onsdag 20. juni 2018

Molnes i blåst og bølgjeleik

20. juni Padlelysta har generelt vore stor i det siste. Eg var lett å be med på padling, sjølv med frisk bris på vermeldinga. Vi satsa på leik heller enn langt på Molnes. Det var (meir enn) nok vind, passeleg med bølgjer og magisk lys av alle slag. Vi fekk og ein liten smakebit av kva Molnesrevet kan by på. For min del er jakta på dei optimale forholda på revet er i full gang att.

Litt ekstra drama her, men det var faktisk vindfullt og "jobbeforhold". 

Frode tok rock-hoppinga på høgste alvor og heilt bokstaveleg. 
Første test av ny kajakk (PH Delphin), og basert på gliset vart det bestått i denne omgang for nykajakken. 

Eg kom rett frå gelcoatsparkling og var litt ekstra påpasseleg med å ikkje rote meg borti steinharde saker denne dagen. Det kjendes og ut som eg hadde (endå) litt mindre kontroll enn vanleg pga vinden. 

Kenneth bereknar timinga på brotta perfekt som vanleg #sjåoglær

Det er gøy då...

Magisk lys og skiftande vind utover kvelden.

Ingen bilde frå revet denne gongen. Det var ei og anna flott surfebølgje og eg fanga nokre stykker, men det var uforutsigbart og langt i mellom dei gode setta. 

Arkivfoto!
 Frå oktober 2011 då bølgja på Molnesrevet gjekk klokkereint i kilometervis... #våtdraum

Vermålinga på Vigra. 
Middelvind i tredje kolonne frå høgre, maks vindkast med varigheit minst 3 sekund i andre kolonne frå høgre. 

Interessant mønster. Endomondoen varte ikkje løpet ut. 
Målte 10 km og vi var ute i litt over 4 timar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar