tirsdag 10. juli 2018

Kvalitetstid med kajakk i Kalvåg

6.-8. juli
Endeleg passa det for Nina og meg og fare på tur att! Vi hadde blinka oss ut Kalvåg som passeleg på midten og passeleg ukjent padleterreng med stort potensiale! Nina var billaus, så ho kom med ekspressen og eg tok med kajakkar. Ellers var pakkelista fordelt omlag som i "gamle dagar".

  
Sommarkveld og silkeføre

Lange dønningar i skjergarden - og brenning mot dei ytste skjera. 
Nina (og dei andre passasjerane) hadde fått beskjed om å sitte i ro på båten over Stavfjorden på grunn av tungsjøen i havet. 

Her var det folk heime, og camping i fjæra gjekk ut. Idyllisk plass! 

Neste øy. Midnatt. 

Lysa frå Florø by og Kvannhovden fyr i det fjerne. Ingen mygg! 

Få plassar å gå i land. Ei ugunstig støe vart valet, og vi måtte tømme kajakkane før vi klarte å få dei på land. Teltplass med eit naudskrik. Eg var glad vi ikkje var ei stor gruppe med mange telt. Det vart langt på natt før vi køya, men det gjorde ingenting. Lys natt og fin temperatur. 

Morgonutsikta! Endå vakrare i lys og fargar! 

Beste tomta i byen...

Det vart varmt i teltet, og eg drog ut madrassen på berga og sovna frampå. Vi hadde det ikkje travelt, og det var mykje og mangt som skull skravlast om. 

Frukostsal med utsikt

Morgonbad. Overraskande friskt i sjøen her! (Altså ISKALDT!)

Etterkvart kom vi oss i kajakkane. Vermeldingane var innlysande ikkje heilt rett på timinga, og det var mykje vind frå ulike kantar som skulle komme. Det var framleis tung sjø og vi droppa yttersida til fordel for skjergardspadling. For her var det masse holmar og skjer!! 
 
Glitrande sommardag på sjøen!

Frøysjøen og Kvannhoveden fyr. Skal, skal ikkje? 

Vi let fornuften sigre. Litt for langt å padle heim att i motvind, og vi hadde berre ei ordinær kort kort helg å spele oss med. 

Snirkling ved Gåsøya

Lunsj på stranda. Sydensommar! 

Vi bestemte oss for camp to på austsida av Kalvåg i kort avstand frå ekspressbåtstoppestaden Smørhamn. Det var meldt vind og regn neste dag, så vi ville vere i posisjon. 

Is og smørstopp i Kalvåg

Andre jobba i helga. Eg er sterkt i tvil om kva eg meiner om denne næringa. Er det bærekraftig og fornuftig bruk av ressursen? Haustar vi taren på beste måten? 
 
Kyrkjepadling

Nydeleg på innsida

Vi padla oss nordover til vi traff iskald nordavind. Den gadd vi verken padle eller slå leir i, så vi snudde og fann ein skjerma leirplass på Vederskytten. 

Camp II

Holmen var fin, men ved nærare ettersyn så var det ikkje greit..

Marin plast

Vi fekk ikkje rydda her denne gongen, men om eg skal hit på nytt vil eg avtale rydding/henting med kommunen på førehand. 

 
Fiskepakke til middag - og fine folk (som oss) et seint...

Lærdom: Mykje grønt og saus gjer at det tek lenger tid, betre med breiare folie, helst berre to lag. 

Vi hadde ikkje havutsikt, så det vart topptur på øya for å sjå solnedgangen. 

Purpurlyng? 

 
Solnedgang mot Olderveggen klokka 23.15 frå toppen 49 moh.

Teltet vårt som ein knappenålsprikk

At vi fekk opp telt med plass til 2 madrasser nokon lunde i vater var meir som eit under. Eg bygde oppunder med alle pakkposane og det gjekk på eit vis. Soving vart det og vi fekk både ete frukost og pakke saman sakene før regnet kom.  

Neste gong campar vi alternativt på denne holmen (Norde Kjersøya). Krevjande ilandstigning men betre teltplass. På desse trakter lønner det seg med hengekøye. 
 
Kul snirkling

Siste etappe var Trongesundet til Smørhamn. 

Fin merking. Tvilar litt på at det er Kystverket som er ansvarleg her.

Vi hadde lest litt feil på ruta, så eigentleg hadde vi tid til å padle til Kalvåg. Vi droppa det på grunn av tidspress i kombinasjon med motvind, motstraum og skvalpebølgjer midt i mot. Note to selv - dobbel og trippelsjekk alltid rutetidene. Det vart i alle fall ikkje stress, og i Kalvåg ordnar dei skyss om ein treng det. Strålande helg i flott padleområde. Veldig kjekt å vere på tur med Nina igjen. Vi har no ein drill på det frå teltprosjektet vårt.  Hit vil eg fleire gonger i kombinasjon med øyriket i Flora, Grotlesanden og Vetvika. 

Kvar dagsetappe med si farge - totalt 35 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar