lørdag 31. januar 2015

Koppefjellet (940 moh)

31. januar. Laurdag morgon. Kaffi og kart utover bordet. Vi hadde sett på vermelding og skredvarsel (Varsom.no) og hadde nokre aktuelle turar på lur. Den første randonee-turen i år på meg (utanom skitrekk då). Vinnaren vart Koppefjellet (940 moh). Trygge ryggar, sørvendt og under 30 grader. Ingen av oss hadde vore der før.

Parkering i Aldalen ved Ullalandsvatnet. Frå bilen såg vi heile ruta. Opp i venstre kant - over ryggane i horisonten til toppen til høgre. 

Flotte lier og bakkar i starten. Hard snø, men med eit styrelag. 

Vi tok oss tid til å sjå på snø, berekne helling og diskutere terreng og forhold. Skal ein lære noko må ein nesten ta seg tid til slikt på fine turar i fint ver når ein har god tid. Snøen varierte oppover. Det var område med "flaking" under skia. 

Ups. Kompasset til Therese gjekk i tusen knas, under eit år gamalt, Det skal berre ikkje skje med den typen utstyr (Foto: Therese). 

Ryggen mot høgde 819. 

Rå utsikt over mot Ørsta.

Lekkert! 

Det vart lunsj med den utsikta her. Iskaldt rett nok. Vi bestemte oss for å gå siste ryggen på føtene. Det såg ikkje ut til å vere noko å vinne på ha på skia.

Siste ryggen mot toppen

På topplatået! 360 graders fantastisk utsikt til kvite fjell i alle variantar.

Det er SÅ verdt å gå nokre motbakkar, svette, slite og streve. Det er gløymt med det same ein kjem opp og får utsikt og løn for stevet!

Ny topp! Har har det vore både vind og frost ut i frå pålen i varden. 

Austefjorden med fine toppar på rad og rekke.

Nabofjellet Snøhornet

Vi måtte øse litt, og ta eit teambilde eller to...

Lunsjerar på høgde 819. Fleire folk i fjellet. 

Då var det berre å sette tuppane nedover.... 

Nedover: Først var det litt gjennomslagsføreaktig. Ekkelt. Eg fekk ingen rytme på det. Så var det eit parti med kjempebratt (relativt sjølvsagt). Eg hekta av skia og kom meg ned der til fots. Det neste pariet var kjempefint! Hardt under og styresnø på toppen. Herleg! Her vart det skigledeutfalding på meg og. Nederst var det knallhard skare og litt slitsomt. Med andre ord ein normal og brukbar dag på fjellet og mjølkesyre så det held. 

Vel heime sendte eg melding til søstersen og konstaterte at eg framleis ikkje var nokon Svindal i bakkane. - Bra svarte ho - då slepp du å ofre livet i AlpinVM neste veke...

Artig og rimeleg trygg tur med fantastisk utsikt! 

Totalt ca 6 km lang og knappe 700 høgdemeter. Link til turen på bloggen til Therese: Vestferd

Tips til to variantar av stavmåling: 

Fredagskveld med fjellskitur på Frostadtind

30.01 Lang veke i Oslo. Eg landa på Vigra 18.30 og møtte Synnøve og Roar i Engesetdalen klokka 20.00. Det gjeld å ha ein avtale. Då kjem ein seg ut.

Dette var min aller første kveldstur med hovudlykt og fjellski. Sjølv om det var overskya var det ganske lyse skyar på grunn av månen bak. Snødekte åsar og ryggar var tydelege. Det var ikkje vanskeleg å orientere seg (Synnøve og eg hadde dessutan rekognosert i forrige veke). Hardt og greit, og eg kom meg opp på kortfellar (med berre litt banning i brattaste kneika).

Bevis! Ved varden på Frostadtinden (801 moh)

Nedover var det berre lekkert. Monsterlykta gav godt lys, og føret var upåklageleg. Det var passeleg bratte bakkar. Eg var nervøs og spente meg litt, men det var eigentleg ikkje noko grunn til det. Jamnt hardt, og litt styresnø på toppen. Dei siste to hundre høgdemetrane var det skare og flust med gamle skispor, og ganske ruglete. Mjølkesyre i låra. 

Frostadtinden. Ca 9 km t/r,  ca 550 høgdemeter. 

Hit vert det fleire turar! Perfekt kveldstur!

fredag 30. januar 2015

Pudderhelg i Grøndalen

24.-25.01 Sliten. Jobbreisinga for tida tek nesten knekken på meg. Heldigvis har nokre andre tupper vore i sving og planlegginga er i boks. Utan meg. Det striregnar på Valderøya og eg lurar på kvifor eg har ordna meg med slike (hyperaktive, ustoppelege) venner. Føremiddagen går med til pakking. Eg tykker det er er omlag like mykje pakking som til 5-dagersturen på Josten. 24 timar ute. Full bil.

Humøret stig på ferga, eg møtar dei andre i Ørsta og regn har blitt til sludd.  Framme i Grøndalen snør det. Brøytekantane er allereie to meter høge, og det er ufatteleg at det kan vere så stor skilnad nokre mil heimafrå. 6 mil i luftlinje.

24 timar - full pulk. Dess kortare tur, dess meir irrasjonell pakking.

Brøytekant. MINST 2 meter. Rått!

Winterwonderland

Det var ein kjekk laurdagskveld innover skogsvegen. Omlag heilt flatt. Mildrid brøyta spor. Snøen dala. Stilt, kvitt, reint, svart, berre lyset frå hovudlyktene. Det var ikkje noko problem å halde varmen med pulken på slep. 

Therese med sekk.

Eg får æra av å stige inn på sletta som skal verte leirplassen vår (Foto: Mildrid)

Det gjekk greit å slå leir. Diverse teltprosjekt og gamle kunstar som ikkje rustar. Realmiddag og samling i naboteltet med laurdagssnop og tyting. 

Brukbart. Kjekt å gå over til naboen i slike forhold. 

Meir snø i løpet av natta. Eg var spent på korleis det såg ut i dalen. Og for ein morgon vi fekk! 

"I østen stiger solen opp...."

Gliset på plass FØR frukost og kaffi. Dette vert ein bra dag. 

Det var litt læretur denne gongen og. Nye brennarar, skiutstyr, feller det er mykje som skal på plass. 

Klar for topptur! Morgonsol på Eidskyrkja (1482 moh)

Therese og Mildrid

Skredsøkardrill

For eit vinterland! 

Opp gjennom bjørkelia. 

Det var snø. I mengder. Eg gjekk nedi til over knea når eg gjekk først. To steg og eg var på makspuls. Det var tungt. Vi seig oppover og bytta på å trakke spor.

Mot Nordfjord og "Kvitegga"

Therese hadde klinometerquiz. (22 grader her)

Vi kom opp over skoggrensa. Det vart litt mindre snø, men framleis tungt. Klokka gjekk og gråveret som var meldt kom innover. Det var ikkje super sikt. Det var og veldig langt opp til Sunndalsnipa (1395 moh). Solidarisk fann vi ut at det var lurt å snu. Ulike føresetnader og kanskje litt ulik motivasjon for å nå toppen, samt ei ganske dårleg vermelding. Vi tok ein runde på ein haug ein stad mellom 700-800 meter.

Kart. Kompass. Kvar er vi? Kor skal vi?

Av med feller. Klar for fart! Det var ikkje mykje fart å få på skia i laussnøen, noko som passa meg ypperleg. Det var skikkeleg artig å renne i skogen ned att! DÅ angra eg sjølvsagt på at vi ikkje hadde gått høgare opp. Gløymt var makspuls og mjølkesyre. Eg har igrunn ikkje pudderski, men fekk likevel smaken på pudderkøyring. 

NOKON må kanskje måke hyttetaket? 

Vi var ikkje i måkehumør - og tusla tilbake til teltet. Innandørs lunsj og nedpakking. Godt liv. Fin søndag. 

"Home sweet home"

Då var det berre å rusle seg ut at. Det var freistande å seie at det var for mykje snø. Alternativet er å innrømme at det er behov for litt meir kondis og styrke i beina for å få maksimalt ut av slike dagar. Dette var det andre forsøket mitt på Sunndalsnipa. Første gongen enda vi på Eidskyrkja i staden. Denne gongen vart det ingen topp, men finfin pudderkøyring. Kanskje når eg toppen neste gong?


Ekspedisjonskjensle

Teambilde!! Fin gjeng! Flotte damer! 

Vi fekk til og med ut bilane ganske greit, med teknikken: Måk litt, dytt mykje. Det gjekk gullegodt. Takk for turen!

8,5 km på ski totalt. Flott vinterområde. Mykje fjell- og villmarkskjensle lett tilgjengeleg her. 

onsdag 14. januar 2015

Natt i naturen og pangstart på friluftslivets år

13.01 2015 skal vere friluftslivets år. Ordførarar over heile landet vart utfordra til å sove ute 13.januar. No er vel ikkje camping midt i veka i januar eigentleg ein STOR del av det tradisjonelle erkenorske friluftslivet, men det tek ein ikkje så tungt i friluftslivets år. Ordførarar med flakkande blikk og nervøse rykningar har lova seg vekk til lavvoar, leirplassar og andre uteinaturenmoglegåovernatteplassar, på TV, på Facebook, i lokalavisa og andre stader med publisering av tekst og bilde som det er vanskeleg å lure seg i frå.

For min eigen del har eg vore litt nølande. Denne veka er proppfull med jobbedagar i Oslo, med vekkeklokke 5.00 og 7-flyet og 12-14 timars dag. Sygni var klar. Telting, sant. Klart vi skal markere! Eg steig ut av flyet i sjutida på kvelden og snøkaven slo meg i ansiktet. Eg hadde full forståing med hardpressa fornektande ordførarar. Kvifor gjer vi dette?

Satelittbilde, kart og vermeldinga var studert og vi hadde ein fin teltplass i Mallavika (Vigra) på programmet. Kortreist, men flott. Byger og kuling frå sørvest. Om vi hadde berekna rett var det ikkje den mest verharde staden å campere denne kvelden.

Vi tusla oss forbi desse flotte nye husa, ut i mørkret og utmarka. 

Grov sjø braut innover mot stranda. Det har eg ikkje sett på denne stranda før, og vi padlar her ofte. Bakken var kvit. Ikkje ofte ein kan telte på snø på Vigra! Vi fann ein fin plass (akkurat som berekna) og heiv opp teltet. 

Sygni sitt Hilleberg Kaitum 3. Lett telt, og stort. 

...og med dette erklærar vi Friluftslivets år for offisielt OPNA!!

Då eg heiv meg på expeden kjende eg kor godt det var å vere ute! Lenge sidan forrige natt i telt, og eg søv godt med rikeleg frisk luft. Ikkje litt misunneleg på lysfontenevilla-folka. Planen om å legge seg tidleg vart forpurra av fotografering (som vi begge likar), hasjtagging (som friluftslivets år likar) og litt anna fjas.

AHHHHH. Installert, og fotografen er klar. 9cm exped er konge. 

Hjernen bak dagens utflukt

Tannkost og tannpuss, kunstbilde av telt og meir hasjtagging. Eg vart litt usikker etterkvart, om friluftslivets år eigentleg berre er eit skalkeskjul for å lære oss opp (evnt lure oss inn) i sosiale media? #nattinaturen, #friluftslivetsår , nei du skal bruke #FÅ15, dessutan kan du bruke  #friluft2015.

Forsøk på kunstbilde av telt. Tippar Sygni har nokon betre - meir tolmod og stativ er visst tingen. 

..og det siste var visst #soveposeselfie

Monsterposen - meg - snart ei god natt i telt...

Vi hadde kontroll på veret, men hadde gløymt flyplassen. Så med tung dønning frå sjøen, sus i granene og innkommande kveldsfly på rullande band, vart det ein fin kveld. Ei og anna torebyge og nokre vindrosser som reiv i teltet gjennom natta fekk vi på kjøpet. 

Kjekt å få ei vinternatt ute. Vi kom oss på jobb til omlag normal tid. Midtveketelting fungerar godt!

Eg registrerar at ordførarvennane mine på Facebook har stått prøva med glans, sjølv om nokon er tydeleg meir glad for å ha overlevd natta enn å inspirere til VIDARE friluftsliv. Imponerande kor mange som har delteke på stuntet!

.. og om du vil vere med på bloggen min i 2015 så taggar du berre turbilda dine med #Lenesintur, så kjem dei opp til høgre her på sida...

søndag 11. januar 2015

Sesongpremiere i skitrekk

11.01 Sesongtart i skitrekk! Fin søndag på ski. Takk og lov for at uveret Nina la vegen utanom Møre denne gongen. Det vart brukt uvante musklar og pussa på teknikk, litt betre år for år. Dette er på mange måtar grunnlagsinvesteringa for skiturar seinare på våren! Lovar godt!

 

Snø i mengder i Stordal. Pudder til midt på låra utanfor løypa. 

Køyretid Valderøya - Overøye - 1 t 15 min (heilt etter fartsgrensa)