tirsdag 10. oktober 2017

Merafta (576 moh)

9.10.17 Merafta er den høgaste toppen på Yksnøya, og namnet tyder mid-aftan. Vi hadde planlagt ein meir omfattande solskinnsfri, men hastemøte på jobb sette ein effektiv stoppar for det. Eg var likevel godt nøgd med nok ein tur utan hodelykt, og ein ny topp på lista. Synnøve hadde vore her før, og guida meg gjennom skogsvegar og stiar frå Gudmundset.

Topp utsikt frå Merafta

Turen gjekk på god sti gjennom tett skog, 

...langs idylliske vatn (i alle fall eit), 

...og gjennom furuskog med vridde gamle krokstammar. 
Etterkvart kom vi opp over skogen med nydeleg utsikt både innover og utover Storfjorden. Melisdryss på fjelltoppane og låg haustsol. Det var vindstille og fint og vi tok ei brødskive på toppen.

Utover Storfjorden mot Sula og Ålebyen

Innover mot Sykkylven. Fjellet Råna i all si prakt ser verkeleg ut som eit segl frå denne vinkelen. 

Innover Storfjorden, Sjøholt til venstre og Røneset (til Severin) rett over fjorden 

mandag 2. oktober 2017

Lotsstøylen og Høgefjellet (1022 moh)

1.10.17  I utgangspunktet ein køyredag, med både regn og vind. Då vinduspussarane tok ei pause vart vi sittande litt raustlause å vri oss i bilen. Skulle vi ha lufta oss på vegen? Vi fann ut at det var nokre støylar i lia bak Lote, og vipps var vi på tur dit. Det viste seg å være køyrbart opp på Lotsstøylen, og derifrå gjekk vi vegen på Høgefjellet. Friskt og sterk vind på toppen. Nydeleg utsikt og skiftande lys over haustfarga lier. Enkel luftetur med stor utsikt! 

Kjappe høgdemeter etter Lotsstøylen. Magisk lys. 

Over mot Hyen og Gjegna-massivet

Keisamt, men effektivt å gå etter vegen. Snart var masta i sikte.  

Hornindalsvatnet i all si prakt. Kjente fjell til venstre: Sunndalsnipa og Eidskyrkja. 


Ålfoten inn til venstre og ut Nordfjorden til høgre. 

Halvøya med Anda fergekai ytst og Gloppefjorden bak
  
Lunsj på støylen med fin utsikt mot Hyen og spennande ukjende fjellområde.

Ca 4 km og 650 høgdemeter ein veg.