Viser innlegg med etiketten Kenneth. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kenneth. Vis alle innlegg

mandag 20. januar 2020

Bølgeleik på Vigra

19.01. Vind og regn, regn og vind. 2020 starta grått, og padleabstinensane hadde bygd seg opp i vekesvis. Skiføret er heller ikkje noko å skryte av for tida. Då det endeleg vart eit lite vervindauge på ein søndag var  vi klare for leik og moro til sjøs.

I Mallavika slo bølgene store inn mot stranda og det var ikkje lange padleturen før vi fann gode forhold for leik og moro. Eg kjente meg litt rusten, og var kanskje ikkje så offensiv, men det vart uansett nokre fine surfar, ei rulle som satt og flotte bilde!

Vårleg og fint! 

MYKJE vatn i sving
 
neste surfbart på spot nummer ein


Heilt surfbart på spot nummer 2
 

Innhenta av skum..
 
Ups! Kva skjer? Øystein avsluttar surfen med baklengs piruett

Svusj...

...svusj...

....splæsj!!!

Det gjeld å vite når ein skal halde att litt og. 

 
1, 2 3.... DYKK. 
Både Hammer'n og mannen kom opp til overflata att og avslutta med ein baklengs skru ut av brottet. 
   

mandag 18. februar 2019

Søndagssurf

17.02 Rekordmange på Alnes på leit etter surf. Det var i periodar gode forhold, og det vart mange fine surfar på alle saman. Då er det gøy! Vi var var og veldig disiplinerte og flinke med å plassere oss og ta omsyn denne dagen. Då vert både humøret og HMS'en på topp! Flott lys utover ettermiddagen, og vi måtte stoppe opp og sjå litt ekstra. Det er jammen flotte rammer kring hobbyen vår. Vi er heldige.

Alnes

Vakkert! 

Det vert nokre kilometer... 13, 6 ut i frå Endomondoen der over halvparten av dei var lagt att i den "snurren" her

torsdag 20. desember 2018

Førjulspadling i Brosundet

15.12 Førjulspadlinga i Brosundet har vore marknadsført som fellestur i nesten eit år. det var Kajakkguiden sitt initiativ, med god hjelp frå padlemiljøet på Valderøya og omegn. Det vart eit perfekt desemberver, og eg var spent på kor mange som ville dukke opp! Det seig på med folk og kajakkar på Sunnmøre museum før start, og presis 15.30 var 37 kajakkar på vatnet! Heilt utruleg. Nokre kom på undervegs, så til saman var det 44 blide padlarar med julepynta kajakkar som sklei gjennom skumringstimen langs byen og etterkvart inn i Brosundet. Der dukka det jammen opp kjente blide fjes med gløgg og pepperkaker til oss. Stemningsfullt, fint og hyggeleg. Vert dette ein tradisjon?   
Klargjering før start

Sist Kenneth og eg padla i lag i Brosundet med nisselue var i 2011!

mange originale vriar..

Skumringstimen - og lysa fekk full effekt!

Inn i sjølve sundet

Samling i Brosundet

For meg med vasstettkamera vart det mykje uskarpe bilde frå kvelden. Sjekk Kajakkguiden sitt album, eller sjå filmen nedanfor som Monica Blindheim laga frå arrangementet for fleire bilde/inntrykk!



Lærdom: Vi hadde brukbar kontroll på gruppe og opplegg. Redningsskøyta var med og det var bra som ekstra tryggleik. Mine eigne lys kortslutta tvert, då eg la kajakken på skrå for å få ut senkekjølen. Kjølen fikk eg heller ikkje ut, fordi den var frosen. Neste år må eg gjere litt betre forarbei så eg har lys heile vegen eg og! 

tirsdag 6. november 2018

Kortreist kvalitetssøndag med brott og surf

26.08 Sommaren på hell. Endeleg lite vind og gammal sjø. Grå dag, men likevel full av fargar. Havet var så varmt at det kjendes som å stikke nevane ned i oppvaskkummen. Skummet ved brotta hadde shampo-konsistens. Det var lenge sidan eg hadde padla brott, så eg var spent. Denne gongen var eg ikkje stressa eller nervøs. Det var heilt innafor komfortsonen å vere ute i bølgjene. Etterkvart som eg vert sliten er det freistande å fotografere litt. Denne dagen fekk eg ligge i fin fotoposisjon midt i brottet medan Kenneth og Jason dreiv presisjonssurf. Sjølv om eg då øydela nokre surfemoglegheiter.  Det vart mange fine bilde,  kanskje mest interessante for oss som er spesielt interesserte. Uansett - denne søndagen gjekk inn i historia som den kjekkaste brottpadledagen 2018 - til no!

Oppvarming - inn i mellom der det går an å fare inn i mellom 

Gammal sjø, sjøsprøyt og surrealistisk shampovarmt vatn 


Ups, korleis går dette?

...berre godt! 


Kenneth sørgar for at det vert bilde av meg og! 









Takk for turen!

mandag 15. oktober 2018

Langevågsholmane

14.10 Halvdårleg ver og stengd tunell. Vi bestemte oss for å teste Langevågsholmane. Vind og bølger stod på frå vest og det var høg flo. Litt leik vart det, både ved eit skjer og på ei surfebølge. Eg er ikkje så god på timing i slike forhold, og vert dessutan veldig reservert når det er stein i nærleiken. Kjekt å vere ute er det uansett, og så vert ein jo inspirert til å øve meir. Medan vi åt lunsj på ein av holmane bles det opp. Vi høyrde ein smell, som viste seg å vere kajakken min som letta og landa på tvers av ein av dei andre kajakkane. Det vart heftig vind å padle i. Med vinden i ryggen var det stor stas og full fart. Baksida var at eg nesten ikkje hadde framdrift opp mot vinden. Så det endte med at eg kapitulerte, gjekk i land på hurtigbåtkaia og vidare til fots for å hente bilen. Det er viktig med gode padlesko!

 


Ups.

Endomondoen landa på 9 km padling (og 700 meter til fots..)

Vindmålingane frå Vigra i 15-tida på søndagen viste stiv kuling, middelvind 15 m/s og kast på ca 20 m/s. Om målingane er representative for Langevågen veit eg ikkje, men det var i alle fall nok vind til å sette ein stoppar for mi framdrift denne dagen!   

søndag 19. august 2018

Surfesøndag med ny brottåre

19.08  Laurdag kom åra i posten: Stikine med tynt skaft og 1,90 lengde. No skal eg teste om kort åre er tingen i surf og brott. Hypotesa så langt er: kortare åre, større padleglede! Heldigvis tikka det inn melding om kvelden: Padling?

Nyåra!!!

Kolonne til Godøya. Då rekk ein å reflektere kor heldig ein er: Stort sett kan eg fare kor eg vil når eg vil, og eg har padlevennar som dreg meg ut på gråversdagar! 


Øystein i farta

Jason i farta! - rett frå ferie med masse energi!


Slik ser det altså ut frå land

Det var skikkeleg vanskeleg å fange surf denne dagen. Ein del vind og eit absolutt krav om presisjon for å vere i posisjon til surf var krevjande. Etter nokre timar var eg veldig sliten. Ny-åra bestod med glans, og eg gledar meg til å prøve den på strandsurf! Perfekt lengde og jammen var ho var rullbar på begge sider.

 
Kenneth demonstrerar perfekt timing!