onsdag 30. januar 2013

Hessa rundt

Søndag 27. januar vart det vinterpadling. Målet var Hessa rundt (ny runde for meg), premierepadling av Valley Gemini (første gang på sjøen), test av ny BS Shuna og å skaffe oss litt meir erfaring med vinterpadling. Vermeldingane var litt usikre med mogleg byger og aukande vind utover dagen, så runden vart strategisk lagt opp med tanke på minst mogleg motvind.

Grått i Ålebyen i januar

Grått i Breisundet men med store attraksjonar på lur

Thrillerstemning med skoddedottar på Hareidlandet, dis rundt øyane i Herøy og landskap i gråtonar. To ørner som var kjempenær oss, og som verken var redd eller spesielt irritert over å verte uroa. Hurtigruta på veg inn. Alt dette kan identifiserast som små svarte prikkar på bildet ovanfor.

Det var akkurat nok rørsle i sjøen til at alle bilda frå turen vart skikkeleg uskarpe.

Det vart ein lang prat om vinterpadling og tryggleik. Ein av medlemmane i turpadlelaget mista livet under padling her i desember. Så trist og tragisk. Hendinga har gjeve grunnlag for mykje tankespinn, ettertanke og refleksjon. 

Taretrålar

Vi fekk og oppleve ein taretrålar under arbeid. Slikt har ikkje eg sett på nært hald før, så det var artig. Det såg rimeleg heftig ut, med krenging og brumming, då taren skulle ombord.

Tueneset

Lunsj og kaffi på Tueneset. Test av medbrakt ved og kaffikoking. Det tek litt ekstra tid med bål, men det er eigentleg ikkje så mykje styr. Koseleg med flammar og litt ekstra varme. No har eg ikkje eit einaste turplagg som ikkje stinkar røyk. Etter mange år utan noko særleg fyring på tur har eg vorte "¨bålfrelst" att.  

Mot byen og Brosundet. Alltid stas å padle sjølvaste Ålesundet.
Og nokon må no ta på seg oppgåva med å skaffe turistane på hurtigruta skikkeleg fotomotiv...

Aspøy skule. Kjempekul. Det er den gule ja.

Jason rullar!
Om bildet ikkje er heilt skarpt så sat i alle fall januarrullene til Jason som eit skot.
Ut i frå det gjennomgåande breie gliset på turen var Valley Gemini godkjent på alle punkt.

Eg drøyde det til vi var tilbake på Nørve att. Men då testa eg eigenredning. Heilt rundt, med berre det eg padla i, ikkje noko ekstra hette og styr. Kaldt, men overkommeleg. Det er veldig greit å ha kjent på det. Med fjellue og berre hender i muffene. Testen vart avslutta med at eg gravde fram mobilen frå dagsluka og "ringte ein venn". Eg skulle kanskje hatt det som ein vane å ha mobilen i vesten, men det gjekk overraskande greit å få opp luka med nybada fingrar. Jason testa og eigenredning og konkluderte med at det "går jo himla mykje kjappare med rulla då".

Det var eigentleg mindre "vinter" enn eg hadde forventa. Med +3 grader i lufta og ca + 6 i sjøen er eit lag ull meir enn i sommarhalvåret det som skal til. + ullhals både innanpå og utanpå tørrdrakta. Jason testa neoprenhanskar med ein slags neoprenovertrekksvott inni. Idar hadde ullvottar med vindvottar utanpå. Eg hadde berre hender i muffer. Alle var godt nøgde med eigne val. Fleire vegar til Rom med andre ord.

Hessa rundt

Turen vart 17 km med både litt medvind og motvind.

mandag 28. januar 2013

Trippel med skeiser

Laurdag 26. januar for Trude og eg innover til Engesetdalen med skeiser og termos. For begge var det første gong med "turskeising". Etter ein del om, men og sightseeing så fann vi det perfekte utgangspunkt ved Akslevollvatnet. Grusveg frå Brauta og bomveg siste biten.

Trude på vatn nr 1 - Akslevollvatnet

Kanonforhold, med 30-40 cm tjukk blank is på vatna og sol. På Akslevollvatnet hadde vi vinden i ryggen og susa avgarde utan å bruke ein kalori.

Innløpsosen i Akslevollvatnet

Sjølv med ein lang kuldeperiode og tjukk is på vatna var dei små bekkane mellom vatna og osane opne. Det var heldigvis greit å sjå kva som var botnfrose og kva som var ope i elva. Eit stykke på skeiser gjekk bra, men så måtte vi over på føtene.

Vatn nr 2 - Mevatnet

Det vart berre finare og finare dess lenger opp i dalen vi kom. Rein påskestemning under lunsjen ved vatn 2 og sola varma verkeleg!

Påskestemning! Skeiser i solveggen.

Skeiseturistane!

Starten på vatn nr 3 - Svartløkvatnet

Svartløkvatnet (Foto: Trude)

Svartløkvatnet var det desidert største vatnet, og her var det og finast is. Det var kjempekjekt å cruise over vatn etter vatn. Midt på her kan ein ta ein piruett i tre kommunar: Skodje, Ørskog og Vestnes. Vi sklei i alle fall glatt gjennom alle tre kommunane om det var noko dårleg med piruettar.

"Posing". Midt ute i vatnet var det ein stor stein gitt! (Foto: Trude)

Leiking på heimveg

Utpå dagen var det akkurat som skjedde noko med isen og den vart kjempeglatt. Sikkert som følge av sola og "varme". Vi måtte leike oss litt og Trude imponerte med piruettar på bandyskeiser!

Returen over Akslevollvatnet rett inn i solnedgangen

Dette vart ein fantastisk dag! Området kan absolutt anbefalast til skeiseturar! Osane er tydelege, grunne og det er korte strekk mellom vatna (alle gåstrekk mindre enn 1 km). Sidan det er grunt i osane betyr det at ein berre vert våt og iskald, men  ikkje druknar, ved eventuell feilberekning.

Det var fleire som leika seg med ATV på vatna og variasjoanr av bål, hockeykøller, fisking, akebrett, sparkar og hundar. Små og store, unge og gamle. Det er tydeleg at mange sett pris på denne type vinter. Eg er eigentleg berre passeleg begeistra for motorisert friluftsliv, men når eg ser ungane som er med på tur storkose seg, og at det kanskje er ATVen til pappan som gjer at det vert tur på dei, så er det kanskje verdt det? 

Kart over området

Turen vart 14 km totalt sett med ca 1 km til fots og resten på skeiser. Den desidert lengste skeiseturen eg har hatt! Måtte av og på med sko 4 gonger, og det var kanskje det som var mest slitsomt med heile turen.
Vi hadde med stavar, men dei brukte eg eigentleg ikkje til anna enn bekkevandringa.

søndag 20. januar 2013

Puck og pinnebrød

Denne helga var Karianne på besøk på "by-helg". Vi testa "Glattisen" på Sula laurdag og Valderøya søndag.

Karianne på Mausevatnet
 
Laurdag var det -5 og bitande kaldt. Det var kjekt å leike litt med puck og køller. No er vi snart klar for litt seriøs hockeyleik.
 
Test av ny tova ull. Godt som gull!
 
Langbeint på "Sjongdammen"
 
Søndag testa vi dammen ved Sjong barehage. Rundt null grader og sol, herleg vinterver. Isen her var ikkje så bra, men vi tok ei titals rundar og var godt nøgde.

Artig!
 
Frå Giske mot Ålebyen
 
Vi runda av med kaffi på stranda.
 
Godt med bålvarme
 
.. og pinnebrød. Namnamnam!
 
Pinnebrød - oppskrift
4 dl kveitemjøl
1/2 ts salt
2 ts bakepulver
1-2 ss sukker
2-3 ss smelta smør eller olje
1,5 dl vatn eller mjølk
1-2 ts provancekrydder (fra kvern)
 
 
 
 

tirsdag 15. januar 2013

Vintertelting i Hjørundfjorden

-6 grader, nydeleg soloppgang og ny monstervintersovepose i bagasjen. Klar for telting i januar. Det vert mykje logistikk og køyring når vi skal finne noko i mellom Askvoll og Ålesund, rekke litt telting og turing utan å ta fri, og helst padle i dagslys.

Hjørundfjorden frå Storfjorden (ferja Solevåg - Festøy). Hornindalsrokken i midten bak.
Sunnmørsalpane avdeling Sykkylven til venstre, avdeling Ørsta til høgre. 

Nina mista første ferja si med eit millisekund, og vi flytta startpunkt frå Sæbø til Standal (plan B). 

Nina på sjøen! (Hornindalsrokken i midten bak).

Klokka 14.00 var vi på sjøen. Bilar parkert etter avtale med lokale heltar. Den eine tykte vi var galne som for ut, og tilbaud henting, 24/7 om behov. Den andre var litt misunneleg på oss som skulle på tur. Begge advarte oss om spøkelse på øydegardane. Vi fekk råd om å bytte overnattingsstad frå Molaupen til Strandabøen. Plan C.  


Molaupen. Fjorden her er 400 meter djup.

Molaupen vart fråflytta i 1955 og planta med gran. Granfeltet er altså det som tidlegare var grøne bøar og slåttemark.

Restane etter våningshuset midt inne i granfeltet. Trist. Vi diskuterte litt kven som kunne gjere slikt - plante ned fleire hunde års livsverk til forfall.

God utsikt frå fjøsen! Ikkje kvar dag det har vore tørrdraktsnissar her tenker eg! Fjøsmateriala hadde tydleg vorte gjenbrukt, for her var det berre reine murar utan ei flis.

Det er litt kult å sitte i kajakk å sjå opp på slike tindar.
Den framste toppen er Molaupssåta, og bak i sola Sunnavindsnipa.

Strandabøen med del av Hundatinden bak.

Vi høyrte på dei lokale og sette kursen mot Strandabøen. Garden vart fråflytta i 1947, og her var det litt mindre gran og betydeleg betre vedlikehald. Vi rakk akkurat å komme oss i land og hive opp teltet før det var stup mørkt. Knallgod berekning.

Leirbål!

Laurdagskveld i særklasse. Leirbålet heldt minusgradane i sjakk på eit vis. Fjorden skvalpa og spøkelsa såg vi lite til. Vi laga middag og brente bål. Snopa og brente bål. Planla ferie og brente bål. 
(Dei som hadde vore her før oss meinte vist at eingongsgrillar, glasflasker og ølboksar var gode opptenningsmateriale til nestemann. Det er det faktisk ikkje.)

Tid for legging. Spennande. Eg kraup ned i monsterposen med stor forventning. Sovna som ein stein. Sov og var god og varm heile natta. Betre enn hotell! Det var nok rundt -10 om natta. Skjønnar at eg må minusgradtelte ofte for å forsvare innkjøpet av monsterposen, men du og du som det var verdt det.

Tunet på Strandabøen med Molaupssåta bak.

Strandabøen var ein kul plass. Det såg ut som folk her verkeleg hadde brydd seg. Ein haug med litt rare bygningsmurar, støttemurar, trapper, løypestreng, vegar på kryss og tvers. Innlagt vatn, frukthage, skikkeleg naust og molo. Det er interessant å sjå desse øydegardane. Det sett i gang mykje tankar om korleis folk har budd, livnært seg, om stå-på-vilje, om livskvalitet. Har vi det betre no? Eg tvilar.

Brukbar teltplass - nok ein gong. Randers topp bak oss.
Utsikt har dei hatt rikeleg av, folket på Strandabøen. 

Bål og frukostlaging. Kombinasjonen sove lenge og korte dagar er ei utfordring. I 12-tida var det eit kvarter med sol som nådde fjorden og Strandabøen. I 13-tida var vi klar for avreise.

Hjørundfjorden dag 2.
Hornindalsrokken framleis i midten bak, Barlindneset og Leknes til venstre - Sæbø til høgre.

Fjordpadling er berre så passelig inspirerande. Sjå bilde 1, 2 og det ovanfor. Fleire mil innover i fjorden og frå dag til dag, men minimalt med variasjon. Med -5 grader, motstraum og nokre sekundmeter vind i mot, var det dårleg med motivasjon til padling. Særleg hos meg. Vi padla likevel sopass langt at vi fekk ein skikkeleg sightseeing av Trandal frå sjøen. 

Trandalhatten (1220 moh) og sentrum.

Trandal frå sjøen: Utleigehytter, betongbygg Tussa kraft, ferjekai. Been there, done that. Vi hadde høyrt noko om ungkarsfestival i Trandal, men det var ingen av sorten på kaia ein tilfeldig søndag i januar i alle fall. Det var så kaldt at det freista meir å padle rett tilbake enn å hoppe i land og ta lunsj.

Regndalstindane bak og Trandalstårnet til høgre.

Mot Standal.
Frå venstre: Sylvkallen, Kolåstind, Sætretindane, Geithornet, Langenestind

Sjølv om fjordpadlinga er litt kjedeleg, så er nok dei alpine fjella rundt Hjørundfjorden nokre av Norges vakraste. Eg kjente at det klødde i fjellskoa. På veg over til Standal fekk vi litt medsjø og humøret kom seg. Det er jo litt artig å padle i saltvatn i alpeland. På kaia til klokka 16.00 - og pakka i bilen før det var stupmørkt. Bra berekning! (Rettnok holsvolten og tørst)

Kva har vi lært:
- Bensinbrennar er veldig mykje betre enn gass når det er kaldt - testa og utprøvd. 
- Vintertelting bør skje der det er mykje ved - bål er viktig!
- Alt frys; lukelokk, vatn i drikkepose, vatn på flaske, vatn som ligg i teltet om natta.
- Alt frys; oppvasken, neoprensko, våtserviettar, pålegg, brød, osv
- Alt tek lenger TID når alt av mat og utstyr er frose på dei merkelegaste tidspunkt. 

Kart. Padlinga vart totalt ca 22 km.

Meir om øydegardane (måtte sjølvsagt google litt då eg kom heim):

Molaupen
Kring 1900 budde det 16 menneske her. Garden vart fråflytta i 1947 og selt til Vestlandske kraftsamband i 1955. Bygningsmateriale fekk gardane på Ytre Standal overta. Dei hadde begynt å ta heim materiala (fjøsen) men etter Molaupulykka der 7 av karane frå Ytre Standal omkom stogga dette arbeidet. Det var kraftlaget som planta gran så respektlaust over heile bøen og tunet (grana var planta i vegen, på trappa og overalt).

 Strandabøen
Garden vart truleg rydda allerie på 1500-talet, og ligg inneklemt mellom to store fonngjøl. Huset her var det første i fjorden med ark, og kvitmålinga vitnar om velstand. Garden var i periodar av dei rikaste i fjorden, med bær- og frukthage, hausting av hassel, produksjon av tønneband, laksenot m.m. Det var og første huset med vassklosett og bad (1926). På 1920-talet vart garden rusta opp, og det vart bygd naust, kraftverk, elektrisk dreve ysteri, elektrisk vinsj for stein- og gjødselfrakting og rundt 1930 også eit gartneri. Gartneridrifta gjekk godt. Dei reiste til torgs i Ålesund to gonger i veka. Garden vart fråflytta i 1947 og selt til Vestlandske kraftsamband i 1960. Storfjordens venner og Hjørundfjord sogelag har teke tak i vedlikehaldsutfordringa. No er det Tussa kraft som eig garden. 
Etter mi meining bør det gå nokre kraftoverskotskroner til å ta vare på garden og historia! Her er 500-års dokumentasjon på sunnmørsk entreprenørskap!  

torsdag 10. januar 2013

Gamlemsveten (790 moh)

Januar. Kva gjer ein i januar for å få seg litt frisk luft? Rottar seg saman, tek med hovudlykta og finn seg eit turmål. Gamlemsveten har veg opp, og burde difor vere idiotsikker sjølv i mørket med hovudlykt.

Ved bilen var det +2, vindstille og stjerneklart. Det varte ikkje så lenge...

Skikkeleg triveleg oppover bakkane

Vi viste ikkje kvar på fjellet vi var og verda verka lita og relativt flat. Vind og snø gjorde at det var kaldt og dårlig sikt. Ising på vegen gjorde det heile ekstra spennande. Det var veldig kjekt å vere på tur med hund att og humøret var på topp.

Caro rimar ned

Utsikta var det heller dårleg med. Etter ei god stund så vart det likevel eit lys i horisonten.

¨
Månelandskap.
Brøytestikker, kjekke turdamer og hund i solnedgang (dvs utelampe..).

Toppen! Det var litt merkleg å stå på toppen under utelyset på eit bygg og vite at det er 80 meter antenne over deg, men du ser ikkje litt av den eingong.

På toppen! Så blide når det er SÅ SURT! Betre turfølgje får ein ikkje. 
Eg fekk ikkje vere med på bildet fordi kameraet bleste ned frå steinen....

På nedturen gav byga seg og vi fekk panoramautsikt mot Ålesund og øyane. Fyra på Alnes og Runde blinka så fint. No såg vi at det faktisk var ganske bratt det vi hadde gått opp. Proposjonane falt på plass att.

Prosjekt kveldstur gjennomført med stor suksess - slike vert det fleire av framover! Vi har lys og klede så ingen grunn til å sitte inne KVAR kveld.