mandag 13. desember 2021

Vaksvikfjellet - overgangstur frå støl til støl

 12.12.22 Vaksvikfjellet er eit flott utgangspunkt for ski- og fjellturar. Til liks med mange slike populære friluftsområde har det tidlegare vore aktiv stølsdrift i området. Infrastrukturen med vegar, parkeringsplassar og hytter har rot i lengre tradisjonar enn søndagsturen. 

Eg har aldri gått langrennsløypene her før. Sidan det var lite snø og plussgradene pressa på frå aust, var berre delar av løypenettet køyrt opp av Lauparen IL -  men desse var nypreppa og flotte. Det vart tur til Grytalisætra først og over mot Kjersemsetra etterkvart. 

Synnøve på Grytalisætra

Seterstemning og "Stikk-ut"-post

Vinterstøl

Kjersemsetra utvida med meir moderne hytter

Kjersemsetra med Stall Kjersem som driv med islandshestar.

Desember er nok ikkje rette månaden å få skikkeleg stølsliv-stemning. Det var likevel ikkje vanskeleg å skjønne at dette var ein enkel og effektiv måte og komme seg frå Romsdalsfjorden til Storfjorden i gamle dagar.

mandag 22. november 2021

Emblemsfjellet på langs med stølsblikk

 21.11 November med eit hint av julestemning er flott, men avgrensar turmåla litt. Vi tok kjente stiar på Emblemsfjellet, men med eit nytt og skarpt blikk på stølane som ligg på rad og rekke.

Røssevollvatnet. Skimtar hustaka på Eikenossætra i skogen 

Glimt av stølsidyll - Eikenossætra

Fleire stølshus var omgjort til moderne hytter og tydeleg i bruk - kjekt! 

Setervollen var skikkeleg attgrodd. Trist, men forståeleg. 

Neste støl Røssevollssætra. Mindre å sjå der, men framleis spor etter folk. 

Gamle murar...

..og eit bygg som stod att. 

Over snødekt myr og hei og knausar bar det. Vi hadde stø kurs austover og neste setervoll var innafor rekkevidde. 

Emblemssætra/Skillingsetra. 
Dette huset har vi sett langs skiløypa før. 

Denne gamle stova hadde vi ikkje lagt merke til før

Flott utsikt og fleire gamle og nyare hytter på setra. 



Resten av bilda er fra Synnøve. Vi tok ein ekstrarunde og fekk med oss Puskesetra på returen. 

Kulturlandskap

Puskesetra

Ex-setervoll, no mørk og dyster granskog.

Det siste store spørsmålet for dagen var om dette også er ei gamal seter, eller berre ei hytte? 

Knappe 9 kilometer og 4 setrer. 

torsdag 7. oktober 2021

Stølshopping i Skodje

 06.10 Skiløypene i området kjenner vi godt, men på beina er det nytt terreng. Frå Liasætra gjekk vi skogsvegen og skiløypa til Steinsetsætra.

Steinsetsætra


På Steinsetsætra går vegen gjennom klynga med gamle stølshus. Det langt nyare hyttefeltet ligg diskre i skogen rundt, med større og flottare bygg. Det var ikkje lett for oss å forstå kva sætra opphavleg vart brukt til. 

I årsskriftet til Skodje sogelag (1998) står det at dei fleste av setrene i området var nemnd i matrikkelen frå 1723, og at mange av dei har vore i drift i alle fall frå 1600-talet. Driftsforma var mjølkesetring. Det vil seie at seterjentene gjekk opp om ettermiddagen, mjølka og sette kyrne på bås om natta. Om morgonen var det om å gjere å få gjort unna mjølkinga og få dyra ut att på beite, før fulle mjølkespann skulle berast ned til bygda. Stølane var som regel i bruk frå jonsok og ut august. På Steinsetstølen var det kyr og mjølking fram til og med 1985 før siste brukaren gav seg. 

Ut i frå kart og terreng fann vi ut at det var greiast å gå vegen vidare til Skodjestølen. Skogen bar preg av å ha vore kulturmark, og vi prøvde å sjå for oss korleis landskapet ville vore med åpne slåttemarker utan granfelt og kratt. 

Vel heime att fann eg ut at vegen vart bygd i åra 1935 - 1938 på dugnad. Alle gardbrukarane som sokna til Steinsetsætra og Skodjestølen måtte stille med 800 timar pliktarbeid, same kor stort bruket var!  

Granalleen helsar velkommen til Skodjestølen. 

Skodjestølen 

Her var det ein tydelegare stølsvoll, og imponerande mange bygg. Buer for folk og bygg for dyr og høy.
Skodjestølen høyrer til gardane på Indre Skodje. Gamlestølen låg vistnok lenger vest, men stølen vart flytta hit ca 1890
 (Skodje sogelag).




Vi syns det var rart at det ikkje var noko vatn eller bekk i nærleiken av stølen.

 I sogeheftet har ei av budeiene delt  minne frå ungdommen, då dei ein tørkesommar måtte gå ned til Fyllingsvatnet med vassbøtter og beretrau! - Det var tyngre å bere vatn opp enn å bere mjølka ned, fortalde ho. - Men vi var unge , hadde det moro og "takla alt" (Solveig Waagene, Skodje sogelag årsskrift 1998) 

Vidare til Apalviksætra gjekk vi på tydeleg og god sti gjennom haustfarga skog. Det tok ikkje lang tid før vi snubla oss ut på ein stor og åpen setervoll, med mange små sel i halvsirkel rundt.   



Idyll på setervollen. Eg såg lett for meg lyse sommarkveldar med ungdommar og spelemann og rømmegrauten på kok her. 

På nedsida av vollen var det eit bygg som såg veldig gammalt ut, og ein dam som verka menneskeskapt. Dette har eg til no ikkje klart å finne ut noko meir om - legg gjerne att kommentar om du veit meir! Kva har dei eigentleg dreve på med her? Var det drikkevasskjelde? Isdam? Andedam? 



Heimvegen la vi over Haugfjellet. Nydelege fargar, delvis gammalskog og myr. Vi var strålande nøgd med ruta og opplevinga! 


9 kilometer - 3 stølar  - flott runde! 

onsdag 18. august 2021

Delfinpadling - rett utanfor dørstokken!

 13.08  ...rett nok utanfor Mildrid sin dørstokk. Ho hadde observert ein delfin i området nokre dagar. Det freista å prøve å padle med han. Vi hadde fri og det var framleis varme i augustsola. Tovågen var som alltid reine idyllen, og det var kjekt å treffast. Pandemi og ymse utfordringar har lagt ein dempar på sosial omgang siste åra. Sterke i trua padla vi rundt heile fjordbassenget. Nerdeprat om kajakk og test av nye årer. Ingenting å sjå. Jaja. Fin dag i sola uansett. Vi snudde på heimveg, men DÅ såg vi ei svart finne i det fjerne! Delfinen hadde stått opp og var på fisketur! Lynkjapt for han rundt oss. Hit og dit. Hit og dit. Det var nesten umogleg å forstå kvar han kom til å dukke opp neste gong. 90 graders svingar, 360 graders vendingar, sideveis svøm og høge hopp! Her var det ikkje noko å seie på reportoaret eller framvisninga. Han var ikkje spesielt oppteken av oss, men vi fekk sjå han nær kajakkane nokre gonger. Stor oppleving!