Viser innlegg med etiketten Randonee. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Randonee. Vis alle innlegg

søndag 26. mars 2017

Kongeføre på Kistbergtind

26. mars 2017

Eg hadde klaga ein del på dårleg føre i Lofoten og desto finare puddersnø i Troms. Denne søndagen såg "The Ingrids" sitt snitt til å motbevise meg på ALLE punkt. Vi hadde vurdert litt att og fram og funne ei li der vi trudde det var bra snø. Sjølv om det betydde at vi måtte gå store delar av turen i skuggen. Og for ein dag det vart!! Det er ikkje akkurat noko hemmeleg skifjell det her, men det var INGEN som hadde vore der etter siste snøfall. Urørt jomfrueleg puddersnø frå vi steig ut av bilen og omlag heilt til topps.

Vi lagar våre eigne spor...

Utsikta mot Higravstinden og Geitgaljen var fabelaktig

Det går greit å gå i skuggen, når føret er knall og utsikta magisk. Vi held med vilje god avstand akkurat her. Med tanke på det som er utanfor bildet til høgre. 

Eg gjekk dei siste høgdemetrane med stegjarn, medan dei andre gjekk med ski heilt opp. Kjensla då vi bikka kanten og fekk sola midt i fleisen var ubeskriveleg! Sjølve livet. Det var det vi kjente på. 

Oppe så langt vi gadd å gå, ca 550 moh? 



Sjølve Kistbergtinden på 661 moh bak der

Vi måtte ape oss litt og då....Vart reint øsne av vårsola. 

Litt vemodig at tida i Lofoten snart var over. Det var berre å suge til seg inntrykk og utsikt.  

Kongedag - kongeføre

Juhuuuu! Ingrid er klar for FART og MORO

Det vart pudderfest og straka vegen ned til bilen! Beste føret eg har opplevd i Lofoten NOKON gong. Kjempegøy!! Kanskje eg er i ferd med å verte ein skientusiast no? 

tirsdag 26. april 2016

Geitgaljen (1085 moh) - take 2

26.04.16. Knallfine meldingar og siste sjanse på Geitgaljen før veromslaget. The Ingrids var klare, og eg hadde lyst, sjølv om energien ikkje var heilt på topp. Ettermiddagen kom og vart grå. Vi for likevel og la i veg. Eg var glad for at dei andre var motiverte, eg såg litt svart på ein lang gråverstur. Oppi første bakken skein det opp og vart berre lekkert. Då steig humøret mitt og. For ein kveld det skulle bli!
Vårskitur = bæring. God sti frå Liland. 

Sol ute og etterkvart sol inne! 

The dog. Ilta i storslag. Våryre ryper og våryr hund. 

Lekkert i bakkane! 

Betre kjent og betre førebudd. Det gjekk som ein leik, og snart var vi oppe ved bollen/bandet. 

Er det verkeleg toppen der borte? Så liten?

Bollen var mykje større enn sist. Det minka kraftig med snøen. 

Stegjern siste biten før sadelen. Sola laga gull i havet. 

Havgull i horisonten

Ingrid klar for siste kneika. 

God stabil snø, nesten ikkje folk og vi bestemte oss for å prøve på siste kneika og. 

Unge lovande med øks og stegjarn og veldig kontrollert. (Foto: Ingrid K.)
Brattare enn det her går eg faktisk ikkje. 

PÅ TOPPEN!!! 1085 moh

Mot Ryten, Vestfjorden og fastlandet

Bø i Vesterålen bakerst

På toppen og vestover Lofoten

Magisk lys. 

Det er ein lite hake når ein ser solnedgangen frå 1000 meters høgde. Så vi tok til vett og starta nedturen sjølv om det var veldig veldig fint på toppen. 

Kontrollert ned att og.

¨
Ingrid køyrer yoga på sadelen. Verda vart skiftande rosa, orange og gyllen. 

Hund i solnedgang

Vi kom oss faktisk heilt ned til bilden før det vart mørkt. Skiføret var så der, noko bra, hard skare nederst. Det spela ikkje så stor rolle. Vi var høge på turen, lyset og livet. For ein kveld!  

   

søndag 17. april 2016

Rundfjellet (803 moh) via Kudalsheia og nordryggen

17. april - Søndagstur! Venners venner tur og endeleg vart det Rundfjellet. Mange har snakka mykje om dette fjellet, og skildringane varierar frå topp tur til keisamt og langdrygt. Vi skulle gå frå nordsida, og der var det snø og ski frå parkeringsplassen.


Start og snø frå parkeringsplassen. Toppen ligg baki der.
 
Skikkeleg vårskitur, breie glis og toppen bakerst.

Kjekt med AVkledningspause på tur!

Kudalsheia

Nest siste ryggen. Flott terreng!

På kanten var det utruleg flott

..og vi fekk denne utsikta då vi kikka over kanten.

Siste ryggen gjekk vi på føtene med skia på sekken. Det gjekk heilt fint til øverst der det var to skritt med skrå bakke. Eg vart veldig feig og tok på stegjarn for dei metrane, men såg etterpå at det kanskje ikkje var heilt naudsynt. Flott på toppen, sol og vakkert. 360 graders utsikt. Dette fjellet har mange ruter og nedfartar, og vi snakka om å dra ned sørflanken og gå opp att til toppen. Etter mykje om og men (beslutningsvegring) delte vi oss i to - og eg og Anja for ned same veg som vi kom.

Hoppebildeseongen er innvilga!!
 
1,2,3 HOPP!

Vestover frå Rundfjellet

Frå varden og austover med øyene Store- og lisjemolla

Flott nedfart og vi fekk fleire hundre høgdemeter med godt føre. Hard skare i botnen, men vi kom oss til bilen med skia på. Dei andre kom ned eit minutt før oss, og hadde også hatt ei flott nedkøyring. Det vart ikkje sørflanken på dei heller.

Vi vrei dei siste dråpane ut av søndagen, tok ei brus i solveggen på Prestengbrygga i Kabelvåg og runda av med teambilde i våren med alle 5. Hyggeleg dag!

:) Humøret held seg i timevis etter ein flott søndagsskitur!

Rundfjellet har så mange kantar og moglegheiter, så hit vert det fleire turar.

torsdag 24. mars 2016

Småtindane - Varden 700 moh

24.03.16 Skjærtorsdag. Varden frå Olderdalen? Brått var vi fire (og tre med romsdalsdialekt!) på tur på ein nydeleg dag! Desse fjella ser eg opp på frå leiligheit og jobb, og no skulle vi gå opp frå "baksida".


Start innerst i Olderdalen S og vi ser mesteparten av vegen.

Skog i starten, og litt grubling kolreis komme seg nedatt (noko som gjekk overraskande bra)

Ingrid tok guiderolla med glans i dag!

Flott utsikt mot Gimsøystraumen og Vestvågøya på veg opp


Over kanten og flott utsikt over Svolvær, Kabelvåg, Skrova, Molla-øyane og indre del av Vestfjorden.

Tjeldbergtinden, Svolvær og Litlmolla

Frå varden på 700 moh nordover mot den eigentlege "toppen"

Svusj, svusj - jentene kosa seg nedover og!

Kart - relativt kort tur i variert terreng. 

Eg klaga litt på veg opp at det ikkje var "Troms-kvalitet" på snøen, her var det ikkje pudder, "berre" laussnø. Ikkje heilt staurgale likevel og artig store deler av nedoverbakken. Mykje snø i skogen. Eg må snart ha vett til å teste dei andre breiare skia.. Neste gong!!