lørdag 31. august 2013

Størdalsstauren (532 moh)

Fredag 23.08 fekk eg snike meg til ein fjelltrimtopp før padletur. Størdalsstauren er ein skikkeleg artig tur, med effektive høgdemeter på ein markert rygg der ein har armslag og god utsikt. Eg gledde meg. 7 år sidan sist. Strålande sol og varme i bakkane.

Størdalsstauren med den karakteristiske ryggen.

Eg var usikker på om eg hugsa vegen, men med rett "parkeringsplass" fann eg lett sti og trakk oppover og nokre små diskrete "vardar". 

Kven er du? 

På den mest utsette delen av stien stod geitene og sola seg. På ein tørr og fin dag er det ikkje noko problem å krysse dette berget. Geitene hadde stått opp på go`sida og let meg passere.

Nesten oppe - og ser nedover ryggen.

Skattekista! 10 poeng innkassert. 

Utsikt, fridag, sol - mange gode grunnar til å vere fornøgd på toppen.

Mot Atløy og Alden

Øyriket i Flora, som eg straks etterpå skal utforske. Vi padla i grunn heile dette bildet på tvers.


No manglar eg framleis ein fjelltrimtopp i år - så det vert nok ein Askvolltur til før oktober... 

torsdag 29. august 2013

Kinn og Reksta - øyhopping i Flora - 3

Laurdag/Søndag 24./25. august. Sagaøya Kinn har vi sett i horisonten i nord på veldig mange av padleturane i Askvoll.

Kinnakloven er eit flott landemerke. No sett frå nord.

Etterkvart som eg har fått meir padleerfaring har det vorte meir realistisk å komme seg ut. Det var likevel litt rart at det var no. Målet i sikte. Vi skulle faktisk til Kinn. Her og no.

Fin medsjøpadling innatt frå Ytterøyane. Kinn frå litt uvant vinkel. 

Det kan vere kraftig utgåande straum i Skorpefjorden og Rekstafjorden på fallande sjø. Vi padla difor på nordsida av Nærøya begge vegar, og kryssa over til Kinn på innsida av Nærøya. Det gjekk heilt fint. Arinbjørn er godt kjent i området, og delte villig av lokalkunnskap og turtips. Eg har plukka med meg mykje nytt og nyttig i helga!

Kinnakyrkja frå sjøen. 

Vi vart litt andektige, og kjende på det historiske suset. Kyrkja er frå slutten av 1100-talet og ei av Noregs eldste. Soga her er fletta saman med St. Sunniva og klosteret på Selje

Kinnavågen er fin, og truleg endå finare på flo. Vi enda nord i Høyskarvika. 

Beste tomta i byen...

 Scampigryte a la Arinbjørn. Sogningane kan det her med mat ja... Det smakte heilt fantastisk!

Ekstra stas med fyr i solnedgang når vi nett har vore der...

Kinnaklova

Kyrkjegarden

Kinn kyrkje frå vest. 

Ytterøyane fyr - meir drag i sjøen i dag

Vi ville gå på yttersida og rundt Kinn. Det var meir drag i sjøen og det braut kvitt. Det var mykje lyd og litt rotesjø, men god plass til å padle gjennom og forbi. Litt spennande og variasjon frå gårsdagen. Det var akkurat så mykje bevegelse i sjøen at det ikkje vart noko særleg med bilde. Eller faktisk ingen. 

Britt tek nye utfordringar på strak arm! Heimlege Tviberg og Alden i horisonten

Rognaldsvågen

Du veit det har vore mykje stein og lite folk nokre dagar når det å komme til Rognaldsvågen kjennest omlag like urbant som New York. 

Skikkleg "hardcore" kystkultur og eit levande samfunn. Flott plass, Rognaldsvågen!


Siste rasten på ein fin holme nord for Reksta. 

Vi padla på nordsida av Reksta innover mot Florø. Skikkeleg fin tur. Variert padling, fine teltplassar, fantastisk mat og godt lag. Det vart som ein miniferie på tampen. 

Totalt padla vi 56,5 km i helga.

Ytterøyane fyr - øyhopping Flora - 2

Laurdag 24.08. Lettskya og fint. Vinden som var meldt såg vi lite til. Lang frukost og klar for sightseeing.

Batalden og Litle Batalden. Lag på lag. På rekke og rad. 

