Vekkerklokke. Spenning. Sjå ut glaset. JAAA! Stordalsfjellet (752 moh) frå Skjerlia var målet. Ingen kunne vegen eller visste kor lang tid det tok, så i dag dag hadde vi både GPS, kart og kompass (og hovudlykt).
I Skjerlia stod turkameratane klare, og eg sleit med beslutningsvegring. Fjellski (som Nina) eller randonee (som Leif)? Elle melle. Randonee.
Frå Norddalen ned mot Markavatnet og utgangspunktet
Norddalen stod til forventningane. Relativt bratte bakkar oppover, men for eit vakkert kulturlandskap! Ei hemmeleg perle i Askvollfjella.
På veg opp dalen i vakkert kulturlandskap
Mot toppen av dalen vert landskapet villare og råare
Norddalstjerna. Her begynte alvoret. Skråberga rett i mot.
Kryssing Norddalstjerna
Skrå svaberg om sommaren. Det såg ut som litt av ein monsterbakke no. Det var ikkje så gale når vi fekk begynt på bit for bit. Her gjekk vi oss på skispor og fotspor. Gjetteleik på kven dette kunne vere? Fasiten står jo truleg i fjelltrimboka på toppen...
Leif mot toppen av skråberga
Då vi kom opp i skaret vart vi litt forvirra. Eg har kun gått andre vegen på sommarføre. Skispora gjekk ikkje heilt der vi hadde tenkt løypa. Kva hump er eigentleg Stordalsfjellet? Alle humpar var like og kvite. GPS og kartsjekk. I grunn like kloke. Så då gjekk vi berre i skispora til dei andre.
Sjølvsagt gjekk spora til Stordalsfjellet. Sjølvsagt kom vi oss opp. Sjølvsagt vart det teambilde og "innskriving" i boka. 30 poeng takk. Sjølvsagt hadde vi tippa rett på sporlagarane.
Nina på veg opp på rette humpen
Leif på toppen av Stordalsfjellet
Dagens teambilde
Så var det slutt med det sjølvsagte. Vi skulle ned. Eg var nervøs. Litt vondt i magen. Hard skare heile vegen, men ikkje knallhard.
Heldigvis skulle vi ete litt først i ei solhelling. Vigdis og co hadde laga sofa i snøen som vi utvida litt og leika påsketuristar på. Litt mindre varme i sola og litt kortare enn ein påskelunsj.
Utsikt frå Stordalsfjellet austover mot Blegja, Storehesten og Kringla
Vi fann vår eigen variant av løype ned. Randoneeski var tingen. Det gjekk kjempefint sjølv om det var skare. Nina gjorde ein hederleg jobb og hadde litt større utfordringar på fjellski, men alle kom seg heilt ned med skia på!
Norddalen- Stordalsfjellet var meir enn godkjent som ein bra skitur - her vil eg gjerne gå att med pudderføre. Fine bakkar og flott terreng!
GLIIIS! Eg har nagla fjelltrimtopp nr 3 for sesongen - Stordalsfjellet bak.
Det er herleg å ikkje vere så redd lenger når eg skal ned med randoneeski. Eg har framleis mykje å gå på, men bekymringane på toppen var grunnlause.
Sjølvportrett i skibrillene til Leif
Takk for i dag - takk for turen!