Viser innlegg med etiketten Ålesund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ålesund. Vis alle innlegg

mandag 11. juli 2022

Sommartur i skogen på stølsjakt

 11. juli Sommartur til seters! Gudmundssetsætra, Merafta og Demmingsvatna.  

Stien til Gudmundsetsætra var rimeleg attgrodd, så det vart litt knoting i skogen. Vi har blitt gode til å lese vegetasjonen, så vi fulgte einstapen mot einekrattet og vidare mot dei høge granene. Klassisk og trist historie om attgroing av det som ein gong var setervoll og beite- eller slåttemark.

Rest av setervollen godt omkransa av høg granskog. 

Den som leitar finn! Huset i skogen. 

Rest av mur



Nøgd med å ha fått ei ny seter på besøkslista, fann vi stien vidare til Merafta. Flott sti og lett å gå til topps. Det seier litt om fritid og prioriteringar i våre dagar.   


Kul open skog vidare oppover.

Til topps! Meraftafjellet 576 moh. 

Sykkylvsfjorden

Langevatnet og utsikt mot Ålesund og øyane i Giske

Heimvegen gjekk om Demmingsvatna - med ei meir moderne hytte i skogen og skikkeleg skogstjernidyll. 





mandag 25. april 2022

Magerholmsetra

 23.04 Vårtur til Magerholmsetra



Flott skogssti oppover, før vi snubla inn på "Plassen" . 
Her var det ein tydeleg bø og husmurar som stod att. 

Fasinerande å sjå dei store trea som tek att landskapet. Nydeleg utsikt og vårsola varma i bakkane. Her må det ha vore godt å bu! 




Her låg den "gamle magerholmsetra" før småbruket "Daleplassen" vart etablert ca 1820. Bruket vart fråflytta i 1927. Det eg kan finne av kjelder tyder på at dei klarte seg godt i Magerholmdalen. Elva gav kraft til å drive treskeverk og mølle, dei tok ut tømmer og brann kol i dalen og i fjorden var det godt fiske.  
 


Fleire aktive krabatar og vårteikn på ferda vidare mot Magerholmstølen

Er det ikkje ein setervoll? 

Fleire tufter var godt synlege

...og for ei utsikt mot Sykkylvsfjell!!! 

Det stod att eit sel med skikkelege tømmerveggar - der tida nok har rent ut for renovering. 


Nydeleg rast i sola og ein rundtur i setredalen vart det. Innover låg det framleis mykje snø, så vi utforska ein anna veg til bygda med nydelege vårblomstrar og heftige sva.  


Heftige sva og skrentar over oss på returen! 

Merkeleg at eg ikkje har vore her før - ein flott nærtur som eg kjem til å gå om att! 

mandag 22. november 2021

Emblemsfjellet på langs med stølsblikk

 21.11 November med eit hint av julestemning er flott, men avgrensar turmåla litt. Vi tok kjente stiar på Emblemsfjellet, men med eit nytt og skarpt blikk på stølane som ligg på rad og rekke.

Røssevollvatnet. Skimtar hustaka på Eikenossætra i skogen 

Glimt av stølsidyll - Eikenossætra

Fleire stølshus var omgjort til moderne hytter og tydeleg i bruk - kjekt! 

Setervollen var skikkeleg attgrodd. Trist, men forståeleg. 

Neste støl Røssevollssætra. Mindre å sjå der, men framleis spor etter folk. 

Gamle murar...

..og eit bygg som stod att. 

Over snødekt myr og hei og knausar bar det. Vi hadde stø kurs austover og neste setervoll var innafor rekkevidde. 

Emblemssætra/Skillingsetra. 
Dette huset har vi sett langs skiløypa før. 

Denne gamle stova hadde vi ikkje lagt merke til før

Flott utsikt og fleire gamle og nyare hytter på setra. 



Resten av bilda er fra Synnøve. Vi tok ein ekstrarunde og fekk med oss Puskesetra på returen. 

Kulturlandskap

Puskesetra

Ex-setervoll, no mørk og dyster granskog.

Det siste store spørsmålet for dagen var om dette også er ei gamal seter, eller berre ei hytte? 

Knappe 9 kilometer og 4 setrer. 

onsdag 28. oktober 2020

Oktobernatt i naturen

 23.-24 oktober Den eine solskinnsdagen etter den andre har passert i oktober, medan eg har vore oppteken med jobb og plikter. Uroa auka. Korleis vert det med oktobernatta? Vi satsa kortreist og kom oss endeleg ut. Ei ny øy i gamle Ålesund kommune vart utforska. I alle fall overnatta på. Det vart ein lun og vindstille kveld på Tørla. Vi var ikkje lengre frå bilen enn at vi hadde med rikeleg med tørr ved. Furuskogen egna seg godt for å henge opp køyene, og vi droppa tarp denne gongen og! Meir enn halve poenget med hengekøye er å sjå tretoppar og himmel. Ny metode med å tre fjellduken over heile køya vart testa, og det fungerte godt. Sjølv om det starta å regne i firetida vart vi ikkje spesielt våte i køyene. Det regna godt då vi stod opp, så frukosten vart i Fjelltunvegen.

Furuskog er best! 

Testing av fjellduk som trekk utanpå køya. 
Repetisjon av lysbruk. Same styret kvart år. Korleis verkar hovudlyktene att, og korleis stokke leidningar, batteri og stropper. 

God fredagsstemning! Tørla by night

Morgonperspektiv frå køya

Haust i skogen.