søndag 28. august 2011

Bading på Blimsanden

Ålesundhelg med søstra på besøk. Etter bylaurdag vart det tur til Blimsanden på søndag (21.08). August er per definisjon sommar, så det skulle grillast og badast.


Kaldt, men kjekt. Artig med bølger!




søndag 21. august 2011

Rulletrening på Emblemsanden

Endelig var det tid til litt teknikktrening etter lang sommarferie. Susan hadde vore på Stokkøya og trent på rulling med jentene sine. Sygni hadde brukt tida med venner og kjente på rulletrening, og eg hadde vore nordafor på ASKR og stort sett padla rett fram..


Halsmansjetten i tørrdrakta mi revna totalt i det eg tok på meg drakta. Bra start... Men trening vart det! Her tek Sygni si første rulle - og det ser jo lett ut??


Yeah! Koden er knekt!!


Så må eg til pers. Susan er pedagog: - Start med litt sculling, du.

Det er berre det, at når eg vert hengande slik under vatn, så gløymer hjernen min alt den har lært. KOM DEG OPP - skrik den. Og eg veit ikkje heilt kva som er opp, bort, høgre venstre eller aller minst KVAR åra befinn seg i denne underlege 3D verden.

Sveiprulle går ikkje, men eg er på veg med noko med butterflyrulle. Kjem meg no opp av og til, på eit vis. Øving gjer meister - og her skal det øvast!

Sygni ruller vidare

Nydeleg - ikkje sant?

Susan må demonstrere til slutt. Filmen er litt rar, og det skuldast frostskjelving hos fotografen. Det er ikkje SÅ varmt med tørrdrakt som etterkvart inneheld litervis med vatn.. (Sjøtemperatur ca 14 grader)

Nydeleg fint å trene i Sunnmørske kulissar i augustkvelden - takk til Susan for toppers instruksjon, og Sygni for metervis med motivasjon!

Godøya

11. august. Ein liten kveldstur for litt frisk luft? - Godøya då? seier Trude.

Her har vi komme oss ut på sørvest-tuppen, etter ein kjempefin tur frå Alnes opp til vatnet og ut langs kanten.
Det kjendes som å gå med ein fot i havet. Flott utsikt mot Flø og Runde! - Skal vi gå ned her, seier Trude på steinen. -Nei, seier eg. -Eller forresten, det ser då ikkje så gale ut? Jau, det gjer vi!

Her gjekk vi altså ned. Griseflaksen var på vår side, vi fann hjortestien og kom oss ned. Det var truleg DEN EINASTE måten å komme ned utan tau... Kveldsturen hadde blitt ein spennande ekspedisjon - adrenalinet pumpa og vi plukka flått og stikkenåler frå dei merkelegaste stader på kroppen. 

Heimvegen gjekk langs stranda, på kule berg, med drivtømmer, jettegryter og mykje spennande å sjå på undervegs. Sjekk ut Trude sine flotte bilde herifrå. Solnedgangen var vakker, men og eit skremmande varsel på at kveldane vert kortare og hausten er i siget.

Start og stopp på Alnes - som er ei vakker og annleis lite bygd yst på Godøya. Kjent for gode vaflar på fyret om sommaren, fin strand og flotte surfedønningar.

12,5 km kveldstur - fin runde.

fredag 19. august 2011

Reine - Bunessanden

Siste stopp i Lofoten. Reinebassenget skulle utforskast. Kjerkfjorden og Bunessanden var anbefalte plassar, og sidan vi ikkje har vore her før så gjer vi som vi fer beskjed om.
Førsteinntrykket av Reinebassenget var fenomenalt - her gler vi oss til å padle!

Ut på tur igjen - litt støl og stiv

Taramtitei - på veg inn Kjerkfjorden. Som vistnok har profilert seg på TV som ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu..

Kjerkfjorden sentrum. Ryktet om ein fastbuande gjorde at vi lunsja på den andre sida av fjorden. Vi mengar oss jo ikkje i utrengsmål.

Bunesfjorden. Her fekk vi vår første tidevassoppleving. Det som ser ut som ein stor fjord på kartet viste seg å vere eit 3 meter djupt basseng, med ein stor holme i utløpet. Vi kom på fallande sjø, og det var med nød og neppe vi kom oss inn i fjorden i det heile. Teltet vårt nede til venstre. Etter at vi hadde slått leir så fjæra heile fjorden ut.

Kveldsturen gjekk over haugen og ned på Bunessanden på yttersida. Den finaste stranda i Lofoten? Vi hadde bestilt bading-i-midnattssol-oppleving. Det vart det ikkje. Stranda var imponerande! Det er den aller største eg har sett! Frå vi kom ned på sanda var det minst eit kvarter å gå før vi kom ned til sjøen.

Midnattsol eller ikkje midnattsol. Bading vart det.

DRITKALDT!! Men utruleg artig. Kongebading! Kongestrand! Vi måtte uti i fleire rundar. Skikkelege bølgjer. Hadde det berre vore 10 grader meir i sjøen hadde eg aldri reist heim!!

Solid siste leirfrukost må til..

..når kajakkane og alt utstyret må berast i kilometervis for å finne vatn.

