fredag 30. mai 2014

.. og premien er..Ulla fyr!

29.05 Kristi himmelfartsdag. Ein kjærkommen fridag i mai, som denne gongen varta opp med full sommar. Det kjentes nesten ut som eg hadde vunne i lotto, då vi møttast i sentrum og leste opp kajakkane på båt. Nye padlevennar, nytt padleområde og ein heil og ubrukt dag.

Ragnhild på soldekket (eller kva det no heiter). Herleg å vere turist i eigen by!

Til kvardags er dette utsikta frå kontorvindauget mitt - men den er minst like flott frå båt ut Moljegapet på ein fridag! 

Framme på Skuløya/Flemsøya, og vi ser over mot Ulla bygd og Ulla fyr. 

Vi held oss inne med lokalbefolkninga som best vi kan. 

I kajakkane - og Ulla fyr er innan rekkevidde. 

Først ville vi sjekke vestsida av Skuløya både for å sjå "nytt land" og vurdere moglege surf/leikeområde. Denne dagen var det minimal dønning og lite vind. Så å stille inn hovudet på rekognosering var fint. 

Flott monument på Flemsøya/Skuløya. Eg lurte på kva og kvifor. 

Ved sjøkanten på ytste Flem ligg Geitevarden. Før 2. verdskrig stod ein varde/innseglingsmerke på berget Geita ytst på Flem. Denne vart riven under krigen.Ei engelsk mine på sokkel vart reist i staden. I dag er den eit minne om kampen mot tyskarane i tillegg til at ho fungerer som godt sjømerke for båtfolk (www.haram.kommune.no)

Ragnhild i farta

Plastkajakkane sjekka dei trongaste passasjane

Lekkert i Kvalvika/Sandvika. 

- Betre enn Nord-Norge! påstår Ragnhild. Som "berre" har teke med ein mandelbotn og litt jordbær til oss.   
Sommarstemning!

Vi for tilbake samme veg, og sjekka båten. Klar for runde to på oppdagingsferda!

Store grunne område innanfor moloen. Turkis og krystallklart.

Karl-Johan i farta. Breie glis prega igrunn heile gjengen gjennom dagen. 

Bak oss var det sol og turkis sjø, framom oss velta grå havskodde innover Haramsøya. Fasinerande. Her hadde vi moglegheit til å padle langs land tilbake, så det var ikkje direkte farleg. Eg var likevel litt spent på kor fort og kor tjukk skodda kom til å verte. 

Skodde over Ulla

Frå sol til grått. Vi padla inn i skodda med freidig mot.

Ulla fyr. I alle fall innan rekkevidde no!

På veg opp mot fyret

Vi står i skodda, medan Ulla bygd er bada i sol. 

Dårlegare utsikt mot vest i dag..

Ulla fyr er "landfast" med Haramsøya, og det går an å komme seg hit med både bil og sykkel. 

Fyrturistar på Ulla fyr

Vi kom oss i kajakkane att, og for på yttersida. Det fjøra og det braut litt på revet. Det var berre uryddig småbryting, men det revet har potensiale på dei rette forholda. Vanskeleg å seie kva som er optimalt - men gammal dønning frå hovedsak vest bør sjekkast ut. Her er det nok mange dagar i året med FOR mykje ver til at det er triveleg å vere uti med kajakk. 

På yttersida. 

Fin medsjø innover att, og det var mykje trivelegerare å padle frå skodde til sol enn omvendt. 

Skodde på Haramsøya. Vannvittig stilig, må opplevast. 

Inne på grunna vart det litt leik og moro. Kanting og slikt. - Eg tek alle oppspel til leik dønn seriøst, fortel Christian. Heldigvis! Christian imponerte stort med å stå i kajakken over mange hundre meter. Karl-Johan imponerte med ferske og gode rulleferdigheiter. 

Christian er konge i kajakk, sjølv om Ragnhild truar med fantefakter. 

Ettermiddag og ankomst Indre Flemsvika. Ein fantastisk padledag går mot slutten. 

Kart
Turen vart omlag 18 km utan at DET var det viktigaste denne dagen. 

Då eg kom heim hadde eg framleis kjensla av å vinne i Lotto! Herlege folk og flott tur! Takk for ein super padledag!

Dei som vil oppleve Sunnmøre med båt/kajakk kan til dømes ta kontakt med 62 Grader Nord
Fyrmeisterbustaden på Ulla kan leigast, sjekk heimeside for Ulla fyr

Eg har vore her tidlegare med sykkel - som og fungerte ypperleg! Link til øyhopping med sykkel.

onsdag 28. mai 2014

Hildrehesten (740 moh)

26.05 Eg har drøymt om å gå Hildrehesten på langs i shorts og sommarsolnedgang i lang tid. Søndagen meldte yr.no strålande sol neste kveld, og Beate lurte på om eg ville på tur..! Tung å be? Neeei.... Det var med vantru og fornekting eg køyrde innover mot toppar i skoddehav i gråver etter jobb.

Fantastisk merking og skilting på Hildrehesten! 
Her har nokon gjort ein formidabel jobb med steinlegging av sti og merking både med måling og anna. 

Urkedalsvatnet og toppen bak i det grå der.

Koseleg med greplyng på veg oppover. Den  gjev meg gode minner frå sommarjobb på Djupvasshytta. 

Beate på sørtoppen. Lite utsikt, men mykje humør!

Vi bestemte oss for å gå over som planlagt, og tok ut ein kompasskurs i tilfelle. Ting vert litt rare i skodde. Retning og avstand vert vridd og snudd og alle steinane ser så... vent litt? Er det ein stein?

Stein med rype. Den første for dagen

Ryper i hopetal! 

Rypene trykte, og berre nokre få flaug opp. Dei fleste tok seg ein tilfeldig "joggetur" då vi kom for nær. Artig å sjå dei så nær, og det gav litt ekstra spenning i skodda. 

Heisann! Er det slik det ser ut ja...

Skodda kom og gjekk og vi fekk nokre glimt av ein fint landskap rundt oss. 

Midttoppen (trudde vi i alle fall..)

Den tammaste rypa for dagen. 

Smalaste punktet på "Hesten"

Offerplass? Eller leikeplass? 

Over Synnalandsskåla fekk vi noko meir utsikt, både til Brattvågen og Nordøyane. Det er nye variantar av utsikt for meg - så kjekt å i alle fall få eit lite glimt!

Stigs varde - merka 08.08.08. All ære til byggmakaren - dette var ein utruleg fin varde! Eg vert glad av slike. 

"Delfinen" viste veg til Hestehovudet, toppen i nord, 735 moh. I skodde sjølvsagt. 

Det var herleg lett og fint å gå hesteryggen på langs. Nesten flatt og nesten god sti heile vegen. Vi fann greit stien ned i nordvest. Siste kneika ned mot Litle Hestevatnet var rimeleg bratt. Eg var glad for at vi tok den kneika på veg NED. 

Litle Hestevatnet og Nordøyane på rad og rekke. Løvsøya, Haramsøya og Skuløya. 

Ser heim til foreldra mine! Gulberget til venstre og skimtar såvidt spissen på Skarsettinden midt i det grå fjellpartiet til høgre. 

Store Hestevatnet

Hestehovudet, mesteparten av ryggen vi har gått bakover til venstre og kneika vi kom ned til høgre. 

Som vanleg rundar vi av turane med nokre master. Desse trur eg er heilt vanlege, og ikkje noko monster i det heile. 

Gløtt av blå himmel i havet og fint kveldslys gjer godt etter ein lang marsj i skodda. 

Eg har framleis trua på Hildrehesten i shorts og solnedgang, men det er ein brukbar fin tur i skodde og! I alle fall i godt selskap med innlagt rypesafari i høgda! No har eg gått den på langs, så får shorts og solnedgang verte NESTE gong. Vi brukte omlag 4 timar på turen og då gjekk vi verken fort eller seint. 

søndag 25. mai 2014

Rosholmen og Molnesrevet

25.05 Store ambisjonar og dobbel matpakke. I Mallavika gjekk vi for plan B, då det var mykje friskare vind enn då ambisjonsnivået vart lagt. Grå dag, mykje bevegelse på sjøen og frisk bris. Kjekk padling i store forhold utover mot Rosholmen.

Lykta på Rosholmen

Liten runde innimellom holmar og skjer der ute.

Nyfiken. VELDIG nyfiken. Ung havert som nesten fekk nakken av ledd. 

Frå Rosholmen og innover mot lykta på Molnes. Herleg medsjøpadling med eit par bra surfar siste stykket!
Lunsj på Molnes, slik at vi i alle fall fekk ete opp eine matpakka. Motvind tilbake, men AIAIAI! På fallande sjø hadde det begynt å bryte på Molnesrevet!
Vi vart på Molnesrevet ein times tid. Skikkeleg artig. Litt dumt med vinden som gjorde at det (for meg) var bleggtungt å padle seg opp att etter kvar surf.  

Molnesrevet

Det var dagen for padling, og ikkje for fotografering. Dagens siger var ein ufrivillig velt på ein surf og ei automatisk og kontrollert rulle opp att... !! Bassengtrening lønner seg. Og månadsrulling.

Takk for ein super søndag på sjøen! Ønskeliste: Molnesrevet neste gong utan vind?

11 km med veldig mykje gøy undervegs