søndag 27. oktober 2013

Søndagspadling på Molnes

Søndag 27.10. Padling frå Mallavika til Molneslykta t/r. Kjekt å vere på sjøen. Var litt rusten på teknikk etter mykje turpadling med grønnlandsåre.

Herleg passeleg rørsle i sjøen - fantastisk lys

Lunsj ved Molneslykta

Forstyrra han her karen i middagen...

..og slik går nu dagan...

8 km med utforsking og leik. Nydeleg oktobersøndag. +10 grader og fra litt vind til ingen vind i løpet av dagen.
Rulla fekk eg ikkje til i dag og det var litt ergeleg, no som det har gått så bra så lenge.
MEN, det kjem fleire dagar for rulling. 


Friskt på Storhornet

Laurdag 26.10 Kjekt med turfølgje som stiller uansett ver - sjølv om det freista å verte liggande i senga då eg såg ut glaset. Avtalen var at vi skulle snike oss ein tur mellom bygene, og det greidde vi sånn omtrent! I kuling var det ein frisk, men herleg tur på Storhornet. Flott start på helga - og takk for turen!

Vindrossene fekk skikkeleg tak oppover ryggen

Flott lys - Sukkertoppen i det fjerne

Dagens teambilde!

onsdag 23. oktober 2013

Cirkumnavigasjon Kvamsøya

Etter besøket på Haugsholmen fyr gjekk tida litt frå oss, og jakta på teltplass starta. Plan A - Sandsøya var utanfor rekkevidde, og Plan B - Kvamsøya var ikkje så freistande heller. I Eldevika var det for bratt og steinete og på stranda innafor hamna vi enten rett på dyrkamark eller i eit område der det lukta gylle/roten tare.
Riste og Sandsøya bak

Over sundet låg det eit fråflytta småbruk. Det lokka og drog. Vi har tid til å padle over? Det ser dårleg ut med livd der borte? Kan det vere rekved i fjæra der? Vi er generelt skeptiske til å overnatte på den ytste aude ø når meldingane for neste dag inneheld litt vind. Men...

Kor koseleg er det her då! 

Eg hadde lese noko om at dei livnærte seg med losing, fiske og tarebrenning her, og døypte huset for losmeisterbustaden. Ein kollega av meg hadde mumla noko om ei villsauøy - og vips:

Villsauane dukka opp over kammen, lest som dei et, og sjekka oss ut. Dei var nett som spøkelseskladden. Ingen. Mange. Ingen. Mange. Lydlaust. 

Riste var som ein grøn og frodig bit av Færøyane som tilfeldigvis var plassert her mellom dei trauste norske steinete øyene. 

DESSERT!

Nina hadde hamstra på Askvoll Sjømat og Delikatesser. Livet på Riste starta med ein kongedessert. Tre lag, kvit sjokolade i botnen, vanleg sjokolademousse i midten og ein solbærsak på toppen. Det var vannvittig godt. Påfyll av ca 2000 kaloriar gjorde seg før vi skulle starte på "dei daglege" gjeremåla i halvmørkret. Det var kjempelurt å dure på med desserten først. Det var noko hustrig med 2 plussgrader og frisk bris (minst). 
-Det vert ikkje bading denne helga, seier eg. -Brrrr, nei, seier Nina.    

Blåtimen på Riste

Soria Moria. Nei, det er ikkje kunst, berre ein kombinasjon av mykje zoom og lite lys. 

På vedsankinga fekk vi godt utsyn til Svinøy fyr. Dette er det mest utilgjengelege fyret i Møre og Romsdal. Det er skikkeleg "Soria Moria". Korleis i svarte skal vi komme oss dit?

Sjå! Vi lagar mat. 

Arinbjørn si scampigryte har blitt ein favoritt, så i dag vart det ein ny variant av den. (Karianne: Nina krevde at eg måtte vise deg matbilda som bevis på at vi kan meir enn å åpne boksar). Det smakte fortreffeleg, og frisk basilikum var prikken over i-en. Kanskje ikkje heilt autentisk losmeistermat, men pytt. 

