mandag 30. juli 2018

Rekognosering i Ervika og på Vestkapp

29.07 Slitne og nøgde med surf og sommar. Likevel ikkje heilt klare for å fare heim. Då vert ein fort turist i eige land! Stadlandet er eksotisk, spennande og flott. Smale vegar snirklar seg utover, opp og ned, rundt og innimellom. Ervika er annleis enn Hoddevika, men minst like flott. Frå Vestkapp har ein rundskue over store delar av Sunnmøre, fjella innover, fjordkysten sørover og ope hav. Betre enn Nordkapp. Heilt subjektivt, sjølvsagt. 

Ervika - ein stad der kultur møter natur. Dramatisk landskap og historie. 

Stranda når ein kjem frå parkeringa. 
 
Surfbare bølgjer for oss - og då kom vi frå havblikk i Hoddevika. 
Surferane vi snakka med fortalte at det hadde vore forhold i Ervika frå ca 11 dagen før, og det var omlag då vi gav oss i Hoddevika fordi det vart for smått og langt i mellom. 

Stranda frå campingen


Det er klart at ein får litt ekstra god sommarstemning og trua på framtidige campingturar når det er 25 grader, sol og shortsver. Det kan ein kanskje ikkje rekne med at er standard her ute. Ervika var veldig fin, og det er stort potensiale for kjekk kajakkhelg uansett ver - hit kjem vi nok att!

Stranda frå moloen

Moloen i Ervika

Hugs til seinare:
Erviksanden camping
Ervik Surfshop 
Fiskekort i elva

 Ryktet om at kafeen på Vestkapp hadde opna att hadde nådd oss. Det var langt på dag og eg var svolten, så heldigvis var det stemning for å fare opp der. Vegen opp var langt kulare enn eg hugsa når det kom til utsikt og natur, og langt dårlegare enn eg hugsa når det kom til trafikkavvikling. Mykje bilar, syklistar og sauar oppetter og det vart rygging i nedoverbakke utan autovern. Ikkje favorittsysselen min.  



Kafeen var open, full av folk, vi fekk mat og den var veldig god! 

   
Sørover

Honningsvåg og nordover Sunnmørskysten

Vestkapp

Ikonisk ver-radar


Innover Stadlandet


Kan det snirklast her, tru?
 
Kulturlandskapspleiarane i full sving

Tøft landskap!

Ein gong skal eg ha "omvendt" utsikt!!!

lørdag 28. juli 2018

Sydenstemning og sommarsurf i Hoddevika

27.-28. juli  - Venners venners treff i Hoddevika på dei heitaste sommardagane i 2018! Varmen var nesten ikkje til å halde ut, og gradestokken kraup opp til 30 i skuggen. Det var naudsynt med jamnleg bading, når vi ikkje padla. Eit uføresett luksusproblem der altså. Dagane gjekk med til akkurat nok surf, eit par bonus rulleworkshopar, måneskinnspadling, mingling med usedvanleg kjekke folk og grilling om kveldane. Utvalet av kajakkar var stort, og vi byttelånte utstyr på kryss og tvers heile helga. Det var artig å få prøve seg med ulike kombinasjonar av båt og åre. Bølgjene gav oss utfordringar uansett kva nivå vi var på, og meistringskjensla var på det jamne høg!

Klassisk velkomst til Hoddevika! (Foto: Audun)

Sydensommar og badeliv

Frå lettkledd sommarpadling til avansert grønnlandsrulling..

Kveldssol - og endeleg leveleg temperatur på stranda

Sommarferie og strandliv fungerar gullegodt! Godstemning i leiren. (Foto: Audun)

Det skulle vere blodmåne denne kvelden, og nokre av oss la optimistisk i veg ut i havet for å kikke. 


Fløyelshav
  
Stadhavet

Sjeldan å padle i shorts mot Stadhavet ved midnatt. Det vart ingen blodmåne på oss, det var for mykje fjell i vegen. Det gjorde i grunn ikkje så mykje. Då vi kom inn att i tussmørke var det små, men kjempeartige surfar inn mot stranda. Bonussurf!

Er det mogleg å få noko surf innover her då? 


Sjølv flatt hav byggjer surfebølgjer inn  mot stranda! Foto: Anne/Jørgen

Jørgen i farta I! (Foto: Anne/Jørgen)

 Jørgen i farta II! (Foto: Anne/Jørgen)

Det er stor skilnad på å hoppe av bølgja i tide, og å ikkje gjere det... Det vart både bading og rulling. (Foto: Anne/Jørgen)

PAUSE!! Ekstremt mykje fine kajakkar i venneflåten denne helga. 

Representative glis før siste surfeøkt

Bra folk - bra plass - bra hobby! 

Eg surfar inn i solnedgang (Foto: Anne/Jørgen)

Bygever og vind på veg inn. 

Det vart ei litt ruskete natt i telt siste natta. Så då var det greit å vakne til null bølgjer og null stress på søndagen. I alle fall for oss vestlendingane. 

Det er alltid triveleg å bu på Hoddevik strandcamp, nærare stranda kjem ein ikkje! Enkel standard og god service, reint og ryddig. Her er all slags folk frå badande småbarnsfamiliar til hippe surfefolk, utanlandske bubilturistar og oss kajakkpadlarane då sjølvsagt. 

Så då er det berre å vente på neste høve til Hoddevik-tur? 

fredag 27. juli 2018

Fyrsafari på flatt hav til Flåvær

27.07 Plan C på padlehelga var iverksett pga uføresett kajakkbytte. Dagen var framleis ung. Vi landa på at ettermiddagstur til Flåvær var passeleg bonus, på ein allereie bra dag! Sola steika og det var sydenvarme både på land og i sjøen. Padling i T-skjorte med øving på svingteknikk og leiking er sjeldan kost! Speglblank sjø, godt selskap og eit hav av tid. Sommaren vert ikkje betre enn dette!

Turist i eige omland! (Foto: Jørgen)

Anne med kurs mot Flåvær

Klassisk flåværstemning

Mildrid

Oisann! Padlarar sett framme i frå! 

...tilbake til normalen - fin gjeng - sett bakfrå!

Beinstrekk nr 1 med fyrsafari

Innover Flåværet frå fyret

Det var fleire niser som leika seg i sjøen rett nedanfor fyret. Rundskue 360 grader mot Stad, ope hav, Skorpa og innover Sunnmøre. 

Flåvær fyr - lekkert frå sjøen!


DER! Holmelanding, med beinstrekk nr 2, kveldsmat og bading

Mildrid og meg (Foto: Aili)

Farvel Flåvær! 

Vi sette kursen mot hemmelegstranda og etterkvart nye eventyr i Hoddevika