søndag 25. desember 2011

Julegilde med jaktkameratane

Det hadde ikkje vorte mykje til måltid med det eg har fanga, fiska eller plukka i 2011. Heldigvis har eg vennar. Vennar med andre prioriteringar og talent for matauk. 1. juledag sitt jaktkameratgilde var sikra.

Menyen seier det meste.

Forrett 1:
Grava rype- og orrfuglbryst frå Dorothea med frisk skogsbæryoghurt
Vin: Grimaldi Dolcetto d`Alba (2010)

Forrett 2:
Rakfisk i lefse med lun potetsalat, eggsalat, flatbrød og smør
Vin: La Stoppa Ageno (2006)

Hovedrett:
Rådyrlår frå Skarset med frisk asparges, mandelpotet og Kent sin spesialsaus
Vin: Cascino Gucco Barolo (2007)

Dessert:
Panna Cotta med Skogsbærsaus
Vin: Royal Tokaji (2007)

Så rundar vi av gildet med Karianne sine muffins med marengstopping og kaffi..

Stor takk til Arve og Kent for eit eineståande måltid i godt lag. Kokkeleringa står til tre stjerner i Michelin-guiden!

fredag 23. desember 2011

Myrtur

Lillejulaften. Inga kvit jul. Vi sneik oss ut mellom bygene. Mamma viste fram ein ny veg i myra med tilhøyrande turbok!
Over nydyrkingfelt endar vegen ved Ruggelva ("Ruggå"). Bakerst ser du Skarsettinden og botnen der elva kjem frå.

Dramatisk himmel, ei ørn i motvind og flott landskap. Artig å sjå kjente trakter frå nye vinklar.

 Myrane er blaute, uendelege og utilgjengelege. Sidan tidleg 1900-talet har dei vorte temt, drenert og dyrka.
I felta her ser ein tydelege spor etter langsame geologiske og biologiske prosessar. Morenemassane i botnen er traktert av isbreear og hav for ca 10 000 år sidan. På toppen har myra bygd seg opp, lag for lag, meter for meter. Når myra vert drenert kjem nedbrytinga i gang, og etter ei stund er det berre 10% av volumet att. Men dette er til gjengjeld den flottaste matjorda du kan tenkte deg.

Stein på stein, lag på lag, fjell på fjell.

Drenering og jorddyrking er fasinerande vitenskap. Pappa har nok gjeve oss litt meir enn gjennomsnittleg innsikt og interesse for temaet. Mengde og nivå på vatnet er skilnaden på blaut myr og matproduksjon. Det må solide kanalar til for å tørke ut områda.



Oldefaren min kom til Skarset for å drive selskapet "Ny jord". Staten støtta nydyrking og etableringar av nye gardsbruk for å demme opp for utvandringa. Ikkje lenge sidan det var eit anna fokus i politikken. Kjekt å sjå at det framleis er nokon som er villig til å investere tid og krefter for å skaffe jordbruksareal!

søndag 18. desember 2011

Rulletrening!

Siste laurdag i advent let vi julestria klare seg sjølv og for på rall til Fosnavågen. Siste sjanse for rulletrening i bassenget med Herøy Kajakk Klubb i år.

Sunn galskap ein sur desemberkveld på badeland! Sygni og Trude.

Fritidsbadet var kjempefint, og betre skal det vist bli. Heia Herøy kommune! Mildrid og Jan hadde mange gode råd, og ein stor porsjon tryggheit og tolmod. Litt balanseøvingar og kontakt med bakdekk, og deretter et er det berre å rulle seg rundt.

Første del av rulla var vi ganske gode på. Det er når ein heng der opp ned at alle proposjonar kludrar seg til. Halde styr på kropp, åre, kajakk, overflate og hoftevrikk på ein gong er jammen ikkje berre enkelt.
Jaha. Kva gjer eg no?

MEN SÅ KNEKTE EG KODEN!!

Kan stadfeste at eg har rulla, opptil fleire gonger, heilt på eiga hand. I både TM Grenland og Nordkapp. Utruleg kjekt! Vart litt høg på meistringskjensla, og rota det til nokre gonger til slutt. Men no er det mengdetrening, variasjonstrening, begge sider osv. som gjeld. Kom sommar og sjøtemperatur!!!

Sygni rullar Grenland

Trude var og eit naturtalent med gode rullerørsler inne. Det vert nok fleire laurdagskveldar i Fosnavågen neste år på oss... 

lørdag 10. desember 2011

Distansemerke padling 2011

Lat? Ja, men viss eg får poeng eller eit merke så hender det at eg lettar rompa ut av sofaen. Har oppdaga at Norges Padleforbund har distansemerke. Eit klart nyttårsforsett: Bronsemerke!

Klasseinndeling og krav (dame og herre senior, kajakk, kalenderår):
Bronse          Sølv              Gull
400 km          800 km         1200 km

Min status per 07.12.2011            534,9 km

Dato       Stad                Km       Selskap
13.03.11 Flokeneset       13,5       Nina
10.04.11 Ålesund            27,9       Nina og Sygni
21.04.11 Atløy rundt       33          Nina
22.04.11 Korssund         27,5       Nina
27.04.11 Tørla rundt       10          Susan
25.05.11 Hestholmen      10          Susan
31.05.11 Ålesund            14         Turpadlelaget
01.06.11 Nørvesund       7,5         Trude -KYBIL
03.06.11 Eikesdalen       8             Karianne og Marita
10.06.11 Aralden           48           Nina
06.07.11 Ålesund          10           KYBIL
09.07.11 Erkna fyr         20           Jason m.fl
13.07.11 Runde             14           HKK, Jason m.fl
17.07.11 Skodjestr.       15           Jason, Edd m.fl
25.07.11 ASKR - 1       42,5         Nina
26.07.11 ASKR - 2       28            Nina
27.07.11 ASKR - 3       28            Nina
29.07.11 ASKR Maraton 56         Nina
03.08.11 Reine               27           Nina
24.09.11 Rangøya          14           Susan/HKK
25.09.11 Kvitholmen      22           Susan/HKK
01.10.11 Stormsamling   29           Mange!
08.10.11 Blimsanden        9           Mange!
19.11.11 Langevågen       9           Sygni
07.12.11 Måneskinspadling 12      Sygni og Kenneth

Bilde frå padleturar 2011

Adventspadling i Brosundet

Stormsamling i Bulandet (Foto: Kjell)

 Blimsanden dagen derpå ein liten kuling

Inn vågen på Kvitholmen, Hustadvika

Skikkeleg tidevasstraum i Bunesfjorden i Lofoten

ASKR - dag 3 Long Ramble. Mot Nykan.

Padling i Skodjestraumen

Medsjøpadling tilbake frå Runde fyr
Erkna fyr

Nuka på Borgundfjorden (foto: Trude B.S)
Bypadling i Ålebyen med KYBIL

Telting i Aralden i juni

Atløy rundt på skjærtorsdag

Nina og Sygni i Ellingsøyfjorden

Første tur 2011! Flokeneset - Stavestranda

torsdag 8. desember 2011

Måneskinspadling

Sygni sendte alarm medan eg sat på Gardemoen og blomstra. - I morgon melder yr.no vindstille og måneskin! Tur?

Kenneth og Sygni har drege fram frosne kajakkar, hovudlykter og resten av padlestæsjet som nesten hadde fått vinterpause..

Svartblank sjø og desemberpynta by med stjerna som skin i blått på Sukkertoppen. Toppa med nesten fullmåne på full styrke. Vakkert.
Nuka og Romany i Brosundet

Stas med måneskinspadling!

Under Aspøybrua

Sjølv om dagane vert kortare, er det ingen grunn til å legge kajakken heilt i vinteropplag.
Innflyginga til Vigra i blåtimen denne veka. Kan du tenke deg betre padleleikegrind? Ellingsøyfjorden og Borgundfjorden...

Uvant. Uvant med mørke. Uvant med snø og frostrøyk. Litt kaldt på fingrane, og neoprensko er heller ikkje så varme..  Snødekte lier. Snødekte øyer som tydelege konturar mot kveldshimmelen. Nydeleg!
Måneskinsturen vart 12 km og gav masse mentalt overskot!

lørdag 19. november 2011

Rundt Langevågsholmane

09.00 Laurdagsmorgon. Oppmøte på Nørve. Grått og trist. Det dryp og er vått. Eg lurar litt, men berre litt, på kva vi eigentleg held på med. Sygni har fått seg ein flett ny Romany, og premiereturen kan ikkje utsettast på grunn av veret.

Arrow Nuka vs NDK Romany. Smekre og lekre begge to. Mykje meir "banan"-fasong på Romanyen.


Sjeldan har eg sett eit så langvarig og breitt glis som hos Sygni denne føremiddagen. Eg trur ho har fått seg ein passeleg kajakk her ja...

Kan den svingast tru?

Fint på tur, fint rundt innimellom Langevågsholmane. Plukkar opp ein plastsekk som vi padlar over. Nyttårsforsettet er klart: Ta med litt søppel på kvar tur.

Tur ca 9 km

torsdag 3. november 2011

Storhornet

Kva kan ein eigentleg forvente av ein feriedag i november? Eg har sett ut på Storhornet kvar dag det siste året, og vore på Godøya fleire gonger. I dag var planen Godøya på langs - eller Storhornet opp, om du vil.

Det var alt for heitt med ulltrøye, og solbrillene måtte sitte på skulle eg sjå noko som helst. Men kven klagar på det i november? Turar utan stilongs på denne tida er bonus.. Vakkert er det på Sunnmøre!

Ruta i dag: Frå gatekjøkkenet og opp ryggen, bortover her, ut til toppen heilt til venstre på bildet, ned ein ny rygg og komme ned på Alnes til høgre. Siste etappe var gamlevegen langs stranda tilbake til bilen.  

Storhornet (497 moh)! Høgaste fjellet i Giske, og lengst bak ser eg heim til Skalten..

Over fjorden ligg det villare og meir dramatiske fjell og lokkar. Berre vent, eg kjem nok ein dag.

Storhornet - been there, done that...

Alnes! Kulaste bygda i Noreg? Vert aldri lei av å komme ut her.

Ferie i november er undervurdert! Må berre hugse at det er mørkt klokka fem om ettermiddagen.  

Meir info om Storhornet på fjellinordvest 

mandag 31. oktober 2011

Rondane

Av og til er det bra at business vert blanda med litt pleasure.. Tre seminardagar på Rondane med to timar tur innover til Rondvassbu! Kaldt og nydeleg!


Sjølv om tidsskjema var stramt fann vi rom for bittelitt hopping..
(Foto: Kristin - med bloggen Fjellfant)

Sikkert fint å vere på Rondvassbu om sommaren og tenker eg... Spørs om det må verte ein tur til?

Neste morgon var det reine eventyrstemninga innover fjella.