Fakta om Riste frå diverse nettsider:
- Ureint farvatn, inga kai, fiskerikt.
- Lang tradisjon for busetnad på øya, fråflytta i 1964
- Huset restaurert i 1994 av Ristes venner (kan leigast)
- Naturreservat for hekkande sjøfugl (ilandstigningsforbud 1. mai - 31. juli m/ unntak for sti til toppen)
- 2. verdskrig: Karane frå Kvamsøya for ut om natta og høyrde radio her. Øya låg så verhardt til at ingen tyskerar sette sin fot der under krigen. 

Nyare, oppdatert fakta frå Riste: 
- Det finst nesten ikkje søppel (rek) på øya, men heller ikkje eit fnugg drivved. 

Her skulle det ha vore eit koseleg bålbilde. Men dette er det dårlegaste bålet vi har hatt. Nokre få store pinnar, gjennomtrekte av sjøvatn og pill rotne. Det vart no fyr, men lukta død og gav ingen varme. Det som derimot var kjempekult var fullmånen! Vi traff på SJØLVASTE fullmånenatta, og det vart berre lysare og lysare utover. Skuggane var skarpe og lyset var kvitt. Sjøen blenka og det var rett vakkert. Vi kraup inn i kvar vår fjellduk og vart sitjande så lenge vi orka. Utpå kvelden hakka eg tenner og hadde berre lyst til å legge meg i den tjukke deilege varme vintersoveposen min. Ahhh.....! ZZZZZZZZ

#Månelyst

"I Østen stiger solen opp", sang farmor då eg var lita 

Perfekt plassert, i le av ein gammal fjøsmur, 1 grad helling rett veg (mot fotenden) og med utsikt til morgonsola på Stadlandet. Nok ein terningkast 6 teltplass. 

Over til Dollsteinen. Der borte er det ei kjempestor grotte. Vi hadde tenkt oss dit i grunn.

Slåmaskina.

 Eg lurer på kva han tenkte, han eller ho, som sette frå seg slåmaskina for siste gong. Skulle dei ta att resten i morgon? Skulle dei vente til over helga med å sette den på låven? Hadde dei eit håp om at nokon andre skulle komme og slå, no når dei sjølve ikkje orka meir? Fabulerte dei om at tilfeldige padleturistar skulle komme att og sjå på slåmaskina 60 år seinare?

Sola varma, egg og bacon til frukost, klar for padling! 
Oktobercamping er undervurdert. Eg er happy. 

Farvel Riste! 
(eller Færøyane, etter som ein ser det)

Riste var ei vakker øy. Eg er berre så glad for at vi landa der. Stor stas. Vi kryssa over til Sandsøya, men droppa Dollsteinen. Realistisk sett kom vi ikkje til å rekke det før det vart mørkt. 

Maks zoom på Svinøy fyr. 

Herifrå er det 13 km med INGENTING ut til Svinøy. Ingenting, med mogleg unntak for stor dønning, skumle brott og vindfang så det held. Eg fabulerte på prosjekt Svinøy, følgebåtar og andre ulumskheiter på kryssinga over til Sandsøya. Herleg rørsle på sjøen, litt dønning, litt bølgjer. 

Søndag, og vi sette kurset rett mot Sande kyrkje. 

Eg likar å padle i vikinghistoria. Soga fortel at då kong Olav Trygvason kom frå tinget på Dragseidet i 997 på veg til Trondheim, la han til lands på Sande for å avvente betre veir. Det var ein overhendig motvind frå nord i Haugsfjorden og rorskarane trong kvile. Dei drog skipa opp på sanden, og kongen og hirdbispen gjekk i land. Medan dei gjekk der og såg seg rundt, stogga kongen litt ned for der kyrkja står idag, sette eit kors i bakken, og baud at her skal det byggast ei kyrkje (effektiv plan- og bygningslov i dei dagar).

Sola varma og det vart hildring ute i havet. Stad t.v og Riste t.h. i lause lufta

Innover var det "melis" på fjella. 

Rundt Voksa var det utruleg fint. Masse små stein og holmar, grunt og idyllisk. Stor kontrast til dønningen lenger ute. 

Voksa. Lunsj. Utsikt til neste etappe nedover Hakallestranda på fastlandet.

Skarvebilde, forsøk nr 1023.

Det var eit godt vegval å padle over til fastlandet. I livd for nordausten vart det speglblankt. Medstraum gjorde at vi for avgarde utan å bruke ein kalori. Sola varma skikkeleg (ja, og det er litt rart så seint på året!).

Nina speglar seg med Storholmen framom og Kvamsøya bak.

Vi dampa i tørrdraktene, og kom inn på temaet bading. Svett og tøff i trynet. Bading ja, det her vert greier. Litt mindre tøff då stranda låg i skuggen, og i tillegg var frosa. Brrrrrr. Eg kler av meg. - Skal du ta av deg sokkane? Nina er forundra. Sjølvsagt skal eg ikkje det.. Bading med sokkar vart det. Grueleg kaldt. 

Sandviksanden

Fantastisk oktoberdag - Kvamsøya er cirkumnavigert - 20 km padling


Note to self
 - begynn å ta med eit par tørre vedkubbar
- ting tek lenger tid når ein ikkje er kjend 

Kvitkinngås - etterslengarar på veg mot sør. 
(Bildet er fargeredigert)

tirsdag 22. oktober 2013

Haugsholmen fyr

Nina og eg hadde øyremerkt helga 19.-20. oktober til padletelttur. Begge har hatt det travelt, så planlegginga var mangelfull. Vi vart einige om å møtast i Sandvika i Vanylven, ta det derifrå, med øyane i Sande kommune som mål.

Medbrakt ved og skikkeleg god stemning på Sandviksanden.

Ved småbåthamna i Sandvika er det lagt til rette for camping, med teltplass, grillar, utebord og sanitæbygg. Flott strand, og like ovanfor ligg Hakallegarden

Sivilisert camping første natta - Sandviksanden var flott utgangspunkt for padling. Rivjehornet på Stadlandet i bak.

Ei lita påminning på campingen - her ute skal ein ha respekt for naturkreftene. Vi definerte glatt padling som "ror" og tok med oss signinga på vegen.

Vi tok sluddbygene med stor ro. Havet var flatt, og vi såg ut på Kvamsøya (nærast) og Sandsøya (bak) som skulle vere leikegrinda vår i helga.   

Første stopp var Haugsholmen

Her var det berre digre hus, og fordums prakt var tydeleg, trass forfall på nokre av bygga. Herregardshus med park og diverse næringsbygg fylte hamna
Wikipedia: Frå ca 1700 var Haugsholmen lensmannsgard og tingstad. Det vart bygd opp handelsstad som seinare i hundreåret fekk status som privilgert gjestgjeveri. Kai og rutesamband frå 1904. Post og telegraf. Tilverking og handel med fisk var viktig næringsaktivitet, og frå 1920-åra til 1960-åra var ein sildoljefabrikk i drift.

Det er no 6 fastbuande med diverse husdyr på øya, og det er eit vennelag som tek vare på kystkulturen og arrangerar åpne dagar på øya samt verdas kortaste motbakkeløp. 

Herregarden på Haugsholmen

Losbåten i arbeid. Ut for hente avtroppande los på lastebåt (t.v). Full fart heimover etterpå (t.h). Ikkje noko ekstra slakk for eit par padledamer i leia, nei..

Neste holme var høgdepunktet for dagen: Nytt fyr!

Haugsholmen fyr

Haugsholmen fyr ligg logisk nok ikkje på Haugsholmen, men på Frekøya. Dette er eit innseglingsfyr. Det var bemanna frå 1876 til 1979, då det vart automatisert.

Fyret med "Stålet" på Stad bak

Entusiastisk fyrturist!

Utsikt frå fyret over Vanylvsgapet og mot Stad'en

Ruta vidare mot Kvamsøya

- HØØØØY, ligg unna kajakkane, brølar eg. 24 par uskuldige blikk i retur. -Ej he no ikkje gnagd på det slag ej altso? - Kan de forklare kvifor det er klauvspor på spruttrekket mitt då kanskje? - Who? Me? Flokken er samkøyrt. Skjønnar ikkje, veit ikkje, har ikke sett eller høyrt det slag...

Fine er dei....

