Viser innlegg med etiketten Sopp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sopp. Vis alle innlegg

mandag 28. september 2020

Septembernatt i naturen

26.-27 september

Natt i naturen - prosjektet skrid fram, og vi var klare for 9 av 12. September har vore våt, og vi var førebudde på ei haustleg natt ute. Staden har vi snakka om sidan vi gjekk forbi i skiløypa i vinter. Tjønnebru viste seg å vere ein fin stad om hausten og. Her fann vi le for vinden, solide tre og sjølvsagt rikeleg med ferskvatn. Vi har blitt god på å plukke dei fine dagane, og har hatt litt flaks. 

Vi støtta det lokale næringslivet med bompengar, og prioriterte kos framom slit. Det vart difor med rikeleg med ved, mat og klede. 

Tjønnebru mot Mevatnet

Utsikt mot Akslevollvatnet frå køya

Eg blir aldri lei av hengekøyeperspektivet! 

Vi starta pent, med ambisjonar om indianarbål, og det heldt til både grillpølse og fajitas. 
Solnedgangen kjem tidlegare og tidlegare no, og skumringstimen vert lenger og lenger. Fin temperatur og etterkvart ein stjerneklar kveld...

Det var så flott stjernehimmel, at eg måtte sove med linsene på! Eg vakna eit par gonger og kikka opp i universet. Søvnen tok meg kvar gong, men det var nydeleg så lenge det varte. Her inne er det ikkje noko lysforureining, så natta vert ekstra klår, og stjernenen nærare enn nokon gong. Eg sov så godt at det måtte vekkeklokke til for å få meg opp! Septembernatta var sjarmerande behageleg.    

Køyene i skogen. Eg må finjustere vinkelen litt betre neste gong. Underlaget (og eg) seig litt nedover, utan at det gjorde så mykje akkurat denne gongen. 

Morgonkaffi i morgonsol smakar ekstra godt! 

For ein morgon! For ein dag! 

Vi hadde snubla i eit par kantarellar dagen før, så på heimvegen vart det sopptur. Synnøve hadde allereie fylt opp lageret, men det var mi første soppjakt for sesongen. Artig å finne kjente, trygt spiselege soppar med super kvalitet. Det vart ein skikkeleg bonus på heile septembernatta. 

Kantarell og piggsopp

Bra fangst!

onsdag 17. september 2014

Sopptur!

13.09 Laurdag. Nydeleg fint haustver, og eg labbar inne i ein halvmørk og tung granskog på ein strengt hemmeleg stad på Sunnmøre. Det er grunnkurs sopp i "Synnøve Lundes Uteskole". Eg har aldri vore på ein slik seriøs øyremerkt sopptur før, og er spent på resultatet.

Føresetnadane for grunnkurset var klare: Eg fikk ikkje seie eit pip om kvar vi hadde vore, eller drive å spørje om alle moglege soppar. Denne dagen fokuserar, plukkar og konsentrerer vi oss om dei sikre!

I starten fann eg berre soppar på tre. Dei var per def. irrelevante denne dagen. 

Her begynner det å lukte fugl... eller kantarell i alle fall!

Skogens gull!

Første staden var bomtur i forhold til sopp. Vi fann litt, men det var langt mellom. Det var ein heil del andre ting å sjå på i skogen, og eg er jo aldri på slike plassar. 

Kjempediger maurtue

Soppmeisteren.

Lokalitet nr 2 var av ein heilt anna kvalitet, og eg vart så ivrig at eg gløymte å ta bilde. Synnøve viste meg traktkantarell, og elles held eg meg til kantarell og piggsopp. Etter å ha vandra og plukka gjennom heile skogen kom eg ut langt nede i bygda. Bra at dei andre deltakarane hadde litt meir kontroll på både kvar dei var sjølve og kor vi hadde sett bilen... Eg var rimeleg blank ei stund der inne i halvmørkret. 

Mi første soppkorg! Svært nøgd!

Dette var kanskje den aller mest lærerike dagen i uteskulen til no. Takk for turen!

Heime vart det rensing, forvelling og tørking. Eg var glad eg ikkje hadde plukka meir sopp, for det tok si tid. 

Traktkantarellen og litt kantarell vart tørka over natta. Mesteparten av kantarellen og steinsoppen vart kokt opp i eiga kraft og fryst.  

Erfaring: Sopptur er gøy. Det minkar litt (faktisk ganske mykje) etter rensing/forvelling. Smørsteikt fersk sopp er kjempegodt! 

Nokre dager før på Gjelsvik gard: 
Karianne på si side har sørga for hovudingrediensen - ringdue!
No ser eg fram til felles søndagsmiddag med kortreiste råvarer etterkvart!