Viser innlegg med etiketten Cirkumnavigasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Cirkumnavigasjon. Vis alle innlegg

lørdag 12. mai 2018

Kalvøya og Valderøya rundt

12.mai Eg er padlemanisk for tida og i kombinasjon med full sommar på Sunnmøre er det berre å komme seg ut. Audun ville vere med, så då vart det sjølvsagt startpunkt Sjonghamna. Det var tendens til skodde då eg for heimanfrå, og eit litt ubestemmeleg verskifte. Først fekk eg omvisning i Frimannsbua, før vi bestemte oss for å fare austover og sjå kvar vi kom. 

Bortom og kikke på regattaen

Kjekt med andre båtar på fjorden

Brått gjekk startskotet og segla kom rett i mot oss, så det var berre å komme seg ut av vegen og avgarde. Herleg liten bris og medsjø i ryggen, og sola steika. Det var alt for varmt med tørrdrakt i grunn, men vi veit kor varmt det er i sjøen...

Audun hadde lånt ein Play for dagen. Syns dei kler kvarandre godt. 



Downtown Kalvøya
Perfekt kajakklanding i "sentrum"
Beinstrekk og drodling i solveggen. Veldig fint her ute. 

Note to self: Hengekøyeterreng på austsida og fin ilandstigningsplass på Kalven. 

Kalvøyholmen med treet. 

Eg har eit håp om å komme meg ut her på camping i sommar, og det er plass til masse telt/hengekøyer her. 

Kvite fjell, havblikk og sol - betre vert det ikkje!

Det var faktisk så varmt at det var godt å komme inn i skuggen under kaia.

Drivstoff til kajakkpadlarar er til dømes softis, og det har dei i Gjøsundet. 

Så blid vert eg av padlelaurdag, sol og is! Foto: Audun

Sjarmøretappa vest om Valderøya gjekk på eit blunk, og vi var særs nøgd med oss sjølv for å ha runda to øyer og bikka godt over 20 km! Padling er ein fin måte å verte kjent på. Det var så hyggeleg selskap at eg gløymde tida og nesten vart for sein for camping, og Audun gløymde (nesten) at han hadde vondt i ryggen. 

21,5 km

fredag 24. juli 2015

Vågsøy rundt - del 3. Hendanes fyr og Vågsberget

14. juli. Siste dag på turen rundt Vågsøy. Ein fin og mild morgon. 15 grader og opphaldsver og vi var strålande nøgde med det.

The last day paddling around Vågsøy. We visited Hendanes fyr. A path along the cliff  lead to the lighthouse placed on a small ledge 50 meters above sea level. The houses themselfes suffered from poor maintenance. The view was stunning. The last stop was at Vågsberget, an overnight stay- and trading of 1600s which today are protected by Cultural Heritage. The houses were not open, but we took a stroll in the garden and looked around. Circumnavigation Vågsøy completed!

På'an igjen!

Mirakulaust vart det ikkje bading ved nokon ilandstigningar/sjøsettingar. 

Torskangerpollen. 

Flott naustrekke. Her var det eit rikti torskefiske for 100-200 år sidan. No er det lit trolegare i hamna, og bygda er mest kjent for Torskangerpollen brass band som hevdar seg godt i 2. divisjon. 



Ein rorbuturist sjekka yr.no for oss, og det var lovande; ingen vind og ikkje regn. 
neste stopp var Hendanes fyr. Her parkerte vi ved dei yste nausta på Færestranda og gjekk vegen/stien ut til fyret. 

Teambilde fyr nummer 4 av 4! Full pott!


Hendanes fyr er i dårleg forfatning, og bygningane er spikra att med plater. Husa ligg i ein bratt skrent, og det er ikkje plass til meir enn bygga og ein smal gangsti rundt murane. Utsikta nordover og vestover er heilt rå. Kystverket har bestemt at bygningane skal rivast dersom ikkje lokale krefter ønskjer å ta vare på dei. Eg håpar det er ein rik måløyværing eller to som vil ha eit god ettermæle og tek hand om Hendanes. Her ville eg betalt godt for ei natt eller to. Plasseringa gjer Hendanes til eit av dei mest spektakulære fyra eg har besøkt.  

Gangstien til fyret

Vi padlar vidare sørover.

Seglskute i horisonten!

Seinare i veka er Ålesund vertskap for Tall ships races. Vi såg stadig seglskuter i horisonten. Det var som ei tidsmaskin. Rykk tilbake til 1800-talet..

Strekket frå Hendanes til Vågsberget var plankekøyring - stilt som det var på sjøen. 

Handelsstaden på Vågsberget 

Vågsberget er ein restaurert handelstad med ei spennande historie. Dette var den eldste (frå 1600-talet) og største handelsstaden i Nordfjord, og eit viktig knutepunkt på kysten. Flotte bygningar og fin hage. Ikkje opent, så vaflar vart det ikkje på turen. Det er ikkje lett å bruke pengar i Våsøy om sommaren, sjølv om lommeboka ligg øvst i kajakken..

Pus var heime, og tykte det var greit med nokre kajakkar på besøk. Ho la seg i posisjon for varm lunsj.. 

- Skulle vi ikkje dele på desse fiskekakene??

Måløybrua frå sør

Cirkumnavigasjon Vågsøy gjennomført. 4 fyr landa med kajakk! Kjempekjekke dagar i Nordfjord! Greit å treffe med "vervindauge" og havblikk desse dagane. Takk for turen!! 

Sommarstemning i Deknepollen

Kart dag 3

Dag tre padla vi 16,1 km, gjekk nesten 2 t/r Hendanes fyr. Tid i bevegelse kajakk 2 timar 54 minutt, snittfart 5,5 km/t. 


Kart heile runda. 

torsdag 23. juli 2015

Vågsøy rundt - del 2. Kråkenes og Kannesteinen

13. juli. Vi var framleis tørre i håret etter avgang Skongsnes. Det var lite dønning og perfekte forhold for å padle eksponert. Første post var Vedvika. Så sette vi stø kurs mot Refvika. Flott strand og her skulle vi i land uansett om ikkje anna for å nyte ei enkel landing på turen!   

Playing tourists and going around the Island Vågsøy. Visiting the beach Refviksanden and Kråkenes lighthouse. Difficult to land the kayaks at Kråkenes. Great view at the lighthouse! We completed the most exposed part of the circumnavigation west and south of Kråkenes. There was pretty large conditions even on a calm day with no real swell. We were passing the seabird sanctuary at  Einevarden and the famous rock "Kannesteinen". Over a delicious meal in the sunset we summed up a lovely day with great paddling.

e
Vedvik - vindmøllene på Mehuken 

Refviksanden

Refviksanden er diger og ei nydeleg strand, med campingplass og toalett innenfor sanddynene. 10 grader og grått, men framleis både bubilar og badegjestar. Litt Nord-Norge stemning inne i bukta her. Snack, somling og hoppebilde. Organisering av møbeltransport. Om alt går vel finn Britt nymøblane sine i garasjen etter turen..

Snirkling utover mot Hundsneset. Mykje å sjå i grunn. Fint ver, men enkelte vindrosser gav litt motstand. 

Stor variasjon - skarveberg og fossefall

Naustrekka på Kråkenes

Vi var usikker på kvar vi skulle freiste å gå i land på Kråkenes. Naustrekka hadde kai med vinsj og elles bratte berg. Ved moloen til Kråkenes fyr var det stupbratt på alle kantar. Vi padla rundt og inn i bukta ved Brattholmen. Det var ikkje mange INNLYSANDE plassar å gå i land, men vi er ganske løysingsorienterte. På ein (normal) dag med dønning trur eg ikkje dette er like "lett". 

Landing Kråkenes fyr!

Vi ofra litt gelcoat, heiv opp kajakkane i storsteinane og var veldig godt nøgd med oss sjølve. 

Teambilde! Fyr nummer 3 av 4! 

Eg har ikkje vore her ute før, så ekstra stas å komme med kajakk. (Britt og Nina har overnatta i brudesuita før og er gamle kjenningar her ute) Kråkenes fyr var stengt og lukka, så våre planar om å fråtse i vaflar og souvenirar gjekk i vasken. Det var likevel flott å sjå seg rundt der ute, og vi fekk eit greit blikk på neste etappe. Yttersida! 




Quiz: Finn tre kajakkar. 

Om eg skal halde fram å ture til slike plassar må eg verte flinkare til å reparere gelcoat. Det slit litt på overflata å bakse fulle kajakkar her ute.


Varm lunsj og middagslur på berga. Det kom nokre vindrosser og vi hadde god tid. Deileg! Høgkvalitetsferie. 

HÆ??? Andre padlarar?? Vi var rysta. Var det andre enn oss som var tøffe nok til å ferdast her ute??

Desse hadde hjelm og dreiv med rockhopping. Vi tippa at dei ikkje hadde like fulle kajakkar som oss. Vi traff dei seinare på yttersida, trivelege trønderar som hadde flykta frå skoddeheimen i fjellet. 

Etterkvart var det tid for yttersida. Sjølv på ein stille dag var det store forhold der ute. Det vart omlag vindstille, men relativt mykje bevegelse. Korleis det er på ein dag med skikkeleg dønning kan ein berre fantasere om. Utfordringa her er 5 km strekk der det ikkje er mogleg å komme i land. 

Skikkeleg havpadling. Det var ikkje riktig like flatt som på bildet..

Einevarden

Einevarden skal vere fuglefjell og freda. Det var utruleg daudt då vi nærma oss frå nord. Nok eit utdøydd fuglefjell tenkte eg trist. Brått var det krykkjer, lunde og lomvi på alle kantar. Ikkje skrekkeleg mange, men nok til å kallast flokkar, og til å sjå at fjellet ikkje var daudt. Kjekt. 


Innover mot Kvalheimsvika fekk vi skikkeleg surf. Stor medsjøpadling. Artig. Veldig artig. 

Hendanes fyr til venstre og Klovningen til høgre. Bremangerlandet midt i. 

Nina og Kannesteinen. 

Skikkelege turistar tek med seg alle attraksjonar. Kannesteinen er kanskje meir spektakulær frå landsida. Her vart vi litt handlingslamma. Det var på tide å ta kveld, men kvar? Heldigvis vart eg nedstemt, og vi for sørover stranda til Søroppedalen. Der fann vi nokre fine berg og slo leir. 

Favoritt på kok! Takk til Arinbjørn som lærte oss denne. Scampigryte er knallgodt på tur!  

Det vart ein slik kveld! Godt selskap, nydeleg mat, noko i glaset, flott solnedgang. Sukk. 

Mildt og fint, så eg la meg i innerteltet rett på berget. Det gjekk heilt fint, og heldt knotten ute. 


Kart dag 2 

25,5 km. Tid i bevegelse 4 timar og 50 minutt. Snittfart 5,3 km/t