søndag 31. mai 2015

KYBIL - sesongstart 2015

28.05 Bedriftsidrettslaget til Kystverket, KYBIL, har kajakkar på lur. Terje og eg inviterte til padledag, for å sondere interessa. Vi var ein fin gjeng på 7 stk som møttes på Nørve. Dei fleste hadde lite padleerfaring, så vi tok ein runde med spørsmål og svar på land, litt om utstyr og prøvesatt kajakkane og stilte inn pedalar.

Taking my colleagues kayaking! The company sports have a few kayaks. Now we show people how to use them, and hopefully we'll have many after work- sessions during summer. Great gang, and they were very talented too! 

Litt tips før avgang (Foto: Terje Midsund)

Då var det berre å hive gjengen på sjøen og håpe på det beste.

Kystverketsfolk er sporty folk som kastar seg i det. Det var skvalpesjø og litt trekk, så vi heldt oss innaskjærs. Etter nokre rundar med utforsking av padletak, svinging og kollidering padla vi inn Nørvesundet til museet. Fin tur på ca 3 km totalt og mange blide fjes.

Straum i Taskesundet

Kjekk gjeng! Potensielt veeeeeldig bra padlemiljø her!

Vi demonstrerte litt ulike redningar til slutt, slik at i alle fall ein av oss (dvs eg) skulle vere våt før vi gjekk heim. Kameratredning og cowboyentring gjekk bra (i Hasle explorer) men åreposeredning fekk eg ikkje til. Moralen er: Det du har øvd på funkar best!

Utfordringa framover no vert å lære folk akkurat nok til at dei vert meir gira på padling, og lite nok til at dei melder seg på eit skikkeleg grunnkurs med meir pedagogiske folk enn meg...

lørdag 30. mai 2015

Skjonghellaren

26.05 Karianne var innom på lynvisitt, og vi ville lufte oss etter middag. Attraksjonen på Valderøya er i grunn Skjonghellaren, så då gjekk vi dit!

The cave Sjonghellaren near Ålesund is one of the largest on the westcoast og Norway. Surreal place. People have been tagging their names on the walls for decades. Arceologist have found traces from fish and birds dating 30 000 years ago, before the last ice age. Findings confirm people living here from the early Iron age.There is easy access to the cave - only 20 minuts walk on gravel path from the parking at the stadion at Valderøya. 

Det ser ikkje så dramatisk stort ut før ein kjem heilt opp. 

Heile hola er tagga ned gjennom dei siste 100 åra. 
Eg skjønnar det verkeleg ikkje, kva er det folk tenker på?



Wikipedia: Skjonghellaren er ein av dei største på vestlandskysten. Det er metertjukke lag med lausmassar frå mange tidsperiodar i ytre del av hellaren. Her er det funne knoklar av dyr og fuglar, opptil 30 000 år gamle. Dette er nokon av dei eldste funna av fauna i Norge. Alkekonge og polarlomvi er dei mest tallrike artane i funna. Det er og funne restar av sel i hola. Er det isbjørn, polarrev eller menneske som har drege beina inn i hola? Det er spor etter flittig bruk av hola i eldre jernalder, mellom anna reiskap, gruer og bein av fisk, vilt og husdyr.

fredag 29. mai 2015

Stokkevågen - Avløpet - Lågøy. Pinsepadling i Solund 2015

24.-25. mai. Søndag morgon. Vind og regn. På eit eller anna tidspunkt MÅ ein stå opp for nokre naudsynte ærend. Vi hadde det ikkje travelt, og vart einige om ein lang føremiddag med slaraffen. Litt migrene som måtte pleiast, og vi andre hadde vel ikkje vondt av å slappe av litt. Det var utruleg deileg å berre dorme, sløve, sove litt, drikke litt te og la timane fare.

Lazy days in Solund. Exploring the sounds and islands by kayak is just perfect. All types of weather, exciting bird life and amazing to see the places people have been settling. 

Leirliv!(Foto t.h: Mildrid Flø.) 

 Eg fekk låne stormcag'en til Mildrid for å gå ut. Ein storleik skal passe alle - utanpå vesten. Eit fantastisk plagg. Vi vart einige om å innføre ordet padleanorakk i staden - og ein slik ein står på ønskelista. 

Klokka 13.00 tok vi oss på tak for å ete, pakke ned, og komme oss på sjøen. Det var framleis mykje ver. Før vi hadde komme oss avgarde stilna det heilt og letta opp. Kor mykje flaks går det an å ha?

Klar for tur!

Vi såg etter fleire teltplassar i Hossvågen. Der vi hadde campa var klart finast. Flaks igjen. Vi for sørover til Brattholmen, for å komme inn i Dalesundet på veg nordover att. 

Rånøyna

Det letta meir og meir, og vi tok ein beinstrekk på Tangeneset. 

Tangeneset sentrum

Frå Tangeneset og nordover mot Værlandet og Alden. Ospa ligg framom med eit karakteristisk "hakk"

Vi såg terner og ørn og diverse fuglar, men det som overraska meg mest var gauken som gol på dei ytste holmane. Mykje fugleliv i Solund!

