville ingen ende ta. Pastellar i blått og turkis, glødande orange tonar og havblikk er sjeldan vare. Sommarnettene skal ein som kjent ikkje sove bort, og det er verd å ofre  nattesøvn for slike kveldar! Eg var høg på livet og tvers gjennom lukkeleg på ein mandags kveld.

Gjøsundet

Sommarnatt 

Ca 12 km runde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar