fredag 12. oktober 2018

Solskinnsfri og padletur i vakre haustfargar

11.10 Ingen haustferie på meg i år! Freistinga vart likevel for stor då det brått var både etterlengta sol, nydelege haustfargar og tilbod om padletur. Det vart ein halv dag fri. Og det kjendes som ein heil ferie! Sola varma og eg vart bittelitt solbrent. Kaffien smakte ekstra godt ute, og det var veldig kjekt å padle tur igjen. Vi hadde maks flaks med ruta og vinden i ryggen - heile dagen! Gneistrande fargar på lauvet, kvite fjell i horisonten og ein nydeleg solnedgang. Bonusdag på tampen! I den grad det går an å vere "haustyr" - så var dette ein slik ettermiddag.

Sjølvlysande osp. Det gjekk i gult, raudt og orange både på sjøen og på holmane.


Frå Senja på Sunnmørsvisitt

Kaffiutsikta

Nesten over på Haram-sida 

Vakkert nabolag! 

Melis på toppane innover Sunnmørsalpane

Slike dagar ser eg poenget med glassfasade! 

Fleire padlarar frå øyene lufta kajakken denne ettermiddagen. Eg rakk akkurat ut på Kvalneset på Giske for å sjå resten av gjengen skli forbi i siste restane av solstreif. 


Erkna fyr lyser raudt i horisonten. 

16,5 km padling - og resten bilkøyring..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar