søndag 22. august 2010

Riksrøysturne

Som innbarka Vestlending har eg eigentleg ikkje noko forhold til landegrensene. Sidan vi no skulle feriere på grensa, så hadde eg sett at det var nokre RR-punkt på kartet. Riksrøys? Eg lufta forsiktig at eg kanskje kunne ha ei viss interesse av å finne desse RR-ane i løpet av turen... Og ingen av jaktkameratane løfta på så mykje som eit augnebryn av den grunn.

Første turdagen var det damene som drog....  Sol og fint. Vi kryssa grensa, kom opp til vatnet og drakk te. I løpet av lunsjen skjønte vi at vi ikkje var ved Saksin, men eit heilt anna vatn. Ops. Men uansett skulle det vere ei grenserøys på haugen mot sør. Så med godt mot la vi oppover lia. Det viste seg at det var ikkje berre eg som var litt nyfiken på dette.

På toppen av haugen var det ingenting. Ikkje ein liten taslevarde eingong. Rett skuffa vart vi.  Men no såg vi Saksin! Kjempeinnsjø gitt! Og når vi skulle ta ein nærare titt på den så fann vi jammen røysa! Lærdom nummer 1 - RR ligg ikkje på toppane. Og dei er gule.

Røys 204 A (eller nummer ein - som vi kalla ho)

Stas å stå med ein fot i kvart land. Med Karianne i tweedsen og røysa frå 1930 var det nesten så vi kjente eit "fordums sus" i bakkane og nasjonalromantikken bløma i hjarta. Eller noko i den dur.

Slik er ho altså, grensa.

Om det var finveret eller suksessen med RR-sporinga som gjekk til hovudet på oss veit eg ikkje. Marita og eg bestemte oss i alle fall for å legge ut på tinderangling, og kanskje få med oss ei til. Tinde og tinde. I alle fall frå topp til topp til topp!

Hadde det ikkje vore for at Karianne sendte med oss kikkert hadde vi ikkje funne den neste. Vi kikra etter den frå nabotoppen, og såg ein gul prikk på ein heilt anna plass enn der vi hadde tenkt å gå, ut i frå kartet. Utruleg dårlege kart i dette området her, altså..;o)

Riksrøys 204 B var kanskje ei B-røys, men for ei utsikt! Ho låg og flotta seg mot Ranseren og Børgefjell nasjonalpark.

Litt slitne men veldig godt nøgde med å ha nagla RR nr 2 for dagen.

Neste turdag drog vi i lag med gutta til Saksin. Fiska litt og kosa oss i finveret. Utpå dagen vart damene raustlause og dårleg med napp var det og... Det låg ei kjempestor riksrøys på toppen like ved. Denne kunne vi sjå frå lavvoen til og med. Så då går vi vel dit då? Og det gjorde vi...

Nummer tre!

Røys 204 viste seg å vere ei skikkeleg stasrøys. På toppen av Movretjahke 1206 m.o.h. Her var det  kongemerke på grensesteinen og årstal som var litt vanskeleg å tyde - trur det var 1760.

Norsk side hadde helde seg best - ikkje noko tvil om krona her nei!

Norge si grense på landjorda mot Sverige er 1630 km, og faktisk den lengste felles riksgrensa i Europa!  Statens kartverk har ei fin side om riksgrensene.
      
Riksgrensen er merket med grenserøyser, i skogtrakter ved en grensegate. Grensen var opprinnelig merket med 374 grensemerker, de aller fleste røyser. De første 11 (bygd 1661) står i grensen mellom Norge og Bohuslän, de neste 294 i resten av grensen mot Sverige (bygd 1751–64), så 59 i grensen mot Finland (1760-årene) og 10 i grensen mot Russland (disse er bygd etter 1826). Ved hver ny grenseoppgang er det senere bygd nye røyser, antallet er (2005) vel 800. Riksgrenserøysene har form av avskårne kjegler, ca. 1½ m høye, ca. 2 m brede i bunnen og ½ m smalere øverst. I toppene er murt inn opptil 1 m høye steinplater (hjertesteiner) med innhugd nummer, byggeår og kongenavn.

Mykje av dette hadde vi no funne ut sjølv allereie.

Kent køyrte heim over Trysil - og der fekk han jammen med seg endå ei riksrøys. Så no har vi berre ca 796 att å finne!

torsdag 19. august 2010

Lavvoliv

Dåaranjaevrien er to vatn samansett av eit utal bukter og holmar. Det ser ut som 100 småvatn, men heng i hop. Her er porten til Børgefjell nasjonalpark frå svensk side. 7 dagar - 5 menneske - 1 lavvo. Vi var meir opptekne av feriekvalitet enn å bevise Lars Monsen fakter. Difor leigde vi helikopter til bagasjetransporten begge vegar.

Første glimt av vatna frå kopteret. Det kan vel ikkje verte betre enn dette?

Lavvoen skulle verte det faste haldepunktet gjennom veka. Reint som heime, faktisk. Den viste godt i det opne landskapet. Frå alle kantar og på kilometers avstand. Det var kjekt å sette kursen mot den grøne trekanten etter trasking i fjell og langs fiskevatn om dagane ...

Jaktkameratane nyt lavvolivet!

Vi hadde vel med oss i overkant mykje "stæsj", men det betydde god mat, nok klede og god stemning. Etter nokre lange turdagar var det himmelsk å komme heim og ete middag i lag.

Kent var ein naturleg autoritet på frukostlaginga etter mottoet: FÆR mykje egg og  FÆR mykje bacon. Varm frukost med rikeleg protein og fett samt bønner, heimbaka brød og kok-kaffi gjorde susen. Strålande sol og utruleg vakkert landskap var sjølvsagt med på å dra opp stemninga.
 

Det er stor skilnad på telt og lavvo. Betre plass og meir sosialt. Lavvolivet kan anbefalast!
Triveleg å starte dagen med ein pubquiz til dømes. For ikkje å snakke om kor lærerikt det er.. Vi lærte mellom anna at vi hadde nok minst ein filibuster i gjengen.. Dialektord var og eit gjennomgåande tema i lavvoen. Vi plukka fram gamle gløymte perler, og øvde på frenlydar som i ordet svenskjin.
 


Kent hadde investert i lavvoomn. Fekk no fyr nokre kveldar som gav både varme og kos sjølv om det var lite brennbart i området.

Komfortabelt er det og, berre ein veit å ordne seg. God natt!

Fjellufta gav mange kreative utslag. Veka gjekk fort. Dette er ei av mine topp tre ferieveker nokon gong. Mobil, e-post, internett, TV vart ikkje sakna eit sekund.

Ingen ferie utan litt drama. Nest siste dagen vakna eg til eit høglydt NEI, NEI, NEI! frå Arve. Urven gløtta eg på auga og fekk sjå Marita i fullt firsprang direkte frå liggande i soveposen mot lavvostanga.

 07.00 med iskald nordavind og regnbyger hadde stanga knekt og lavoen raste i hop. Vi tok det stort sett med knusande ro. Frå djupet av dunposen innerst i hjørnet kom det med søvning bassrøyst: Vi hentar berre ei jarnstong frå sameskrammelet på nordsida av vatnet.
  

Damene vart att og passa på heimen medan karane sprang etter jarnstang. Bråstart på dagen og litt hustrige vart vi.

Gråteip og bruntape resulterte i betre lavvostong enn nokon gong og vi kraup ned i soveposane att for å ta ein restart på dagen...

Pokernight på fjellet. Ikkje heilt sant, det gjekk vel mest i "Blåbærtue" og "Amerikanar". Eg trur det var denne kvelden det sprakk for ein av jaktkameratane, som med rasande fistelstemme i totida deklamerte; IKKJE sjå på me mæ hauløkt!!!! 

Alt har ein ende, også kvalitetsliv i lavvo. Dagen med verkeleg dårleg ver skulle vi ut av fjellet. Karianne og Arve pakka ned ALT til avtalt tid. Ikkje noko skrammel låg att etter oss. Men kvar vart det av helikopteret?
Seint men godt vart dei henta. "Mycket dårlig väder", sa piloten. Karianne var ganske grønn når dei kom ned. 

Det freistar med nye lavvoferiar. Heilt klart.

onsdag 18. august 2010

Soaked in luxury

I år skulle eg prøve noko anna i ferien. Ikkje det at eg kan hugse at eg nokon gong har gjort det same som i fjor i ferien, men likevel...  I 2010 skulle det i alle fall verte VILLMARKSFERIE. Med søstra, barndommsvennar og nye vennar på laget og omfattande, langdryg og detaljert planlegging på spreadsheet, MSN og e-post.

Vi stappa oss inn i to bilar og sette felles kurs nordover frå rundkøyringa på Moa. Kent stakk eit eller anna inn til oss gjennom bilruta på ferja. Kva var no dette? Fornøgde kvinnehyl frå jentebilen når vi såg at det var designarmband med anheng. Logoen var: Soaked in luxury. Og det sette i grunn standarden for heile ferien...

Basecamp veke 1 ved Dåaranjaevrien på grensa til Børgefjell nasjonalpark. Veke to var øyremerka jakt og lokalisert til Dorothea i dei svenske skogane.

Det er noko med det. Du veit du er på luksusvillmarkstur når:

  • Bagasjen går med helikopteret, og piloten er proff nok til å ikkje lette på så mykje som eit augnebryn over mengda..

  • Du kan vandre berrføtt i Børgefjell..

  • Du kan bytte ut Toro-middagen med sjølvfiska fjellaure av topp kvalitet

  • Du kan steike deg i sola, utan andre planar enn å vere der, så lenge du vil, utan å vite kva klokka er. I lag med folk som du ikkje treng snakke med nett då. Fordi det er bra å vere i lag utan prat. Nett no.

  • Arve brukar ein heil dag på å plukke molte, sjølv om molteåret er tragisk. For å kunne karamellisere, flambere og servere med krem og skogsbærbalsamico: Mayham med krem. Til oss!! Nammenam! 

  • Når gamblarane sler seg laus i lavvoen i skinnet frå Champagnebøtta...

  • Gliset frå jaktkameratane vert breiare og breiare i takt med at det vert trongare på knaggen. Og eg veit at dei er minst like gode til å invitere og tilbrede som dei er treffsikre..

  • Vi legg kviledagen til Vilhelmina med boblebad, full kroppsmassasje og ansiktsmaske når myrkroppen vart for påtrengande.

Villmarksferien sprengde alle grenser. Alle forventningar. Dette var ferie i eliteklassen. Sprudel og overskot. Prikken over i-en er jo å ha fridom til å kunne gjere det - og knakande kjekke folk å oppleve det heile i lag med. Det er å vere soaked in luxury det...


tirsdag 17. august 2010

Slogen - dametinden

13.-14 august drog Askvolldamene på tindetokt i Sunnmørsalpane. Kristoffer Randers skriv i boka si frå 1898:
"Her er fjelltopper som Slogen, som nå etter den vanlige rute til topps regnes for en”dametind””

Men på den andre sida så skreiv han og:
"Det er Slogen på nordsiden av Norangfjorden som har den dristigste reisning, eleganteste bygning og den mest utpregede og fullendte tindeform."

Jammen var det flott når vi kom over skodda og tindane reiste seg i alle retningar.

Nokon ville telte i fjellet.

Men vi ville på historisk grunn i Patchell sine fotspor. Originalhytta han bygde på 1920-talet står framleis.

Men denne var for tida okkupert av snekkarar, så vi måtte ta til takke med den moderne varianten av Patchellhytta som er stashytta til Ålesund og omegn turistforening.
Og her var det FINT! Fantastisk natur. Humøret var på topp! I morgon skal vi på Slogen! Eg gledde meg som ein liten unge. Før vi hadde vore eit kvarter ved hytta visste vi at vi skulle tilbake. Ein gong. Heilt klart. Eit døgn var ikkje nok.

Første blikk på morgondagen si utfordring. Han Randerskaren visste nok kva han snakka om ja...
Meg, Anne og Nina med Slogen bak

Morgonen etter fekk vi oss ein liten kalddusj. Skodda låg langt ned i fjella. Vi begynte å gå mot toppen. Hadde sett den kvelden før, så vi var heilt sikker på at den låg der. Her får ein ta det som det kjem.

Dametoppen var samarbeidsvillig og skodda letta etterkvart som vi kleiv i bakkane. På kartet stod ei rute, og ein lokal helt hadde gjeve oss nokre gode råd om anna vegval kvelden før. For sikkerheits skuld gjekk vi eit alternativ omlag midt i mellom desse. Gjekk fint det. Vi kom etterkvart inn på ryggen opp mot toppen. Større dimensjonar enn Askvollfjella dette. Trua steig etterkvart som sola fekk tak.

Litt klyving måtte til siste stykket.

Anne lot høgdeskrekk vere høgdeskrekk og tok toppen med stil.

Toppen! Vardebilde er sjølvsagt heilt obligatorisk. Ganske luftig der oppe. Skodda og utsikta kom og gjekk, og det var nett som heile toppen sveva.

Boka på toppen var av kjent slag. Burde vore ein frivillig 100-poengar i fjelltrimmen dette.

Sunnmøre er berre utruleg flott. På veg ned var det tid til å nyte både tindane og alle dei vakre blomane.
Fjelltjæreblom (Viscaria alpina)

Issoleie (Beckwithia glacialis)

1564 meter er ikkje gale å gå oppover fordelt på to dagar. Men å gå nedover...Mjølkesyra tok skikkeleg tak i låra etterkvart. Vi gjekk og med litt større sekker enn "folk flest". Ikkje alle som tek med soveposen på Slogen. Nedoverbakkane tok aldri slutt.

Vel nede måtte vi innom Union Øye og kikke litt. Jammen hadde det ikkje vore Askvollingar her før! Kunstmålaren Anders Askevold hadde slått til med eit Slogenmåleri utan kyr.


Stor takk til Anne og Nina for den beste feriestarten eg kan hugse! Slike turkameratar veks ikkje på tre.

(Beste feriestart viste seg i ettertid å vere rekordgangsperr og store problem med generell mobilitet i tre dagar til ende..)

mandag 9. august 2010

Smelvær!

Søndag 8. august lempa vi kajakkane på biltaket og sette kurset mot Staveneset. Vi har høyrt korleis Stongfjordingane skryt av Smelværet til støtt og stadig. Stille sjø og fint vær var eit godt utgangspunkt for meg, som fortsatt er i nybegynnarfasen. Store delar av været er naturreservat. Det var to gardar her i gamle dagar.

Ut frå Staveneset. Vi kryssa skipsleia og såg Smelværet i horisonten. Etter ein grå dag lysna det opp - perfekt berekning.

Alden er fin frå nord og den. Først skulle vi sjekke om det braut ved Kråka. Flatt hav. Lite bryting. Mykje grunner og skjær utover.

Tolmodig venting på dønningen. Kinn i bakgrunnen. Ikkje så veldig langt over herifrå.

Det vart bittelitt surfeleik på oss. Sel var det overalt, og dei var nyfikne på kva vi heldt på med. Oter såg vi og.

Velkomstkommiteen stod klar på Smelvær. Tenåringsvariantane av dei tre bukkene Bruse tykte det var stas med padlarar.

Nina hadde ekstremt geitetekke....Klauvar på tørrdrakt er vel eigentleg ein dårleg kombinasjon.

Kom deg vekk, parfymekajakk!

Gruppebilde er obligatorisk på tur! Kaffi og niste i sola. Deilig med sol - og endeleg litt for varmt med tørrdrakt! For første gong i år.

Ope hav har sin sjarm. Gjøa ligg rett ut her.

Etterkvart somla vi oss heimover. Gjennom Smelvær, og over til Heggøy. Smelværet VAR fantastisk. Ope hav og brytande bølgjer (i alle fall normalt) på nordsia. Skjerma og fint mellom holmar og skjær inne i været. Grunt med klårt vatn og mykje spennande marint liv å sjå. Eg har lyst ut att! Her er det mykje som kan utforskast. Eg må innrømme at det er god grunn til å skryte av dette området. Vi er jammen heldige som bur midt oppe i dette - og har vett til å komme oss ut og nyte naturen!

Dagens rute - 15,2 km på GPS-en. Klikk for større utgåve. Gjeld alle bilda.

Aktiv helg for Askvoll padleklubb. Jørn Magne hadde grunnkurs i Askvoll og Odin var på familiedag i Holmedal med padleaktivitetar for barn og rulleshow. Og vi var altså på ein av sommarens finaste turar. Heimatt var det BLIKKSTILLE på sjøen, og vi rakk akkurat inn i Stavenesvågen til det mørkna.