tirsdag 29. oktober 2019

Alnes

26.07 Kjekk dagen derpå-økt på Alnes. Eg hadde ikkje med kamera, men Øystein hadde.... Store forhold på tuppen, fine bølgjer med veldig mange brettsurferar på stranda, og fin lita bølgje på innsida. Vart nokre fine kontrollerte surfar, og eit par litt mindre kontrollerte. Lite fart i surfen og sterkt sideveis drag i sjøen var utfordrande nok. Herleg økt!

Ups. Litt bakpå. Hakket før eg rulla, men det vart ein grei dunk før vi sklei forbi kvarandre. 
Foto: Øystein Pilskog/Kajakkguiden

søndag 27. oktober 2019

Båre og brott på Vigra

27.10 Vind og bølgjer frå nord betyr potensielt mykje gøy i området her. Søndagen stilna vinden, men det var framleis mykje drag i sjøen. Vintertid og snø i fjella. Vi starta med ei sjeldan fin surfeøkt på Blimsanden. Litt drilling på baklengssurf gjorde godt, det var lenge sidan sist! Deretter var det utforsking ved stakar og skjer. Sjølv om det var grått og vasskaldt var det greit å vere i aktivitet - så lenge pausane på land vart korte nok. Øystein hadde "djupdykk" som tema for dagen, og gjennomførte med stil. Brotta er fine på den måten at ein kan velje kor nær ein vil vere og kor mykje sjøsprøyt ein vil ha - så alle kan få tøye si eiga komfortsone.

Blankstille innom skjera, men godt drag i sjøen utanfor. Grått, men flott! 

Øystein køyrer på! Rockhopping er ikkje like lett å berekne, så her vart det skrammer, men heldigvis berre på utstyret. 

Favorittstaken? 

Bølgja ved sidan av staken er flott, men vanskeleg å treffe.

Hårfint for langt unna... (Foto: Øystein/Kajakkguiden)

Venting er ein del av gamet

Bildeserie av eit av Øystein sine djupdykk: 

1. Ser lovande ut! Her vert det surf!

2. Ups, kjem litt bakpå her

3. Ups... kvar vert det av kajakken no?

4. Skikkeleg UPS UPS! Kvar vart det av mannen? Vi gjer oss klare for redning...

5. Kva skimtar vi der?

6. Hammeren stig opp frå djupet. 

7. Våt, men glad. Spytta ut like heil og rett veg. Kven skulle trudd det! 

Roger testar ny leikeplass.
Borti her har vi nesten ikkje vore før - men det var fine skjer og ei veldig artig spretten lita bølgje! Det vart etterkvart nye djupdykk. 

Transportstrekka vart totalt 6 km - og sikkert like lang padling att og fram i surf og brott. 

søndag 20. oktober 2019

Havsteinen

20.10 Lat søndag. Kva med ein tur i nærområdet? Rett utanfor der eg bur ligg faktisk ei bittelita øy som eg aldri har padla til: Havsteinen. Det er kjekt med oppdagingsferd og besøk på nye plassar! Då vi for ut var det ein flott og solfylt haustdag, men det vart fort grått og hustrig. No er det berre å akseptere at sommaren er på hell og vinteroppsettet må vere klart! Tur er topp, men no utover er det greit å halde seg i rørsle.

Havsteinen - arkivfoto (august 2018)

Flott oktobersøndag på Sunnmøre!

Herleg på fjorden, rett utanfor husdøra. 

Det kunne jo ikkje vare, vi såg det kom ymse i horisonten

Fjæreplyttar? 

På toppen av øya satt det to ørner og flørta med kvarandre medan dei heldt eit auge på oss. 

Hey hey! Her kjem det fleire! 

Kort kald beinstrekk og niste på land. Eg fekk ikkje med meg nokon på topptur, med argument som dårleg fottøy o.l. Så eg må utover hit ein gong seinare, med meir enn neoprensko på lur!   

Om dagen vart gråare så gjorde det ikkje noko. Vi stiller med eigne haustfargar. 

Alnesbygda glitra i horisonten

Snirkling

Havsteinen ber namnet med rette - det er ein stor stein!

Ut på tur - aldri sur! Foto: Tommy

Tur/retur 8 km. 
Førstereis til Havsteinen unnagjort. Perfekt tur på ein litt lat søndag. 
 

mandag 14. oktober 2019

Mørkepadling i måneskinn og morild

13. oktober
Vi la ut ved solnedgang, med store forventningar til kvelden. Det er kaldare og mørkare no, men naturopplevingane kan likevel vere store og frisk luft gjer godt!

Sola går ned

Klar for mørkepadling

Denne dagen ville vi ha minimalt med lys. Det var ein trekk i mot, både i sjøen og i lufta. Vi snirkla langs land, såg ein oter og ein hegre. Ingen sel heime i vågen i dag. Skyminga kom fort, og etter ei lita stund såg vi ein gul sigd som steig opp frå fjella i aust. Månen steig raskt, frå flis, til halv, så nesten heil over fjella. Stor,  gul og rund - og eit svart/kvitt kaldt lys spreidde seg utover landskapet. 

Eit stjerneskot fall over Lepsøya, og vi granska den mørke sjøen nøye. Er det morild her? Vi såg ikkje noko, kanskje eit lysglimt her eller der, og var nesten litt skuffa. Då vi snudde fekk vi super medsjøpadling - det gjekk kjempefort - og lett! Skuffelsen var gløymt og hu hei kor det gjekk! 

Sjølfie.  

Brått var det action! Det gneistra og skein i vatnet. Kanskje månelyset gjorde at planktonet gjekk djupare? På omlag ein meter, då vi drog årene gjennom vatnet skjedde det mykje! Det minna om stjernestøvet frå tryllestaven til Tingeling, eller kanskje gneistrane frå eit bål. Vi vart sittande å plaske med årene i minst ein kvarter. Utruleg fasinerande. Lene hadde mange morildhistorier frå sommarferiar på Sørlandet, så eg skjønte at det var ei morild-light oppleving vi hadde denne kvelden. Likevel veldig stilig og artig! 

Månelys, finsnirkling i mørkret mellom skjer og steinar, småsurf på revet og ein skikkeleg surf inn på stranda! Mørkepadling altså!



t/r 13 km