Viser innlegg med etiketten Truger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Truger. Vis alle innlegg

søndag 2. april 2017

Trugetur til Ryten (543 moh)

02.04.17 Stine og eg hadde teke på oss å ha trugetur til Ryten med Lofoten turlag. Eg rusletusla meg opp på vegen for felles skyss vestover. Majestetiske kvite fjell og ein kneisande Lofotekatedral. Det var nesten som å gå over bekken etter vatn å køyre vekk herifrå for å gå på tur. Men til liks med plassar lenger sør i landet er Lofoten også best i vest..

Morgonstund i Kabelvåg

Vi starta på Bergland nokre på ski, og andre på truger. Nydeleg utsikt frå start. 
Fin gjeng på tur, nokre kjente og nokre ukjente i god miks. Ein vert fort kjent på tur, så praten gjekk oppover bakkane. 

Eg er godt nøgd med trugene - sjølv om det er litt uvant endå. 

Trugegjengen

Oppe ved Einangen opna landskapet seg nordover med panoramautsikt til Yttersanden

Skigjengen møter kjentfolk

Flakstadrekka bak. Siste bakken mot toppen er seig, men ikke bratt. Utsikta er flott heile vegen. Det er ein favoritt-topp det her.


 
Stine poserar 
Det her er fotopunktet på turen - like før toppen -  med stranda i Kvalvika rett under

Lekkert i Lofoten

Teambilde for dagen! 

Maskoten for dagen - sjarmerande og snill

Frå den eigentlege toppen er det rå utsikt mot Fuglhuken og havet

På heimeveg la vi ruta innom Fredvanghytta. Heilt klart den beste tomta i "byen". Det går vist an å leige den frå bygdelaget. Kanskje det er nokon som har lyst å vere med meg på hyttetur hit ein gong? 


Kjekt på tur med Lofoten Turlag - takk for turen! 

søndag 24. januar 2016

Trugetur til Ryten (543 moh)

23.01 Mange har snakka om Ryten i det siste, så det var artig at Per hadde blinka seg ut akkurat den på laurdag. I bilen var det utstyr for det meste, elle melle og truger frå start. Tung, våt snø og gjennomslag sjølv med truger. Vi gjekk frå Bergland.
 
Start på Bergland og sola i ryggen oppover bakkane.
 
I skaret og utsikt mot Vesterålen
 
Vi gjekk med truger ca halvvegs, så la vi dei i frå oss. Det var hard snø og fint med broddar i 150 høgdemeter. Dei siste 100 høgdemetrane er det tyngste eg har gått på lang tid. Tynn skare, med 5- 45 cm sukkersnø under og is i botnen. Først gjekk ein gjennom skara, deretter sankt foten ned i 2-3 omgangar til snøen nådde knea og vel så. I tillegg fekk broddane aldri skikkeleg feste i botnen. Som å gå med bakglatte ski, berre utan ski. Den som gjev seg er ein dritt. Ikkje turglede og utsikt akkurat dei metrane der. Det var tanken på toddy og matpakke, å nå fram til neste stein, og å i det heile overleve 3 skritt til som stod i hovudet.

TOPPEN!
 
Som vanleg er det verdt det. 180 grader hav, 180 grader alpine fjell. Pastellfargar og gyldne solstreif.

Mot nord-ish
 
Sørover
 
Vestfjorden og fastlandet langt bak der
 
Kvalvika rett ned. RETT NED faktisk..
 
Rått!! Fine surfebølger. 

Panorama fra Ryten - Flakstadøya og Moskenesøya

Flakstadøy-fjella rett i mot på veg heim.
 
Det er mykje lettare å gå nedoverbakke og vi var smartare i vegvalet. Det var godt med trugane på siste delen. Nok ein herleg dag på fjellet! (Lærdom: Ta alltid trugene med heile vegen!!) No håpar eg berre mildveret får bearbeide all snøen. Det er ikkje noko særleg om skisesongen startar med den lagdelinga der i botnen.
 
 
På køyreturen heim kom fullmånen opp og det var magisk og fantastisk og nydeleg!!

Fullmåne over Gimsøya (Hoven til venstre)