Den friskaste padlinga denne dagen (mellom Tangenesosen og Stokkevågosen) var ikkje mykje å skryte av. Litt medsjøpadling nokre hundre meter vart det. (Foto: Mildrid Flø).

Her fekk eg endeleg fortelje historia om stokken og sjørøvarskatten i Stokkevågen! Eg hadde gledd meg i dagesvis til å fortelje den. Så då var stemninga satt og praten gjekk høgt om skattekister, kaperfart, slit og armod i tidlegare tider. 

Sist gong eg var i Stokkevågen (ca 2001) kom eg langs stien, og hugsa det som ein open og lys plass mot havet. No kom vi padlande inn under nokre bratte hamrar, og uhygga stod som eit gufs i mot oss. Fint, men skremmande, Ulikt dei andre plassane vi har vore innom i Solund. 


Stokkevågen, med tunet litt oppi lia. 

I fleire år vart det arrangert internasjonale ungdomsutvekslingar her. Det er ei sterk kopling mellom desse utvekslingane og framveksten av eit kajakkmiljø i Askvoll, men det er ei anna historie. For spesielt interesserte: Link til videoar frå utvekslingane. Sjekk Hafs 2001. 

Naustet = restaurert grindbygg. 
Ove Losnegård er aktiv trearbeidar og kystkulturentusiast som har hatt mange ulike roller i fleire tiår. Han har vore med på restaureringa i stokkevågen og eit spennande samarbeid med arkitekthøgskulen i Bergen om byggeskikk på kysten. 

Alt vi hadde var vått, og vi hadde lyst til å spele spel kring bordet på Råkeneset utover kvelden. I alle fall eg. Så vi let telt vere telt og for tilbake til husmannsplassen "vår". 

Der fekk eg oppleve årets første og truleg einaste orreleik! Damene han tiltrakk seg var oss, så eg er litt usikker på om han bomma på målgruppa. Neste morgon var han på att igjen, og brusa seg skikkeleg opp. Artig!


Pinsepadling med orrfuglleik!

Måndag og siste dagen. Kjipt med tidsfrist på padletur, men slik må det verte. 



Sygni med husmannsplassen på Råkeneset bak åra. 

"Der ingen skulle tru".. Det er fleire av sorten i Solund. 

Hmm. Må sjekke om Kystverket har fått ny merkestandard.

Vi for nordover. Eg klarte ikkje å finne att teltplassen som Nina og eg brukte på Bardøyna. Dvs fann han - på tredje forsøk. Solund er navigasjonskrevjande terreng! Mora til Mildrid hadde kjentfolk på Avløypet, så vi padla for å helse på. Alle desse stadnamna som går att, kva betyr dei? Avløyp, Stroka? Nydeleg utsikt over til Gåsvær og Ospa, og ope hav att. Eg likar i grunn det aller best. 

Triveleg treff på kaia! 
Vi fann rette hytta, rette folket og fekk helsa på. Her har dei eit skikkeleg ferieparadis og med 2 x Romany er dei godt skodd for ekspedisjonar i øyriket! Neste gong må vi ha tid til ein kaffi og ein lengre padleprat! 

Slik såg det ut då vi for... (Foto: Ellen Ekvik)

Ørna følgjer med

Sørover forbi Lågøy

Fin gard. Storbonden på Lågøy? 

Ståande buffet i Gåsevågen!

Kort pause, sjekk på klokka, sjekk på kartet. Vi hadde rekna på det dagen før, og måtte vere på Hardbakke ferdig pakka til 13.30 for å rekke ferga. 
Kva gjer vi no? Vi har litt ulike kajakkar og såg at vi måtte jobbe som team for å rekke inn att. Tauelag og målretta teamjobbing var planen. Kajakkane plassert etter fartspotensiale (lengde). 

For ein gjeng! Det gjekk veldig fort og vi klarte å halde farta jamnt oppe. Litt allsang vart det utpå der  med både stev, barnesongar, ein kanon og diverse army-inspirerte vers som: 
Padle, padle, utan stans,
Vi må komme oss til lands! 

Padle, padle, padle på, 
Dinna ferja vi må nå!

Tanken om ei padlesongbok er født. Har DU tips til songar som berre MÅ vere med?

Tauelaget har fullført - og med glans! (Foto: Kristin B. Bjørkedal)


Speglblankt på Hardbakke (Foto: Kristin B. Bjørkedal)

Vi heldt momentet oppe, som det heiter på teambuildingsspråket, og pakka utstyr og kajakkar på bilane i løpet av 20 minutt. DÅ ser vi at vi har bomma med ein time i berekninga vår. Vi er ein HEIL time for tidleg ute... Jaja. Ikkje så mykje å gjere med det. Så i tillegg til personleg padlerekord med full kajakk så vart det ein time å vente på ferja. Eg trur vi kan flire av det om ei stund. 

Ha det bra! Det enda godt!

Dryg køyring til Ålesund, og eg var heime ved midtnatt. Men det er SÅ verdt det! Solund er ein fantastisk stad. Synd det er bittelitt for langt unna. Det vert fleire turar, om ikkje så brått!

