torsdag 12. juli 2018

Sommarsurf i godt SELskap

11.07 Sommarsurf på Alnes! Herlege dagar inn mot ferie, med lange kveldar og eit hav av moglegheiter! Når tidevatn, surfevarsel og tidspunkt for VM kamp England - Kroatia passar perfekt til ei 4 timars surfeøkt om ettermiddagen, er det berre å nytte høvet. Ingen vind og fin dønning! Vi for ut på stranda først, men der var det eit yrande liv av badande ungar og surferar, og lite plass til oss. Bølgjene var så bra og surferane så flinke, at mange av dei tok heile bølga på tvers. Eg vil heller ha ein eventuell ukontrollert sidesurf med risikoen for å treffe ein stein enn ein person. Vi for difor på yttersida og surfa inn mot dei steinete strender, og det var faktisk veldig flotte forhold for kajakk der.   
Glitterhav og sommarsurf

På bølgejakt

Heisann!

Det var brått ein skapning til i lag med oss. Svart hovud som stakk opp i surfen både framom og bakom. Selen leika seg med oss, dukka, følgte etter kajakkane og surfa parallelt med oss. Artig kar. Han verka ikkje redd i det heile tatt. Stålkontroll i det våte element. Skulle hatt litt av den smidigheita der i vatnet!   


Tre musketerar

Surf

Så vart det surfing og ikkje fotografering resten av kvelden. Kanskje Edd kjem med ein kul goprofilm etterkvart? Fine sett og nokre veldig fine surfar. Begynner å skjønne kvar eg skal ha trykket på pedalane for å styre. Litt korte surfar for å få dreisen på leninga, men klarte å styre fleire av dei. Framleis mykje å gå på med å fange dei rett og få timinga heilt på plass. Misser på ein del og fekk både bada og rulla. Nokre skikkelege monsterbølgjer var det og, som det var heilt greit for meg å halde meg unna. Kjende ikkje at eg var sliten på sjøen, men var segneferdig då eg kom heim.  Med andre ord ein bra dag på sjøen!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar