Viser innlegg med etiketten Jotunheimen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jotunheimen. Vis alle innlegg

mandag 11. mai 2015

Breskitur frå Krossbu

3. mai. Eg vakna til ein strålande morgon på Krossbu! Sol og -12 om morgonen. Hyttevertane meinte det hadde vore nede i - 20 om natta. Monsterposen varma godt, så det var ingen problem. Målet for dagen var Kalven.

The logde Krossbu at the mountain pass "Sognefjellet" is a perfekt starting point for skiing. Glaciers are floating down from the mountains everywhere. This day was cold (-20 degrees during the night), and we spend the day skiing from glacier to glacier in the area on great snow leaving the summits to the crowds and the clouds. We'll be back next year!

ÅÅÅÅ! For ein morgon!!

Telting ved Krossbu. Koselig hytte. 

Mot Fannaråken

Etterkvart som vi tusla oppover mot Leirbrean vart toppane på 2000 meter dekt av skodde og skyar. Vi var framleis høge på Storebjørn dagen før, og trong ikkje gå i skodda for å bevise noko som helst. Det vart til at vi held oss i sola og tusla frå brearm til brearm. Kos. Nyting! Pudderføre!  

Innover Leirbrean med toppen av Storebjørn bak til høgre.

Innover Smørstabbrean. Storebjørn til venstre. Til høgre ligg søre Smørstabbtind og Gravdalstinden i skodda. Neste gong vert det fjellskitur dit. 


Herleg å suse nedover breen. Slake bakkar, Godt føre. - Eg skal BERRE gå på bre framover, gliser eg nøgd. Vi tok ein runde og tok oss ned Bøverbrean. Eit bittelite parti som eg tykte var i brattaste laget med ski, men elles ein super runde.   

Kart over tusletasle-runden frå brearm til brearm

Vi var ute i nokre timar, og gjekk ca 11 km og 600 høgdemeter. Det kjendes likevel som ein kviledag! 

Fantastisk fjellskiterreng!

Ferie og fritid! 

Snø i lange banar på fjellet. 

Vi tok ein roadtrip og sette nasen mot vest etter råd frå yr.no. #Fridom

lørdag 9. mai 2015

Storebjørn (2222 moh) - den vakraste vårskituren!

2. mai. Morgonsol og pakking. Vi for vidare innover fjellet til Krossbu. Det var det ein million andre som gjorde og, så det var trangt om parkeringsplassane. Vi la i veg innover dalen og opp mot breane. Strålande sol. Godt og varmt. For eit landskap. For eit skiføre! Glisa gjekk heilt rundt frå første stavtak.

Still in Jotunheimen, skiing to Storebjørn 2222 masl. Crossing Leirbrean glacier. Wonderful day and great landscape. Anders celebrated his birthday on the summit. The run was epic. Powder snow. Long and wide hills, perfekt for mountain skies (me and Therese) and telemark skies(Anders). 180 degree view over the Sognefjell Mountains all the way down. This is the best skiing I have ever done. We'll be back!


Inn mot breen. Store Smørstabbtinden først, Leirbrean vidare innover. 

Skikkeleg vårskitur! Berre lekkert!

Mot Smørstabbreen og Fannaråki

Lunsjutsikta mot Sognefjellet (Foto: Therese Moe Øye) 

Store Smørstabbtinden (2208 moh), Kniven (2133 moh) og høgde 2077 ruvar aust for Leirbrean

Sokse (2189 moh) som også vert kalla "Puppane"

Bjørneskaret på ca 2000 meter

I skaret får vi første skikkelege utsikt til Storebjørn. Markert og spesiell topp. Den er utruleg kul. Litt magisk. I tillegg er den fasinerande 2222 meter høg.  

Storebjørn (2222 moh)

Maurtue opp denne dagen. Vi gjekk med skia på til siste 20 høgdemetrane. På denne breen er det ei bregleppe som er vanskeleg å komme over seinare på sommaren, men med så mykje snø såg vi ikkje spor etter sprekka.

Kule spor (og eg må berre innrømme at ingen av dei er mine, for den første delen av denne bakken GJEKK eg ned)

Utsikt sørover frå toppen - resten av Jotunheimen. 

Anders hadde bursdag - og Therese sørga for at det vart feiring med ei toppøl!

På toppen!

Meg på bandet ned att (Foto: Therese Moe Øye)

Det vart ein episk nedtur. Det klårna opp. Sol. Puddersnø. Lange store bakkar. utsikt over og ned på Sognefjellet. Fjell i heile horisonten medan vi susa nedover breen. Det må opplevast. 

Frå Bjørneskaret og ut mot breen på returen. Magisk. 

Nedover og nedover - men likevel på toppen av verda!

Teambilde!

Her er beviset - eg KAN stå på sti (Foto: Therese Moe Øye)

Eg var framleis blid då eg kom ned. Denne turen kunne godt ha vart lenger. Mykje lenger! Denne dagen var nedturen minst like fin som oppturen!

Vi heiv opp telta - og held fram bursdagsfeiringa på Krossbu. Koseleg hytte og triveleg vertskap. Hit kjem eg gjerne igjen! 

Hytteliv har sine fordelar. Eg er framleis høg på turen. (Foto: Therese Moe Øye)

Nok ei fantastisk teltnatt i fjellet. ned mot -20 grader om natta. (Foto: Therese Moe Øye)

Storebjørn: Ca 16 km t/r og 1300 høgdemeter. 

fredag 8. mai 2015

Galdhøpiggen (2469 moh) på ski

1. mai. Turne med Therese! Sidan eg har vore inaktiv og sjuk heile april så starta vi likegodt med Galdhøpiggen. Greit å få ei gjennomkøyring på formen. Før eller seinare må ein berre gå på Galdhøpiggen på ski. Norges høgaste fjell på 1. mai - det må vere ei fin markering!

Skiing (randonnee) to Galdhøpiggen, the highest mountain in Norway. This was our way to mark the International Workers' Day, a public holiday in Norway. Great morning. Long and demanding uphill from Spiterstulen. Clouds coming in, heavy snow from about 2200 meters and not very good conditions for skiing at all. Kind of "been there, done that"-feeling in the end of a long day. Great spring night at basecamp; a full moon shining and grouse lek all over the place.    

Fin kveld å tusle innover frå Spiterstulen

Basecamp her!

1. mai. Nydeleg morgon i botnen av motbakkane.

Nesten syden i teltopninga og full vinter innover dalane. 

Det var varmt i bakkane, og vi gjekk i skjorta oppover. Det skya sakte men sikkert til, og på ca 2000 meter gjekk vi inn i skodda. Formen var dårleg. og det kjentes ut som eg dreiv med tindebestigning med museskritt.  

Bortover eggen i stadig mindre sikt. Mykje folk i fjellet. 

Denne dagen var det Therese som fekk gnagsårutfordringar, men med teiping i tide gjekk det bra!

Tilbakeblikk på Svellnose (2272 moh) som vi var på toppen av
 - og eit muntert følgje frå forsvaret med mobilmusikk. 

Therese ut på Keilhaus topp (2355 moh).

Toppen er fått namn etter Baltazar Mathias Keilhau (1797- 1858) frå Biri som var geolog og fjellklatrar.  Han var ein av «oppdagarane i Jotunheimen» og gjorde banebrytande arbeid med Norges geologi (wikipedia). 

Keilhaus topp har primærfaktor på berre 20 meter, og tel difor ikkje som ein av dei offisielle 2000-metringane, Vi tek likevel med oss alt vi kan få.
Galdhøpigghytta og teambilde på toppen. Ikkje akkurat kjempeutsikt...

Då vi skulle ned var det ca 40-50 cm laus nysnø. Total whiteout. Eplekjekk drog eg fram GPS'en. Tom for batteri. Eplekjekk stakk eg handa i topplokket etter reservebatteri. UPS. Dei låg att i teltet. Med kompasskurs, delvis til fots og med feller tok vi oss same veg tilbake. Frå ca 2000 - 1600 meter over havet var det både sikt og godt føre! Det var eit herleg kvarter! Resten av vegen ned var det gjennomslagsføre og ganske pyton. Anders venta på oss i basecamp, og påstod at det såg ut som vi kom nedover på proteser. Det kjendes i grunn slik ut og.    

Akkurat dette strekket gav herleg nedkøyring!

Det var ein fin tur,  om ikkje den heilt store skiopplevinga, Til alt overmål greide eg å miste ei av fellene i ein travers på veg ned. Ergeleg. No har eg vore på Galdhøpiggen både til fots og med ski, utan å få med noko særleg utsikt. Rimeleg ferdig med denne toppen no. 

 I basecamp vart det felles matøkt i teltet. Ein stor skinnande måne steig over fjella og skapte blåtimenatt i dalane. Rypene klukka og leika seg gjennom vårnatta. Fint. Veldig fint.  


GPS en på veg opp (altså ein veg) viste 7,25 km og1380 meter stigning (60 meter fall).

tirsdag 24. mars 2015

Skogadalsbøen - Olavsbu - Leirvassbu

21.-22. mars Husmorferie. Laurdag og strålande sol. Tidleg start frå Skogadalsbøen. Meldingane for søndagen var elendige, og vi hadde skumle planar om dobbel etappe i nydeleg ver.

The most wonderful day in Jotunheimen. Cold, sunny, blue wax and great mountains everywhere. We spent 10,5 hours from Skogadalsbøen to Olavsbu and Leirvassbu. Most of the day was uphill. No skins, just wax. Magic sunset and just in time for dinner at Leirvassbu. Life is good!  

Skogadalen. Skogadalsbøen ligg midt nede i Bjørkeskogen på venstre side av dalen der nede. 

Første etappe var altså: Bjørkeskog. 

Blå swix, superfeste og grisekaldt. 

Euforisk å komme seg opp i sola! 

Gjertvassdalen og Gjertvasstind (2351 moh)

Kristin er heilt fantastisk til å legge spor og baute. Vi kom oss opp dei første bakkane heilt utan feller og med jamn takt og puls. Det vart ikkje brukt skifeller på heile turen! 

Kristin på Tungehaugane! Bautedronninga!!

Neste etappe: Inn Storutladalen og til høgre opp i Rauddalen

Teambilde! I Storutladalen. (Foto: Kristin)

Slik går no dagane

Meg og Gjertvasstind til venstre, Storebjørn bak til høgre. (Begge foto: Kristin)

Opp bratta til Rauddalen var eit klassisk døme på kva som skjer når det ikkje er stikka løype. Vi stussa på sporvalet til dei som kom ned. Det viste seg at vinterruta eigentleg gjekk ein heilt anna plass. Vi kom oss no opp. 

Første glimt av Mjølkedalstinden (2138 moh). 

Vassfylling og nye tindar: Store Rauddalseggje (2168 moh) bakerst der,

No kom HAT-etappa for meg. Eg hadde dårlig gli og ingen gli. Det vart verre og verre. Kristin og eg hadde smurt med det same, og eg vist ikkje kva eg kunne gjere med det. Så eg berre gjekk. Eg forbante meg på at eg måtte komme meg til olavsbu. Det vart tyngre og tyngre. Det gjorde vondt overalt. Vatna var flate og lange. Eg kunne like gjerne gått på truger. 

Liten prikk - mykje hat. (Foto: Kristin)

Den einaste grunnen til at eg kom meg fram var at dalen var vakker, veret var strålande og det er eit privilegium å vere ute slike dagar. Vel framme på Olavsbu fann eg ut at eg hadde is under skia. Ikkje berre litt. Dyr lærdom. Gjer alltid noko med dårlege ski!! 

Olavsbu

Kristin var heldigvis litt klårare enn meg i hovudet, og fiksa alt medan eg togg i meg skiva bit for bit. Ho kokte vatn, smørte ski, mine og faktisk, og sytte for at vi var klar for neste og siste etappe på rekordtid. 

Rauddalsbandet mot Kyrkja.

Turen sitt høgaste punkt var Rauddalsbandet. 1615 moh i følge GPS'en. Vi fekk ei fantastisk nedkøyring i fint pudder. Det hadde vore ein lang dag, og vi var prega av det dei siste kilometrane. Det var gneistrande kaldt, og vi kjende på gnagsår, ømme tær og frosne kjakar. det var nydeleg rundt oss, og eg prøvde å nyte det litt. Hovedfokus var på å berre gå. Komme fram.   

Solnedgang på Rauddalsbandet

Kveld i Jotunheimen (Foto: Kristin)

I den siste bratta ned mot Leirvassbu hadde vi også silkeføre, Vi kom fram 18.59. Ein liten halvtime før det var absolutt mørkt. Heilt etter skjema. I god tid til middag 20.30. I god tid til å deige oss framom peisen før middag. Skrotten verka, men det gjorde ingenting. No kunne det berre komme drittver. Vi var framme, og hadde hatt ein nydeleg, fantastisk og magisk dag i fjellet!

Frå GPS'en 21.03.15:
Avstand: 31.5 km. Tid i bevegelse: 7:35 Gjennomsnittlig hastighet: 4,2 km/t
Stigning: 1266 m, Fall 661 m 

Søndagen var det snø og vind. Mykje vind. Vi pakka oss inn og staka 9 km ned til bilen.

Kart over turen totalt sett. 

Sekkane våre vog omlag 16 kg. Totalt hadde vi gått 71,5 km og knappe 2000 høgdemeter på 4 dagar (2 fulle, 2 halve dagar).

Takk for turen, Kristin! :) Link til Kristin sine bilde/turskildring på Fjellfant.com