Det går an å skjønne kvifor den litle er kalla opp etter den store. Vi snur "Bataldnane" ryggen og padlar sørover.

Snirkling i Vågane på Skorpa

Skorpa vest. Solid molo. Skikkeleg solid.

Sydenstemning og lunsj på Æsøya

Bading med Ytterøyane fyr i horisonten! Kven hadde trudd det?

Badliv. Fin temperatur i vatnet. Kanskje 16-17 grader? 

Målet for dagen: Ytterøyane fyr. Vi sette kursen rett vest. 

Ytterøyane er del av eit større sjøfuglreservat, med ilandstigningsforbod frå 1. april - 31. juli. 
  
Vi er på land! 

Ytterøyane er berykta for dårlege landingsforhold. Med kajakk på ein roleg dag gjekk det greit, men det var mykje drag og lite manøvreringsrom for båt her ute. 

Fyrstemning! Tårnet er 31 meter høgt. "Døra til Alden" var skikkeleg artig. Det var godt vedlikehald og fint på fyret. 

Mot Batalden

Alden og Værlandet i sør (t.v), innover øyriket i Flora og Skorpa i aust (t.h).

Ytterøyane fyr

Farvel. Adjø. 

Dagen var på hell og vi sette kursen mot sagaøya Kinn og middelalderkyrkja.
Vi padla omlag 20 km på laurdagen. 


Vatn: Vi hadde med oss mykje, men ikkje heilt nok. Eg testa koking av pasta i sjøvatn. Det gjekk heilt fint. Litt salt, men god smak. Vi fekk fylle på noko vatn på Skorpa som var så myrete at vi ikkje klarte å drikke det. I Rognaldvågen fekk vi fylt bra vatn i hamna. Det er ikkje mykje drikkevatn å finne på øyane. Ta med (meir enn) rikeleg!

onsdag 28. august 2013

Litle Batalden - øyhopping Flora - 1

23.08. Øyhopping i Flora. Som vanleg har vi griseflaks og kanonver når vi driv langtidsplanlegging av helgetur. Skikkeleg sommarvarme og havblikk. Fredagskveld og ei heil helg til disposisjon. Vi veit kva vi eigentleg vil sjå i løpet av helga, men er innstilt på å legge opp turen etter veret. Vi legg ut ved Ewos i Gunnhildvågen, på fjære sjø.

Med industriområdet i ryggen er resten av Flora heilt fantastisk vakkert

Skorpa

Ved Straumsøyane får vi god utsikt mot Litle Batalden (bakerst). Det er i grunn dit vi har tenkt oss i kveld. 

I ope lende, og Ytterøyane fyr lokkar og dreg i horisonten. I morgon, i morgon.

Little Batalden er berre stein. Vi hadde fått tips om teltplass på vestsida. Det bryt lett i svarte berg. Det er ingenting som tyder på at det er landingsforhold. Fjellet går rett til vers. Kan det vere ein teltplass her? Det er akkurat så seint at det ikkje freistar å padle innatt. Vi har ikke passert flust av gode teltplassar akkurat, så spenninga stig. Der er eit hol! Jaudå, det er jo ei smal vik innover. 

Telting her? Bra nok? Sideblikk på klokka. Jepp. Bra nok. 

Greit var det, men direkte koseleg var det ikkje. Heldigvis vart det fort mørkt, og då er det jo fint dei fleste plassar. 

Kokkelering. 

Eg hadde lengst veg å køyre denne helga, men slapp til gjengjeld rimeleg i frå matlaginga. Luksusliv og gourmetmat. 

Middag, bål, drøs. Slik er det på padletur. Det er i grunn litt koseleg med mørke kveldar. Særleg når dei er varme og fine med nok vind til at smekka held seg vekke. 

Teltplassen i dagslys. Staden gud gløymde. Garantert fritt for morgonsol. 

Frukost. 
Det ser ut som ei "rein" bukt, men under graset er det eit berg av gammal plastikk. 

Hilleberg vs Exped 0-1. Sjølv Hilleberg treng ein plugg...

Haustteikna kjem snikande. Rognebæra raudnar. 

Litle Batalden er testa og unnagjort. Kanskje ikkje førstevalget seinare, men ei skjerma vik med rekved og plass til telt er alltid greit å vite om. 

Fredag ca 14 km padling.