Pinsepadling i Solund - alle 4 dagane


For spesielt interesserte: 
GPS dag 3: 19,5 km. Total tid: 4 timar og 43 minutt. Tid i bevegelse 4 timar.
Snittfart tid i bevegelse: 4,8 km/t

GPS dag 4: 17,5 km. Total tid 3 timar og 55 minutt. Tid i bevegelse 3 timar og 10 minutt Snittfart tid i bevegelse: 5,5 km/t.
Siste timen: snittfart 6,6 km/t - tauelag og fergetidspress.

Kart dag 3 og dag 4

torsdag 28. mai 2015

Olderkalven og Ytrøy - Pinsepadling i Solund 2015

23.mai AAAAAHHHHH! Brukbart ver, fine folk og ein fantastisk plass. To speilegg i magen og klar for øyhopping i Solund!

A great day for kayaking in the archipelago of Solund. In between the islands the sea was calm and the wind was tolerable. We took a look at the exposed westside of the outer islands. The lighthouse of Utvær is the most westerly point of Norway. We only got a glimpse of it from afar. Next time, then... Great sightseeing and a lot to see - everywhere. Clear waters and a lot of colorful creatures to see under water in contrast to the weathered rocky environment above. 

Padleklare på Råkeneset

Små padlarar i stort landskap (Foto: Kristin B. Bjørkedal)

I ukjent landskap, nye sund og holmar og eit fast blikk på kartet innimellom. Overraskingane og opplevingane stod i kø. Første post var eit gammalt vrak.

Vrakpadling!

Vi kryssa over til Olderkalvene og øyane der. Litt motvind og fin sjø. Alden og øyane i Askvoll i horisonten.

Kristin i fint driv. HAVpadling er kjekt

I sunda kring Olderkalven fekk vi eit skikkeleg show. Ein måse kranglar med ein ravn om noko. Ei ørn kjem og grabbar noko frå måsen. Ørn nummer to kjem overraskande bakfrå og gjev ørn nummer ein skikkeleg lusing, med det resultat at ørn nummer ein får seg ein skikkeleg dukkert. Ørn nummer to flyg triumferande avgarde med byttet medan ørn nummer to hostar og harkar og kavar seg til overflata for å etterkvart sortere fjør og vingar for å komme seg i lufta att. Alt dette ca 10 meter frå kajakken til Kristin. 

Vi satsa på Skogsneset til lunsj med utsikt ned til Indrøy. Idyll, livd og sol. Bra plass for ferie- og fritidslunsj!

Skogsneset resort

Det er lov å late seg litt på tur!

Teambilde - kartlesing. 

Fiskeoppdrett. Verdiskaping må til skal det bu folk her ute. 

Vi for til Ytrøy for å sjå på storhavet. Drøymen om Utvær var allereie lagt på is, men det var greit å få det bekrefta. I dei tronge sunda på vestsida braut det stor og tung sjø innover. Ingen stad for kajakkpadlerar i dag. Flott å sjå kreftene herje. Ein triveleg kar med ein kjælen katt gav oss mykje gode tips om leirplassar og ruta vidare. Han kunne godt tenke seg kajakk sjølv, kom det fram etterkvart. 

Mildrid testar kreftene. 
Sundet i sør om ein skal på yttersida frå Ytrøy-bassenget

Sund nr 2. Det var ruskut å leggja utpå

Ytrøy

Utvær. Det næraste vi kom i dag. Heilt greit. 


Utvær ligg der til seinare. I dag var det betre å snirkle seg ut Lundsholet og sørover Ytre Steinsundet 


Fantastisk undervassverd i Lundsholet. 
Sjønellikar (som er eit dyr..) og digre sjøanemoner med diameter på minst 20 cm 

Vi var på leit etter Grønehellaren og steinalderspor. Med informasjon frå både internett og lokalbefolkninga var vi godt rusta - trudde vi i alle fall! Vi fann kyllaren der vi trudde det skulle vere, og la på veg etter alle potensielle sprekker i fjellet. 

Du skjønnar at du har vore litt ivrig, då du brått befinn deg 120 meter over havet, i tørrdrakt, med vest og skjørt og sydvest og svetten silar... Vi fann i grunn ikkje noko som vi trudde kunne vore den hellaren. Så send gjerne tips og bilde av staden om nokon har det.

Fin utsikt! Vi tek HMS'en på alvor og køyrer rednignsvest også på fjelltur!

Synkronpadling

Ein lang og innhaldsrik dag. Proppfull av inntrykk. Det var godt å lande på nordre Geilneset. Fin teltplass, litt vått etter to dagar med ekstremnedbør tidlegare i veka.

Leirliv

Kjapp bacalaomiddag (boksmat er undervudert!) og båling. Bra dag. 

Kart dag 2


GPS info: 25 km. Total tid 10 timar og 16 minutt. Tid i bevegelse: 5 timar og 40 minutt. 
Snittfart tid i bevegelse 4,3 km/t. Maksfart 7 km/t