søndag 17. juni 2018

Superkjekk surfesøndag

17.06 Søndag, fri og sol! Nokon med ny kajakk som skal testast, ny kombinasjon av folk på tur, og gamle jaktmarker der eg ikkje har vore på lenge. Knallbra kombinasjon! Det vansklegaste var å finne Mallavika (som eigentleg heiter Sandvika). Nok ein gong ekstrarunde i byggefelta på Roald på meg. Havet baud på passeleg med action og mange moglegheiter for å utfordre seg sjølv og kajakken bortover stranda. Vi er heldige som bur midt i ei slik leikegrind!

Snirkling

Surfing på brott

Ny kajakk! Testa og bestått med eit par strålande premieresurfar i løpet av dagen. 




Fine surfebølgjer inn mot stranda




Ekstra imponert over gutsen til dei som ikkje hadde surfa så mykje før! Flashback til "gamle dagar" og mine eigne argumentasjonsrekker for å lære rulla skikkeleg. 

Endomondoen stoppa på 10,5 km, med mange "hotspot" for aktivitet undervegs.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar