søndag 21. august 2016

Dronningruta Stø - Nyksund i kajakk

21.08 Slaraffenmorgon etter ei fortreffeleg natt. Vi var spente på om Stein-Evert prioriterte oss eller å finne nye padlepostar. Målet for dagen var å padle tilsvarande dronningruta på land, ete ein betre middag på restaurant i Nyksund og ellers kose oss maksimalt.

Jammen dukka han opp på morgonkvisten!

Vi var langt i frå klare til avgang, så det var berre å servere kaffi og halde han med godt prat ei stund.


Snirkling langs land, batteritrøbbel og sightseeing

Tøff morene. Det var fleire som tok dronningruta til fots denne dagen. 

Vil du ha fugl, skal du få fugl...

Kjempeplask! Eg lærer nye triks som eg skal ta med sørover på sikt. 

Nyksund bak fjellet

 Flotte manetar i dag også - artig med dei blå!

Kanalen inn til Nyksund. ALT var padlbart i dag.

Tøff plass i grunn..

Nyksund: Idyll og utpost

Sjølfiekongen. Note to self: Ikkje la kameraet ligge og slenge

Årets beste tørrfiskmiddag. Ekspedisjonen i Nyksund serverar kongemat. Rett og slett. 

Vi testa brunostis til dessert, og det var veldig rart. Meeeen dei skal ha for originalitet der og. 

Før vi skulle fare kom vi på at det skulle vere ein del av Skulpturlandskap Nordland her. Vi såg og såg, og til slutt skjønte vi kven av lyktestolpane som var skulptur. Rett ved ekspedisjonen faktisk. 

Gatelysskulptur. Sett frå sjøen i kajakk

Urban "tøtsj"

Søndagar varer ikkje evig, og vi kom oss på sjøen att. 

Skulpturish her og, men det har noko vore eit skilt eller lykt eller eitkvart her? 

Det vart vind og litt sjø på heimveg. Nokon fann ut ut at andre burde øve på redning. Så slik vart det.

Kameratredning,  fort og greit. 

Premien for tryggleiksøvinga kom i neste vik: 

The winner of "raud blåse" is (fanfarelyd); Marian

Ved Beinøya var det mykje å sjå i dag og - skikkeleg bra plass. 

Under vatn

Over vatn

Trolldama i berget, eller er det ein gubbe? Kva tenker du?

Dronningsruta var flott i kajakk, og er flott på beina og; Link til Narvik turlag si vandring dagen før.
Turen vart omlag 16 km padling. Restaurant, galleribesøk og smykkeshopping er ikkje kvardagskost på padletur, men i Nyksund får ein full pakke. Flott dag og helg i godt selskap!

Kart

lørdag 20. august 2016

Anda fyr

20.08 Det teikna til å verte ein strålande dag då vi vakna på Skipssanden. Dårleg søvn, knott og bjøllesau klarte ikkje å øydelegge stemninga. Havblikk og vindstille. Vi gjekk for plan A. A for Anda. (NB: Anda er ei fugleøy, naturreservat og Ramsarområde. Det er ilandstigningsforbod til 31. juli. Her er det førebels brukbart med sjøfugl, så respekter at dei skal ha fred i hekketida! Link til fugleforskarblogg frå Anda)

Camp Skipssanden

Ambisiøse planar om Anda fyr.
Ambisiøse, ikkje fordi det er så langt, men fordi det er langt til havs i eit eksponert område. Vi hadde teke førehandsreglar, planlagt for uføresett og var førebudde på å kunne padle tur/retur utan å komme i land. Marian var sikkerheitssjefen på turen og eg tok som vanleg rolla som kommunikasjonsmedarbeidar og nøkkelpersonell. Sidan vi berre var to gjekk min del av jobben veldig lett.

Første glimt. Det ser veldig kort ut. Det er ikkje så kort. Det viste seg at kryssingar ikkje var favorittsyssel til verken sikkerheitssjefen eller nøkkelpersonellet.

Øksnes nord frå sjøsida. Kult landskap. Ei skummel tordensky yppa seg litt, men forsvann innover til Ofoten i staden

Anda fyr! Litt Skottland? Litt Middelhavet? 
Problemstillinga med å komme seg i land såg dessverre heilt reell ut. Vi fann eit dårleg alternativ omlag her. 

Infrastrukturen for ilandstigning var for så vidt imponerande, men freista heller ikkje noko særleg. 

Vi padla rundt og sjekka forholda. Nokre krykkjer sat framleis på reira. Det var blankskurte berg og spor etter fugl overalt. Ørn i hopetal, krykkje, teist, skarv og fjæreplyttar.  

Baksida med blankskurte berg og meir drag i sjøen

Det var fleire små holmar og sund og rett så idyllisk her ute

Ørn overalt! 
Denne kasta seg ned over oss. Teke med kompaktkamera utan zoom, så rimeleg nær. 

Etter synfaringa fann vi ut at det var best å gå i land nær stigen. For å gjere historia kort. Vi kom i land, utan svømming og varige skadar på folk eller kajakkar. No er eg usikker på kor mange dagar i året det omtrent ikkje er drag i sjøen her, og det er ikkje mange gode, lette alternativ for ilandstigning. 

Ilandstigning ferdigstilt. 

Ikkje skikkeleg sti opp til fyret. Den frodige marka var heilt gjennomhola.
Her er det lundefuglen som held til, og lagar reir i bakken.

Lundereirhol over alt. Fasinerande!

Eg får middelhavsassosiasjonar. Eit lite slott i ei frodig eng med fargerike blomar. Paradoksalt sidan vi faktisk er midt i storhavet langt nord for polarsirkelen.

Anda er det siste bemanna fyret som vart bygd i Norge (1932), og her var det folk til 1987 då fyret vart automatisert. Sjølve fyret er no freda etter kulturminnelova.


Mot Andøya

Mot Stø og Nyksund

Bleiksøya i horisonten



Det var vakkert her ute. Vakkert på ein måte som ikkje festar seg på bilda. Gradestokken på fyret viste 18 grader. Vi åt, rusla litt rundt og sola oss. Nokre få lundar flaksa rundt. Merkelege skrik frå fuglar vi trur er lomvi. Ørn og tjuvjo hissa på seg krykkjene med jamne mellomrom. 100 artar blomar, minst!

Vi sette kursen innover att etter nokre timar. 

Ved Langenes

Matauk

Det var ikkje mangel på napp, men det var ikkje rare storleiken på fangsten.

Fiskeriet vart avslutta ganske fort, og vi la kursen mot selkolonien. Det var berre ein einsleg sel heime. Småseien vart med til campen, steikt og eten. Utan at eg var nemneverdig involvert. 

Lekker ettermiddag i Stø/Nyksund naturreservat

Rundt Beinøya var det enormt mykje manetar og ting å sjå i sjøen. Eg nytta høvet til å teste undervassfunksjonen på kameraet. Lilla brennmanet veit eg ikkje om eg har sett før.

Raud brennmanet

Glasmanet

Lilla brennmanet

Breie glis, og ein dag med nok opplevingar for ei heil veke! Knotten prega stemninga ei stund og eg fekk ein haug med stikk. Stranda var reinska for ved, men vi fann nokre restar og eg fekk fyre litt. Båling, solnedgang, strand og sommarkjensle. 



Vi heldt ut til sola var gått ned. Mette og ferdigpadla, fulle av inntrykk. Strategisk planlegging reduserte hellinga i teltet til ca 5 %, sauane var ute av radius og øyrepluggane låg parat. God natt!

Padlinga vart ca 22 km denne dagen, med snirkling, fisking og fotografering.