Vidare padling for dagen over til Kvamsøya. Vi kom rett inn i næringssøket til ein gedigen skarveflokk. Dei enste oss ikkje og for att og fram på jakt, før dei puljevis for tilbake til skarveberget i horisonten. Skikkeleg kult. Lenger mot vest vart det litt dønning. På yttersida av Kvamsøya er det paddemark, og her bygde det seg opp nokre skikkelege veggar som braut med ujamne mellomrom. Det er skumlast med dei som bryt sjeldan. Sidan vi var på ukjent grunn tok vi hinder for hinder, med konsentrasjonen på og blikket langt fram. Det gjekk heilt fint, men litt spennande med halvstore forhold og mykje larm frå brotta. Det var akkurat krevjande nok til at det ikkje vart noko bilde herifrå. 

Planen var eigentleg Sandsøya, men det rakk vi ikkje. Plan B var Kvamsøya. Kor vi enda for natta?

Følg med, følg med...


Dag 1 - 17 km
Dag 2 - 20 km

fredag 11. oktober 2013

TellTur 2013

Friluftsrådet har Telltur-kodar i tre kommunar og lova på nettsida: Alle som har vitja alle dei 42 turmåla i Sula, Ørskog og Ålesund og registrert dette her på TellTur i perioden 10.06 – 10.10 vil få ein spesiell premie.

Det var nok til å sette oss i gang. - Vi tek vel alle då, seier Beate i juni. Det viste seg å vere knallhardt, men gøy. Turane er ikkje nødvendigvis så tunge i seg sjølv, men det å sette av nok TID til alle dei små og store turane var ei utfordring. Kodejakta har vore ein god grunn til å komme seg ut om kveldane, dra til nye plassar og gå nye turar. Her er glimt frå kodejakta 2013:

TellTur Ørskog (18 kodar)
Det er eit godt stykke å køyre til Ørskog, så vi hadde planen klar; fleire kodar i slengen! Vi begynte bra med gruvevandring, Liafjellet og tre kodar i boks! Lauparen (1434 moh) vart ein av sommarens flottaste toppturar. Eg kom meg endeleg på Høgsvora. Ørskog er ein annleis kommune, med levande kulturlandskap og stølar overalt. Her inne er det lenger ut til kysten og det er store dalar og fjellområde. Dei siste kodane i Ørskog vart tekne på ein grå dag, og mest på trass. Målet om alle kodane VILLE EG NÅ! Frisk luft gjer dessutan godt, uavhengig av motivasjonen.

Frå Kleivane (t.v) og Verahornet (t.h)

Frå Høgsvora

Dynjafossen - Ørskogfjellet. 
Veldig fin foss. Freistar til bading i kulpen neste sommar. På lita vassføring kan ein gå ned og bakom fossen. 

Ein liten hakkespett (Flaggspett?) heldt meg med selskap på Breinakken. Flott utsikt over Sjøholt frå ein svært flatterande vinkel.

Turen til Hallvardsfjellet skulle vere ein enkel liten sak. I følge boka "På tur i Ørskog" skulle vi spare nesten 100 høgdemeter på å gå frå Visetsætra. 

Rett sæter, og vi trudde lenge at vi skulle på humpen bak stølshuset (t.v). Etter ein sjekk med boka og kompasset måtte vi snu 180 grader og gå på den andre humpen (t.h). Vi fann alle stimerka frå boka; foss, kraftlinje m.m. Men ikkje svarte om vi fann noko sti. Ikkje var det langt, og ikkje var det høgt. Men i stilaust vestlandsterreng fekk vi fort "myrfotar" og klokka gjekk. Lurefjell. Hellv.... fjell.

Ferdig med høgdemetrane og ferdig med myra. Ørskogfjella i panorama. Humøret steig. (Lauparen nr 2 frå venstre)

På toppen! Ut Storfjorden, Sandvikshornet i Sykkylven som markert topp til venstre. Sjøholt heilt til høgre. 

Innover Storfjorden, med øydegardane på Skotet til høgre

Hallvardsfjellet vart erobra med rå makt og viljestyrke. Her lønner det seg nok å gå andre vegen, på sti, og ta hundre høgdemeter ekstra. Vi fann litt bedre trakk på heimveg (same vegen pga bil), men framleis var det ikkje mykje å skryte av.

 
Ørnereir eller jaktbu? Er dette årets kulaste hjortejegarinstallasjon?

Ørskog er full av ukjende turperler. Her var det mange små, merkelege og festlege turar. Eg kjenner meg nesten lommekjent i Ørskog no. Ørskog IL har laga boka "På tur i Ørskog", og med unntak av stien på Hallvardsfjellet, stemte den veldig bra. Eg skal ha som mål å gå alle turane i boka på sikt, så det vert ikkje siste gong eg er på tur i Ørskog.   

TellTur Sula (14 kodar)
I fjor rakk eg ikkje over alle kodane på Sula fordi eg undervurderte Eltrane. Difor starta vi med den turen i år. Det vart ein fantastisk søndag over Sulafjellet, med flott utsikt heile vegen og 4 kodar i boks. Småfjella på Sula vart "tekne" innimellom. Dei er bevis på at små turar kan by på store opplevingar. Nokre av desse var og ei unnskyldning for å komme seg ut på dei grå ettermiddagene. På seinsommaren gjorde vi eit raid til, frå Langevågen over Vardane ut til Fiskarstrandhyttene og ned, og plukka med oss 5 kodar på vegen. Kjekk og lang kveldstur.
 
Med hjarte for turane på Sula - god merking og flotte turmål! På Vardane (t.h)

 Ålebyen frå kulturminneløypa på Kalvestad

Frå Blåfjell på Sula med Langevågsholmane og Ålebyen

Frå Svanshornet innover Storfjorden

Den mest magiske opplevinga på Sula i år var nok kveldsturen på Solevågsfjellet. Eg gjekk frå Langevågskrysset, og var heilt åleine i ein fantastisk urskog.


Skogstjern med vassliljer

Sukkertoppen i Ålesund frå HEILT ny vinkel

Vakker urskog med huldrestry

Stry i lange banar på alle slags tre. Sjeldan vare. 

På Leirvågfjellet - utsikt innover Hjørundfjorden
  
TellTur Ålesund (15 kodar)    
Det er mange små turar i Ålesund. Ein får sjå byen og Sukkertoppen frå eit utal vinklar. Eg skunda meg med så mange eg klarte før ferien. Artig å sjå korleis ting forandrar seg. Stiane vert tydelegare år for år, på godt og vondt. På Sukkertoppen er slitasjen (for) stor. På Holsfjellet er det ildsjeler som byggjer, grusar opp og drenerer sti, med slagordet "tørrskodd over Holsfjellet". Geitnausa, innerst og bortest på Emblemsfjellet stod att. Denne gjekk vi på ein grå og trist dag i fjor, med litt for lite klede og utan mat. Så eg hadde i utgangspunktet eit svært dårleg forhold til Geitnausa. I år la Beate og eg opp ein skikkeleg langtur: Eikenosen - Geitnausa- Vasstrandegga- Austreimssætra. Det vart ein av dei flottaste turane i år, på ein nydeleg septemberfredagskveld. Eg ser Emblemsfjellet med nye og langt meir positive auge etter denne turen!

Vasstrandegga
- høgaste punktet i Ålesund er her, sjølv om varden står i Skodje.

Sukkertoppen mot Godøya

Ålebyen frå Lerstadtoppen


Myklebusthornet på Ellingsøya

 
Bjønnalogen og Ålesund frå Geitnausa

Vasstrandegga - 2. gong

Mykje motivasjon i små klisterlappar... (og denne koden har no gått ut på dato altså..)

Utan Beate som fantastisk turfølgje på dei lengste og kjekkaste turane, hadde eg nok ikkje greid det i år. Trude har stilt opp som svært godt turfølgje på fleire turar, og nokre kveldar har eg drista meg ut heilt for meg sjølv.

Bra trim, naturopplevingar og litt konkurranse. God mix!

No står det att å sjå om friluftsrådet er betre på premiar enn på å telje. Det er vitterleg 47 kodar til saman. Eg veit, for eg har vore på alle. Det har Beate og! Den beste premien har eg i grunn allereie fått, med mange turar i flott natur og med topp selskap!