På veg ut att møtte vi floa. Ein vegg av vatn. Fossande vatn som ei stri elv. Ikkje padlbart. Det vart vassing i kanten og sleping av kajakk. Takk og lov for tørrdrakta.

Rein(e) idyll

Tilbake i Reine. Snipp, snapp snute og Lofoteventyret var over for denne gong.

Klikk på kartet for større utgåve.

27 km totalt.

torsdag 18. august 2011

Lofoten

4 dagar i Lofoten i knallvær er for lite, og eg vil tilbake! Fantastisk natur. Dagleg bading, faktisk meir enn på ein gjennomsnittleg sydentur.
Henningsvær

Rørviksanden

Tørrfisk frå Ballstad - på Skjærbua i Stamsund

Svolvær by night

Det kulaste skulpturlandskapet - Lyngvær (?)

 Kveldsbading i ferskvatn - Kabelvåg

Ramberg

Ein ekte Lofottorsk skal vist hamne på veggen..

Svolvær

Nordlandsgull til bestemødrene plukka på heimvegen

lørdag 13. august 2011

ASKR Maraton

For å fullføre ASKR må ein gjennomføre "Ramble" og "Maraton". Fredagen kom. Vi var klar på startstreken til rett tid.


Vi hadde bestemt oss for å ta det som ein tur i vårt eige tempo. Første del var det så grått at vi ikkje såg  Skogsøya i det heile. Etter to timar letta det litt, og vi var på yttersida av øya. Her vart vi på førehand advart mot store dønningar og retursjø. Så her var det havblikk. Klokka 12 var vi sultne og gjekk i land for å ete lunsj. Det skal ein vist ikkje gjere når ein padlar maraton. Det førte til at alle dei andre padla forbi oss.

Landing i litt heimlege svaberg. Deileg å padle tomme kajakkar att.

Kva er dette? Team Blücher hadde skifta side og var no i følgjebåten.
-De er heilt sist, ropte dei. Det hadde vi no forsåvidt kontroll på sjølv og.

Timen etter lunsj hadde vi medsjø, og det var lett å padle. Vi vart lurt. I eit glimt der så tenkte eg at dette går no greit.. ! Då vi runda sørspissen av Skogsøya vart det motvind og sidesjø. Ikkje dramatisk. Berre nok til at det vart litt tungt. Og surt. Vi såg Tindsøya, og både Nina og eg tenkte at det var ein 3-4 km att. Men det var det ikkje (fasit: 12 km).

For kvart nes vart det litt meir motvind. Eg begynte å kjenne resignasjon og hat. - Eg skal aldri padle meir, tenkte eg. Hatet vart sterkare og sterkare. 1,2,3,4, nye 1,2,3,4.  4 tak om gongen. Det greier du. Stygge ord vart mumla med stadig kortare mellomrom.  
Maraton er berre 5 km FOR langt.  

Det var grått. Eg hata. Då eg runda inn vika til Skipnes hadde eg mest lyst til å grine. På kaia stod ein hustrig gjeng som klappa og ropa. Det hadde dei gjort i timesvis, først til verdenscup-folka som konkurrerte på alvor, deretter til oss maratonarar. Det var faktisk veldig kjekt.

Padlemia fekk med seg målgangen. Eg ser at eg sitt oppreist i kajakken, men det kjentes ikkje slik ut i gjerningsøyeblikket

42 km. 6 timar og 20 minutt (med 40 minutt lunsjpause). Tur eg vart ca nummer 25 av ca 30 startande.

Velfortjent avslutningsmiddag med nydelig fisk. Litt mindre hat no.

Festen var bra, vi sov lenge og somla oss inn til fastlandet (14 km padling). No gjekk det på stumpane. Vi måtte tigge til oss litt sportstape, og all nødprovianten vart oppeten på veg innover.


ASKR 2011 - ei stor oppleving. No var det over. Slutt. Finito.

Ferien derimot, DEN var berre såvidt begynt!

fredag 12. august 2011

Til topps på Tinden

Kva kan ein gjere på ein kviledag? Sidan vi var på ei øy med ein topp som heitte Tindstinden så vart det naturlegvis fjelltur. Etter å ha lært at "Long" betyr langt og "Race" betyr å padle fort, så rekna vi med at Tindstinden var bratt.  
Til topps på Tindstinden (468 m.o.h)

Vi kom sjølvsagt opp - ruta ca med raudt her, og det var bratt men greit.

Utsikta var fenomenal. Det mest imponerande var likevel våre italienske venner som gjekk opp med motorsykkelstøvlar...
2 arrangørar, Askvoll padleklubb, Stormdamene frå Tromsø og dei galne italienarane. Kremen med andre ord.

Sjå nøye på øya i bakgrunnen. Det burde vi ha gjort og. Den heiter Skogsøya, og maratonløypa (neste episode..) går rundt denne øya.  

Det vart nokre stopp på heimvegen og....

Sidan turen allereie hadde teke dobbel så lang tid som guiden ville ha det til, så sosa vi oss bort til den gamle handelsstaden Tinden.

Her bur det ei sprek dame som held liv i Krambua etter bestefaren, held handelsstaden og hagen vedlike etter alle reglane til Riksantikvaren og serverar verdas beste vaflar med rabarbrasyltetøy!

Vaffeltrappa


Slik ser altså eit ekte Riksantikvarblomsterbed ut. Vakkert.