søndag 16. desember 2018

Tatt av vinden - med kajakksegl!

16.12 Kajakksegl har vore eit tema lenge. På ein mørk og regnfull haustkveld framom internettet vart det kjøpt inn, i håp om betre tider. Første gongen vi var ute for å teste var det ikkje vind. Denne gongen hadde vi meir trua. Start i Gjøsundet, med vinden i ryggen mot Synnes. Bil strategisk plasert ut i forkant!

Nydeleg lys og god bør! 


Hu hei kor det går! 

Erfaringar: Kjekt, men kan fort verte einsformig. Segl vert supplement til padling, ikkje i staden for. Med den vinden vi hadde denne dagen vart SNITTFARTA ca 6 km/t, men punktmålingar ofte mellom 9-12 km/t. Det er noko med teknikken og halde farta og styringa oppe. Eg rota det litt til med skegen, og dreide brått 180 grader opp mot vinden. Eg trur dette er enklare med rorkajakk, men absolutt ikkje umogleg med skeg. Kanting og seglføring må koordinerast, og det må øvast litt meir på. Det var veldig greit både å legge ned og ta opp seglet. Eg har lyst å prøve i endå meir vind.  

Frå første økta 8.12 utan vind... Hvem kan segla forutan vins? I alle fall ikkje eg i kajakk.. (Foto: Roger)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar