Viser innlegg med etiketten Giske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Giske. Vis alle innlegg

fredag 30. oktober 2020

Snorkling på Giske

 26. juni Sol og sommar, og det freista med ein snorkletur på Giske. Det er langgrunt på alle kantar  av øya, og sjølv utan noko særleg svømmeferdigheiter kan eg få ein snik-kikk i ei magisk og framand undervassverd!




Mange krabbelurer på tur


Fargerikt og variert. Bittesmå, små og litt større fisk. 




torsdag 12. desember 2019

Blåtimetur

22.11 Rykta gjekk om at nokon hadde sett spekkhoggar ete sel i området. Vi venta dei eigentleg ikkje før på nyåret, men heiv oss rundt. Den som vil sjå kval må på sjøen! Det vart ein aldeles nydeleg ettermiddag, og ein blåtime som berre var aldeles magisk. Etterkvart vart vi omringa av sel, over 20 stykke! Så det var ikkje matfatet som mangla. Ingen kval, men god lading av dei mentale batteria.

Kvalitetsfolk på kvalrekognosering

Små prikkar dukka opp overalt. Selen var nyfiken, men varsom.

Den korte novemberdagen gav seg ikkje utan kamp, og vintermørkret måtte jobbe for å kuppe ettermiddagen. Vi fekk oppleve ein sjeldan fin blåtime på sjøen.


søndag 20. oktober 2019

Havsteinen

20.10 Lat søndag. Kva med ein tur i nærområdet? Rett utanfor der eg bur ligg faktisk ei bittelita øy som eg aldri har padla til: Havsteinen. Det er kjekt med oppdagingsferd og besøk på nye plassar! Då vi for ut var det ein flott og solfylt haustdag, men det vart fort grått og hustrig. No er det berre å akseptere at sommaren er på hell og vinteroppsettet må vere klart! Tur er topp, men no utover er det greit å halde seg i rørsle.

Havsteinen - arkivfoto (august 2018)

Flott oktobersøndag på Sunnmøre!

Herleg på fjorden, rett utanfor husdøra. 

Det kunne jo ikkje vare, vi såg det kom ymse i horisonten

Fjæreplyttar? 

På toppen av øya satt det to ørner og flørta med kvarandre medan dei heldt eit auge på oss. 

Hey hey! Her kjem det fleire! 

Kort kald beinstrekk og niste på land. Eg fekk ikkje med meg nokon på topptur, med argument som dårleg fottøy o.l. Så eg må utover hit ein gong seinare, med meir enn neoprensko på lur!   

Om dagen vart gråare så gjorde det ikkje noko. Vi stiller med eigne haustfargar. 

Alnesbygda glitra i horisonten

Snirkling

Havsteinen ber namnet med rette - det er ein stor stein!

Ut på tur - aldri sur! Foto: Tommy

Tur/retur 8 km. 
Førstereis til Havsteinen unnagjort. Perfekt tur på ein litt lat søndag. 
 

tirsdag 24. september 2019

Blåtimepadling

24.09 Flott haustver på Sunnmøre, og vi var desperate etter å nytte dagane fullt ut! Plan A var solnedgangspadling på Alnes. Havskodda kom innover, så det vart plan B og skjergardspadling i Kalvøyområdet. Litt motvind utover, herleg medbør tilbake og vi fekk heile blåtimen på sjøen. Sosialt og kjekt - og maks utteljing på ein vanleg tirsdag ettermiddag!

Gjøsundet - knutepunkt for båtliv!

Ingen båtar her - då vart det kaisnirkling med kajakk

Flott i øyriket

Kvelden kjem sigande, saman med skodda

Skumring på heimveg

10,5 kilometer

fredag 28. juni 2019

Holmehopping med turistforeninga

26.06 Pust djupt inn og og les fort...: Midtsommarpadletur med Ålesund og Sunnmøre Turistforening! Då Kyrra og eg snakka om turen for eit halv år sidan, såg vi for oss solnedgang, havblikk og T-skjortepadling. Slik vart det ikkje! 5 stk la likevel ut frå Blimsanden i klassisk sommarver på Sunnmøre - som egnar seg perfekt for tørrdrakt!
Området er eksponert for vind og bølgjer, og sjølv om det var ein fin dag fekk vi kjenne på litt sjø og vind som kom og gjekk saman med bygene. Vi fekk oss ein fin runde og nokre flotte selopplevingar! Vindretninga var perfekt til at vi ikkje skremte dei frå liggeplassen, og dei nyfikne ungdommane heldt oss med selskap i pausa. Det er og alltid kjekt å treffe andre padlarar og høyre om deira erfaringar og opplevingar. 

Blimsanden - sommarstemning og sand mellom tærne uansett! 

Sommar på Sunnmøre - 50 shades of bluegrey

Markblomsterbonanza på holmane. 
Dei fleste holmane her ute er naturreservat med forbod mot å gå i land no på denne tida. 



Her var dei fastbuande heime og dreiv med slaraffen og andre selsomheiter. 
 
Beinstrekk på hovedholmen med lykta

...men ikkje aleine i farvatnet. Omringa av sel og cruiseskip på alle kantar. Ulla fyr i horisonten.

Sommarpynt i steinørkenen!

 
Slik ser det ut på flo..flotte formasjonar!

- Kven er du? 


 

Vi fekk mest vind i pausa, og slapp relativt billig frå bygene. Sjøen løya, og vi fekk fin ferd heimover. 
 

Quiz: Kva er dette? (dersom nokon gjettar rett så legg eg ut litt meir info frå "faktisk forskning" der denne/dette var involvert i løpet av turen)

Turen vart ca 11 km. 

onsdag 26. juni 2019

Grilltur på favorittholmen

6. juni fekk vi sjansen på å tjuvstarte på sommaren. Det var knallfine vermeldingar, med over 20 grader! Vi for ut med grilling og bading i blikket. Padling i T-skjorta var akkurat mogleg, men heller ikkje meir. Middagen ute var stor suksess - og eg har no avansert frå grillpølse til burger! Sunnmøre leverar ofte mange årstider på ein dag - og denne kvelden fekk vi ein skikkeleg floing i fleisen på heimveg. Håpar det vert mange middagar ute i løpet av sommaren - det var både kjekt og sosialt, med ein god dose trim!

Sommarpadling!
 
Favorittholmen!



Kyrre gjekk for bål...

...eg gjekk for grill! Veldig fin liten sak det her. 

Middag i det fri! 100% suksess!

Nydeleg - og lovar godt for sommaren som står for døra

Ups...? bading vart avlyst og vi fekk massa motvind og skvalpesjø på veg inn att. Valderøya tok ikkje av i det heile for vestavinden. Rart, men slik var det. 

Alle padla frå "si" hamn , og eg frå Knutneset. Turen vart ca 16 km t/r