onsdag 26. juni 2013

Midtsommar i Skarvatnet

Midtsommarhelg. Dei lysaste nettene er NO! Vi hadde avtalt å gå i Skarvatnet om ettermiddagen. Regnet hølja ned frå morgonen av, og motivasjonen var dalande. Pappa skar igjennom; Vi skal no fiske litt.

Ikkje direkte lett å få fyr på bålet denne gongen. Men vi gav oss ikkje så lett.

Skal tru om det vert heit kaffi?
Mangelen på plan B (termos) var nok avgjerande for innsatsen med fyringa

Skarvatnet. Fisking. Ro i sjela. Her er det godt å vere.

Kva har vi her?

Karianne med dagens første

Pappa med dagens ca nr 10.

"-OIOIOI, dette er ein (skikkeleg) stor ein!" Det vart vel sagt på nesten alle nappa. Det viste seg at Skarvassauren anno 2013 var forbausande jamstor og igrunn ikkje så stor i det heile. Sprek og bitevillig kompenserte i grunn for det med storleiken.

Karianne - aure 0-1. Vi vart lurt. Innimellom.

Men det var så travelt at kaffien, som vart kokheit og krutsterk (rørt med furupinne - abrakadabra), nesten ikkje vart drukken. Røyking, fotografering, dopausar osv var det nesten ikkje rom for. Det var BET!

Eg fekk mi dose eg og.
Mygghatten er kanskje ikkje HEILT moderne, men med vindstille og "smekke" så er den genial.  

Resultatet på benken heime: 40 stk - 4,5 kg totalt.

Karianne og eg pakka med oss meir mat og turutstyr medan "gamlingane" for på fest. Vi for oppatt i Skarvatnet.

23.55

Fjellteltet fekk seg varige mèn etter at Karianne testa det på Alden i storm og kastevindar. Fint brukbart, men bogane vert aldri meir symetriske. 

Kanonbra teltnatt. Mjukt og fint og passeleg varmt.Det hølja ned om natta og utover morgonen så vi kava ikkje med å stå opp.

Opplett mot Talstadhesten

Finare og finare. Varmare og varmare. Midtsommarhelga vart berre betre og betre.

Karianne i kjent Skarvasspositur

Mot Trollvassbotnen. Vakkert.

Vi gjekk tom for mat - og for motvillig heim utpå dagen. Kunne sølvsagt grilla småaure. Fiske her oppe no er meir å sjå på som utfisking enn matauk. Det var jammen bet om førmiddagen og, så det var ei skikkeleg kjekk økt i vatnet. 9 nye fiskar på lista.

Årets første traff vi på veg heim

Småauren vart reinska, og nokre forsøkt filetert. Fleire av naboane er ivrige på å steike seg slik "småkree", og mindre ivrige på fiskinga. Passar oss godt. Vinn - vinn.

Junitelting i boks!

tirsdag 25. juni 2013

Liafjellet på langs med "gruvekrydder"

Liafjellet (528 moh) sett frå vest

No har vi starta på prosjektet "utforsk Ørskog". Her er det nye turmål og kodar. Ørskog betyr litt lang køyring, og har vi spekulert på korleis vi skal slå fleire floger i ein smekk.

Sjøholt

Kvelden starta med stø kurs mot Lid-gruvene. Krattskogen dekker lia ovanfor Sjøholt, og ikkje visste eg at det hadde vore gruvedrift her. Ørskog historielag har gjort ein kjempejobb med å rydde stien. Bratt, sleipt og veldig godt med tjukke tau å halde seg i.   

Eit av gruvehola

Beate kjem frå Mo og har referansar frå jernverket der. Så ho var kanskje ikkje veldig imponert over storleiken. Men med tanke på at arbeidet vart gjort frå 1872-1878 med handemakt og krut står det respekt av slitet. Malmen inneheld jarn (ca 50%) og titan (ca 12%). Titanen gjorde at malmen var tung å smelte, og aktivitetet datt med konsjunkturane. Ørskog historielag har meir informasjon.

Postkassa med turboka strategisk plassert i opninga

Artig å sjå gruvene. Utan trimpost kan eg garantere at eg aldri hadde sjekka ut Lid-gruvene. Vel verdt å streve seg opp bakkane og SÅÅÅ langt var det no ikkje. 

Lia stod i sommarskrud og under krattskogen kjempa storstaudene om plassen. Litt tidleg for turten, men Skogstorkenebben var på topp.

Utsikt mot Ørskogfjellet (som er eit område/fjellovergang, ikkje eit bestemt fjell). Frå stien til Liafjellet

Vi begynte å komme i siget. Fin sti. Skogens ro var prega av innskyting til hjortejakta i starten, men dyktige jegerar vil vi jo ha. Kan ikkje klage på det. Flott terreng. Beate gjorde eit vellukka forsøk på å sprenge meg oppover bakkane.  

Skrubbe

No gjekk vi i lyngmark. Oppe på kanten. Utsikt til alle kantar. Lett og flatt innover fjellet. Med relativt liten innsats vert opplevingane i dette landskapet store!

Innover Storfjorden. Dyrkorn på venstre side, Skotet på kanten på høgre sida.

Fjordkysten! Mot Ålebyen og Ellingsøyfjorden med alle øyene.

Over fjellet og ned i ein herleg kystfuruskog. Delar av dette området er naturreservat. Tørr skogsbotn, knudretoller, god sti, bærlyng og "bomull" som vaia. Variasjonen på denne (korte) turen var heilt enorm!

Kleivane.
Gammalt mot nytt. Vakkert kulturlandskap, som no er grunnlag for ei cruisenæring i vekst.

3 kodar i boks - og ein veldig kjekk kveld i Ørskog. Ekstrapoeng til Ørskog historielag!

mandag 17. juni 2013

Eltrane

Kodekøyret er i gang. Sula har mange flott turmål, og vi har sikla på Eltrane ei stund. Det har vore som å komme seg til verdas ende, men laurdag 15. juni klaffa alt.

Frå skogsbilveg til merka sti. T for tur. Første kode registrert på Taustua.

Over Storfjorden mot Jønshornet og Kolåstind

Mot nord har vi full oversikt over Ålesund og øyane

Vardane! Høgaste punkt for dagen (776 moh) og topp nr 1. Stor utsikt. Alltid. Ein favorittutsiktstopp dette.

Bort stien, ned til høgre kant, finn koden på Grøthornet, deretter utover langs høgre kant til det ikkje er meir..

Topp nr 2. #Huheikordetgår

Vi vandrar med freidig mot.. I eit herleg lettgått terreng.

Stor horisont. Prærien, berre at vi høyrer suset frå havet.

.. og med desse kule taggerekkene stikkande opp, så er det ikkje prærien likevel.

Etter ein times marsj i god fart var der ikkje meir. Det vil seie, det var akkurat det vi trengte. Livd, utsikt, ny kode. Sola varma. Matpakke del 2.

Eltrane! Endeleg!

På kartet var det like god sti vidare. Vi skulle runde Sulalandet på sørsida oppe på høgda og gå ned på Sulabakken. Piece of cake.  

Flott utsikt mot Hareidlandet. Varmt og fint. Ingen sti.

Det finst knapt større glede enn å finne ein bekk... når ein er tom for vatn.

Bekken gjorde det og klinkande klart for oss kor vi var på kartet. Det gjekk ikkje akkurat med lynfart. Det vart meir og meir lyng og einer. Og det var ikkje snurten av ein sti nokon plass. Vi ville ha trim - og det fekk vi! Den glade vandrar vart i periodar "den gale vandrar".
  
Alt det her har vi gått på kryss og tvers utan å finne snurten av ein sti. Imponerande, om eg skal seie det sjølv. Det grøne er forresten einer. Meterhøg. Nokre prikkar borti bakken der er murane etter utløene som høyrte til Sulabakken. 

Vi gav aldri opp. Og gjekk oss rett på den godt merkte DNT-stien som følgjer den gamle stølsvegen til Sulabakken. Ikkje kvar dag ein sti vekkjer slik begeistring.

Seterveg og sommarskog. Idyll i grønt. 

Sulabakken.

Beate si tante var av dei siste som budde her, så vi hadde nøkkel og fekk sjå oss i kring både inne og ute. Fasinerande. Veglaust og fråflytt, men med ei utsikt som kan ta pusten frå deg. Historiene om slit og hardt arbeid får innhald. Nabogarden her oppe var med i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"-serien. 

Fantastisk tur med fantastisk turfølgje. Beate har godt humør og mykje kunnskap om eine og hitt - det er ekstra stas å lære noko nytt og få med seg litt lokalhistorie undervegs.

Sula på langs!

Heile 18 km - 4 nye kodar - og nesten 70000 skritt på dytt.no som vi er med på for tida.
Om du skal gjere denne turen trur eg det er mykje lettare å gå høgda over Langerabben tilbake enn å gå i kanten slik vi gjorde. I etterpåklokskapen sitt teikn.

Desse kodane er turmål i TellTur-satsinga til Friluftsrådet i Ålesund og omegn.

fredag 7. juni 2013

Eg - ein surfar!

5. juni. Møte i Oslo, og planlagt padleøkt med aktivitetsleiarar på Blimsanden om ettermiddagen. Kvardagar kan vere så mangt. Stor spenning under innflyginga på sete 17A: Korleis er forholda?

Alnes.
Såg ut som veldig fine dønningar det som kom innover der.

AiAiAi. Kva gjer vi no? Oppmøte på Blimsanden. Heldigvis var dei andre gira på Alnes og.
NB: Alnes er ikkje nybegynnarstad for padling altså! Du må vite kva du gjer, og med kven, før du legg turen hit.

For nokre forhold! Når vi kjem ned der er eg litt i tvil om eg i det heile kjem meg ut.. Nokre brettsurfarar var uti allereie.

Stein og skum  - dei første metrane er dei mest krevjande..

Bølge på bølge. Blått, turkis, grønt, kvitt skum. Seint og jamt. Drønn, rumlerumle. Drønn rumlerumle
når det bryt.

For nokre forhold! Perfekt! Ikkje for mykje kraft i bølgjene, men meir enn rikeleg. Serie på serie. Første bølga eg prøver meg på er litt i største laget, eg bikkar rundt og fumle fumle - RULLAR MEG OPP ATT! Har berre ei rulle på ei side som sitt som den skal, men gu' så greit. Det funkar i massevis.

Mange flotte surfar på alle tre. Nokre store bølgjer. Rullar på nytt, rett inn i sidesurf og det går aldeles utmerka. Sjølvtillita veks og etter ei stund går eg rett inn i ei ny stor ei. Då vert eg så sentrifugert at eg vert dratt ut av setet. Kjem meg liksom ikkje heilt inn i posisjon eller fast i kajakken før eg tenker at skitt au - og går ut av kajakken. Held på åra, og let kajakken gå på innsida av meg. Kajakken fer, men ikkje så fort som frykta, og eg fer ingeplass spesielt fort. Etter eit par bølgjer er Edd og Kenneth der. Ein plukkar opp kajakken med cowtail og eg heng på bakdekk til den andre utforbi brotsona. Kjapt, effektivt og utan meir tau og vas enn naudsynt. Tømt kajakk og versågod - nytt forsøk. Greit å ha prøvd. Eg får masse tips og prøver å ta til meg. Det flør. Bølgjene vert slakkare og færre bryt.


 Flott ramme: Sol, vindstille, fantastisk natur og dønningane på rad og rekke.

Lenger mellom dei gode bølgjene etterkvart, men dei som kjem no er verkeleg gode. Ikkje for store eller bratte - berre perfekte. Sygni kunne dessverre ikkje vere med, men kom rett frå skuleavslutning med ungane på slep, for å få med seg litt surfing frå stranda. Så her er nokre av hennar blinkskot frå siste del av padleøkta:
Typisk at ein går på nokre av dei første bølgjene i sette, og får mange fine i mot på veg ut att..
(Foto: Sygni)

 
Flotte bølgjer på rad og rekke (Foto: Sygni)

Kveldens tre S-ar var Surf, Sidesurf og Støttetak. (Foto: Sygni)

Ups. Støttetak og litt flaks her


For nokre forhold! For ein kveld! For ein padlegjeng! - og best av alt: 15 min heimanfrå.....

Note to self: Øv på re-entry og rulle....