fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

Ønskjer gamle og nye turvenner eit riktig godt nytt år!


Eg gler meg allereie til kva 2011 måtte bringe, sjølv om nyttårsforsett ikkje er heilt mi greie. Årsskiftet er uansett eit godt høve til å tenke seg litt om.

Eg kjenner meg heldig med god helse, familie og vennar i livet. Med moglegheiter til å gjere nett som eg vil. Dei blanke arka som vert delt ut på nyåret skal eg gjere mitt beste for å fargeleggje...

Håp. Ønskje. Planar. 2011.

  •  Ein runde i fjelltrimmen i Askvoll

  • Ein skitur eller 5?

  •  Erobre ein ny topp i Fræna i lag med Randi

  • Turbodametur til Fanaråken

  • Distansemerke i padling?

  • Turhelg og eventyr med Hege

  • Nye Jaktkameratsprell?

  • Tindebestigning i Sunnmørsalpane

  • Feriere med deltaking i Artic Sea Kayak Race i Vesterålen?

  • Bruke Aksla som det daglege lufteturmålet med Zarek

Kanskje det vert rett travelt? Tida vil vise..

fredag 24. desember 2010

God jul!



Ønskjer alle turkameratar og blogglesarar ei riktig GOD JUL!
Her har julefreden senka seg og fimbulvinteren festar grepet.

mandag 20. desember 2010

Vemodig vinterpadling

- Klart det skal padlast heile året! Det var heilt klart i september i alle fall. Etterkvart som dei sibirske minusgradene fekk taket på Vestlandet må eg vel innrømme at motivasjonen dalte og frykta auka. Frysing er det eg hatar mest og toler minst.

Lysta på EIN tur til i år var likevel sterk i gjengen. Jungeltelegrafen gjekk og 4. søndag i advent let vi jul vere jul og drog på tur. 5 stk godt påkledte slepte ut kajakkane i puddersnø og -6 grader på Øyra. -Dette er beviset på at vi har blitt ein SKIKKELEG klubb, gliste Odin.


Heilt inne ved fjæresteinane dukka det opp ein sel. Sjelden dei går heilt inn i sentrumshamna. Dyrelivstafetten heldt fram og i løpet av turen fekk vi nærkontakt med oter, skarv, hegre og ørn. Vinterpadling = meir dyreliv.


Kvifor gå rundt grauten når du kan padle rundt Møkalasset? Stilt og fint på sjøen. Litt meir bølgjer, straum og austatrekk ytst ute.


Snøkvite fjell og knallblå fjord. Låg sol med oransjeraude strålar gav varme tonar både til landskapet og dei vinterbleike padlarane. Vinterpadling = fantastisk lys


Kjekt å vere på tur. Drøs og prat. Vi ser det sjølv at vi har det fint på slike dagar. Bortskjemd på utsikt. Eg kjenner at det stikk litt i bringa. Berre nokre dagar att til eg skal flytte på meg. Det er jo reint idioti å flytte frå desse kjekke folka og den flotte naturen.


Det rare var jo at det ikkje var så kaldt.. Padlemuffer med ullvottar inni held meg varm på nevane, og to lag ull under tørrdrakta var perfekt. Litt kaldt på føtene, men elles perfekt! Det gjeld å grue seg nok på førehand.. Då vert det betre enn ein trur..


I Sauesundet finn vi livd frå trekken og pausar. Varm drikke. Strekke på føtene. Istappar og grantre syt for julestemninga. Hardhausar ja! Vi skulle no hatt oss eit bål, meiner Kjell. Neste gong. Det er vi einige om.


GPS-en en viste 12,5 km. Merkeleg korleis mange av turane våre blir omtrent akkurat så lange....


Eg gjorde mitt beste for å overbevise gjengen om kvifor dei skal planlegge padlehelgeturar på Sunnmøre neste år. Deretter kor viktig det var å drive langtidsplanlegging når det gjeld turar i Askvollområdet, med publisering på heimeside, Facebook, SMS osv. Så får vi sjå om noko av dette dryp inn og det blir fleire turar i lag på oss i 2011. Ser eg eit stjerneskot på nyttårsaften så veit eg kva eg skal ønske meg...

Heim. Foto: Odin

Takk for turen!

søndag 21. november 2010

Jamneheia

Kald november med mykje innandørs program. Søndag 21. greidde likevel Nina å dra meg med på Jamneheia.


Mange andre folk i fjellet, og det small fleire gonger i dalen. Hjortejegerane gjorde vist og ein god jobb.

Andre utfordringar på denne årstida: Isete i stien, flatt lys og vanskeleg å kle seg. Enten vert det for heitt i bakkane, eller alt for kaldt på toppen. Heilt vindstille heldigvis!

På toppen!

Zarek held koken og er med på tur. Jamneheia er ein lite markert topp, med ein taslete varde. Så det var stas at nokon hadde pynta opp med eit gevir.

Det gjorde godt å komme seg ut, trass 10 kalde og at det aldri vart skikkeleg dagslys.

mandag 18. oktober 2010

Gjelsvikarar på Gjelsvikfjellet

Med Gjelsvikfjellet som rykande fersk fjelltrimpost og familiebesøk var turmålet i helga sjølvsagt. Eit utval av kusinetreffet drog ut på tur fredag 15. oktober.

Nydelig vær og godt selskap. Stien innover til Selvikstølen var endå betre og meir opptrakka enn sist eg gjekk her. Og det er lenge sida. Tydeleg at Kvamsingane trimmar på. På Selvikstølen var det lunsj i solveggen og fotoseanse.

Gjelsvikfjellet rett bak oss.

Nydeleg på Selvikstølen

Litt kaldare vind oppe på Gjelsvikstølen. Vi fantaserte litt om stølslivet i gamle dagar og tok bilde på same steinen som oldefar vår sat på.... Stas!

Gjelsvikstølen anno 2010

Randulf på stølen ein eller annan gong på 1960-talet

Marie på "Oldefarsteinen"

Deretter gjekk vi rett på toppen med dødsforakt, og kapra plass 4 og 5 i fjelltrimboka for sesongen!
Dix points. Ny obligatorisk fotoøkt. Det var ein verkeleg fin dag, og utsikta kunne vi ikkje klage på.




Vi var begge litt negative til å gå same vegen ned. Samstundes hadde eg turen ned der med Karianne for 7 år sidan friskt i minne. Vi rota oss solid vekk i skogen, ting tok tid,  og ho hadde gløymt røyken i bilen. Litt dårleg stemning der ei stund kan du seie....

Etter litt om og men sette vi kursen rett vest, og tok sjansen på skogen på nytt. Nokon (Sigmund?) hadde merka med vardar og maling så første delen var grei og lett som berre det. Ikkje akkurat noko sti, men brukbart lett terreng, i alle fall som nedoverbakke. Brått stod vi på ei myr og fann ikkje fleire merke. Men etter ei god økt i skogen dumpa vi no ned på ein skogsveg som faktisk førte oss heilt ned til bilen.

Zarek storkosa seg i haustskogen, og var sprek som berre det. Oppdrag Gjelsvikfjellet fullført. Heime venta breiflabb frå delikatessen.. Marie kunne ikkje fått eit betre inntrykk av Askvoll!

søndag 10. oktober 2010

Stormsamling i Bulandet

8.-10. oktober var øyremerka Stormsamling. Litt nervøs hadde eg meldt meg på surfekurs. Torsdagen roa nervane seg, då det var meldt FLAU vind og 1 m/s i Bulandet.

På Sandøy søndag - ytst ute i øyariket

Eg hadde klubben sin Avocet i helga. Zarek fekk vere med - under sterk tvil. I totida fredag var vi innstallert på Bualoftet i nydeleg ver. Vi padla tur ut på nordsida, til Buesteinane og rundt heile Bulandet tilbake til Nikøy og Gjørøy. Eg har aldri vore så langt vest før, og det var ei fin oppleving. Mange padlarar som dukkar opp over alt er uvant - men veldig kjekt. 

Kart frå fiskeridirektoratet si løysing - blå linje - ca område for runde både fredag og laurdag

Laurdagen var det surfekurs. På grunn av det flotte veret vart det kanskje ikkje akkurat det. Men vi tok runden andre vegen, og padla yttersia på heile Bulandet på leit etter den fine bølgja. Roger var sjef og vi for ut til dei brota vi såg. Fekk prøve oss litt, og såg på eit par flotte brot som dessverre (eller heldigvis?) gjekk i alle retningar, var alt for store eller steinete til å prøve seg på.

Eskimoredning må vi øve meir på. Det tykte verken eg eller Nina var spesielt kjekt.  Bildeshowet på laurdagskvelden såg mykje kulare ut enn det det EG hadde sett i løpet av dagen.. Vi let oss begeistre og breiflabben til Liv Turid gjekk unna. Kjell hadde vore på teknikk-kurs, medan Arinbjørn og Roy Ove hadde testa BSI-gjengen sine redningar..

Søndagen var det meir vind (frisk bris 9-10 m/s) frå nord. Vi let vekkerklokka få fri så det vart lunsjtid før bualoftet var rydda og vi for ut. Til Gjørøylykta og store bølgjer. Ikkje aktuelt for meg å gjere noko lenger ut der. Innom Fedøy og ut i sundet vestafor med stakane i. Store men fine bølgjer, så der vart vi ei stund. Så tok vi kaffien på Sandøylykta før vi for indre lei innatt. Alle kom med 16.00 ferja - og var einige om at dette hadde vore ei super helg!

Arinbjørn, Nina og eg på Sandøy mot Buesteinane.

Eg hadde (nesten) heilt fotofri - så det er Kjell og Odin som har dei flotte bilda  frå helga.
Bilde og videoar frå Stormsamlinga finn du på Odin sin padleblogg og Askvoll padleklubb. Kjell har og eit flott blogginnlegg med bilder frå stormsamlinga.

Tur/aktivitet i helga: Fredag: ca 10 km (4 t), Laurdag: ca 12 km (6 t), Søndag: ca 6 km (3 t)

mandag 4. oktober 2010

Synfaring i Sørværet

Linda og eg hadde avtalt synfaring på Sørværløypa og elles oppmåling av Kystarvstiane på Værlandet. Forrige måndag satt vi inne i kommunestyresalen i knallvær begge to. Denne måndagen var det meldt store nedbørsmengder. Og den meldinga var det hald i!

Skal vi på synfaring så skal vi på synfaring.... Her er vi på toppen av Kvitløypa på tur nummer to for dagen. Flott utsikt. Teoretisk sett.

Kvitløypa er ein runde på 3,2 km på nordsida av Værlandet. Parker ved ungdomshuset. Skilt frå vegen. Løypa tek deg gjennom skog (!) med utsikt til Kalvøyna og Landøyna, til fine badeviker på nordsida, forbi Kvernhusvågen og opp på ein finfin utsiktstopp. Her kan du stemple Nordsjøportpasset, eller ta ein avstikkar til Værlandet Båt for mat og kaffi. Løypa vidare går forbi BADEPLASSEN med stor B på Værlandet. Ja det er ferskvatn ja....

Ta ein tur i Kvitløypa! Kjempefint!

Zarek fekk vere med på jobb i dag. Her er vi på veg ut i Sørværløypa. Klettane dukkar alltid opp, men aldri der eg trur. Eg vert totalt forvirra..

Sørværløypa er ikkje heilt ferdig, men vi såg på dei ulike alternativa i dag. Det vert truleg ein runde på ca 4,5 kilometer, med start frå krysset oppom ferjekaia (gravplassen). Stien ut til Breiheia (også kjent som høgde 44) er klar, og her er det eit fantastisk utsyn over heile Sørværet naturreservat. Hit er det laga ein informasjonsfaldar med informasjon til dei ulike numererte postane langs løypa. Spør på butikken!

Vi testa terrenget sørover. Vi kom ned til nokre viker og Linda fortalde om søppelprosjektet. Værlendingane har gjort ein kjempejobb med å rydde herrelaust søppel i og utanfor naturreservatet. Det ser generelt veldig mykje betre ut. Framleis fann vi litt skrot i den eine vika


 Vi har sett og vurdert innspel frå fagfolk og Værlandet IL, og vi er i alle fall einige om kvar traseen bør gå. No held vi fram den gode dialogen med fylkesmannen sine folk.
Eg gler meg til løypa er ferdig, og kan allereie anbefale turen til Breiheia. 

Sørværstien vert nok ikkje akkurat slik, men ikkje så langt unna.

Ein bra dag på jobb med fleire Kystarvarvprosjekt på programmet. Og det var faktisk fint å vere ute i dritveret og.

lørdag 2. oktober 2010

Sauesanking

Trudde eg hadde klart å snike meg unna sankinga i år, men somme vert no aldri ferdig. Åge mangla 5 vaksne og 10 lam. Laurdag 8.00 på Eikenes er frykteleg tidleg. Likevel var det ein frisk gjeng som vart skyssa innover fjorden til Fossevikja. Fin sti til Nedre Fossedal. Strategiprat. Deling av troppen.

Øvre Fossedal. Med naust i begge endar. Tunge ting vart truleg skyssa med båt innover vatnet.

God sti innover langs vatnet i øvre. Opparbeidd for hest og slede med handemakt for lenge sidan. Vert nesten litt andektig når vi går på slikt.

Sauesankesjefen sjølv

Etterkvart vart eg sendt opp i høgdene for meg sjølv. Eg var nordleg flanke i søket. Flotte haustfargar og mildt til å vere oktober.

Rypebær (Arctostaphylos alpinus) i brann.  

Og denne krabaten var det hundrevis av på myrene. Kva er dette? Ca 5 cm lang og litt tynnare enn pekefingeren min.

Flott landskap ved Dalsstølen og Dalsstoredalen. Austover mot Kringla, Laukelandshesten og Kvamshesten heilt bakerst. Svært sjeldan at eg går her.

Haustfargar overalt

Vi var heilt oppe ved Svartetjønna før vi gjekk nordsida på Atlevatnet og Vagstaddalen ut att. Men sau?
Øyremerka til eit daudt lam var alt vi hadde med heim att. 16 kilometer i terrenget. 6 mann. 0 sau. Masse hjort.

Jammen bra at det allereie var nokre ulldottar på heimebøen i Rivedal

fredag 24. september 2010

Circumnavigation Atløy - Tviberg

Etter naglebiting, daglege trippelsjekkar av yr.no, og panisk leit etter teltpluggar heile veka stod vi på Øyra i knallvær! To kajakkar - ein haug med bagasje og om mogleg endå større ambisjonar.
Alt fekk plass - men det tok ein time...

Nina med Alden

Småruskete Granesund, stilt og fint sørom Atløy. Forbi Vilnes tok nordavinden for fullt, og eg hadde mittt svare strev med å halde kursen. Vi kom oss over bukta oppunder Brurastakken og fekk att pusten. Men når vi runda hjørnet der vart vi litt bleike. Store bølgjer og kraftig vind direkte frå nordpolen. Tvibergsundet gjekk kvitt. Tilbake i Skarvikja for rådslagning. Tør vi? Er vi gode nok? Kva viss ein av oss får ein velt? Har vi kontroll?

På hjørnet ved Brurastakken mot Tviberg. Storenipa til venstre.

Ringte Kjell som sjekka yr.no ein gong til (meldinga sa 8-9 m/s). Vi åt, pausa, kvilte oss og venta på at vinden skulle løye. Nye personlege rekordar i tolmodigheit og fornuft vart sett denne ettermiddagen. Eit forsøk til og plan B i reserve. Når vi kom rundt for andre gong var det framleis bølgjer, men litt mindre vind. Vi kryssa! Tungt, men greit.

Vi padla langs Tviberg sørover for å finne teltplass. Stilt og fint  på sørsida, men berre bratte berg. Kartet freista med ei fin bukt på vestsida. Berre at for å komme dit så måtte vi rundt att... Havdønning og bølgjer på ca 1 meter vart bekjempa (med skrekkblanda fryd). Men det var det verdt, for verdas beste teltplass låg nemleg i Kalvågen!

Kveld i Kalvågen
Fullpakka kajakkar er greie å padle men noko herk å bere. Vi er verdsmestrar til å sette opp telt og lage stormkjøkkenmat. God stemning i leiren!

Morgonstemning i basecamp. Hurtigruta kan sjåast til venstre rett over teltet.

Søndagen vakna vi til sommar! Hurtigruta kom tøffande forbi og vi mekka egg og bacon til frukost. No skulle vi til topps! Storenipa på 190 m.o.h er det høgaste på Tviberg, og vi kleiv opp. Møtte ein sprek og spenstig 8-taggar som var litt forundra over å få besøk. Utsikta frå toppen var heilt fantastisk i alle retningar. Turen vart avslutta med bad i sjøen! I september! Ikkje kvart år for min del..

På toppen! Solund i bakgrunnen.

Padleparadiset vi skulle ut i om ettermiddagen - Hindøy, Avløyp, Heggøy og Staveneset lengst bak

Kalvågen - vår perfekte teltplass (dog utan vatn), og Alden. Telt og kajakkar vart nesten usynlege frå toppen men ligg godt plassert inst i bukta.

Kjell kom padlande ut til felles lunsj før vi sette kursen austover att. No for vi på nordsida med øyhopping for auge. Stas med nærkontakt med to ørner.  Hindøy - Avløyp - Heggøy. Vi rakk akkurat å komme oss gjennom Vaulen på Heggøy før det fjøra for mykje. Knallsol og stilt på sjøen. Kjell for innatt til Staveneset og vi padla Granesundet heim.

 Testing av årefotografering. Storenipa på Tviberg bak
(Foto: Kjellay)

Avløyp

Smak av HAV - mot Kinn
(Foto: Kjellay)

Trangt og grunt og kjekt gjennom Vaulen

Oppdrag Circumnavigation* Atløy - Tviberg gjennomført med stil! Det store spørsmålet er kvifor i alle dagar vi ikkje har dreve med telting før? Eit par slike turar til og vi er klar for Arctic Sea Kayak Race 2011 til sommaren. I alle fall Short Ramble.


GPSen viste total 40,69 km padling. Sjølv om vi hadde brukt to heile dagar så var ikkje effektiv padletid meir enn 7 timar og 45 minutt. Vi skal jo ete nokre måltid per dag og.. Snittfarta på denne tida var 5,2 km/t. Pakking, telting og tur på land tek tid, og må leggast inn i berekninga av krefter og dagsopplegg. Sjå elles Kjell sin versjon av turen her.
*Circumnavigation – literally, "navigation of a circumference" – refers to travelling all the way around an island, a continent, or the entire planet Earth.
Eller rundt Atløy......

tirsdag 21. september 2010

Padling i september

Kjekt med ferie - kjekt å komme heim! Etter mindre enn 24 timar i Askvoll sat eg i kajakken. Begynner eg  å verte hekta? Det skal seiast at eg har god drahjelp og då.  7. september tok Nina og eg ein kveldstur.

Godt nøgd med å vere på sjøen att!!

Vi var litt seint ute, skulle ikkje noko spesielt spennande. Berre litt inn fjorden til Helle. Kjedelege greier. Berre at når vi først har komme oss ut, så vert det som regel bra likevel.

Padlar i solnedgang. Klassikar?

Stilt og fint på sjøen. Alden og klettane på Værlandet dukkar opp bak Atløy. Vi kunne ikkje hatt det betre når vi plaskar avstad rett utanfor stoveglasa våre!

Vart kontrollert våt i håret. Vart mørkt ca 5 minutt etter at vi landa kajakkane.

Søndag 19. september drog vi ut att om ettermiddagen. Drittvær og innehelg. Men er det god nok  unnskyldning at det regnar når ein skal padle og har tørrdrakt? Tydelegvis ikkje...

Sidan det snart vart mørkt la vi ambisjonsnivået lågt. Granesundet nordover. Kjedeleg. Men her har vi ikkje vore på ei stund, så greit nok.

Rett før Sandvika vart det ei infernalsk piping. Vi hadde splitta ein gjeng med oterar, minst tre, som ikkje var heilt nøgd med det.

Det er vel ein grunn til dei store naturfotografane ikkje brukar kompaktkamera...
Men her er beviset: Oter - og nærme!

 Vi padla ut til Eimindlykta og litt til.
Måtte sjekke hytta til Arve medan vi var i området. Ser bra ut!


Den staken vi hadde tenkt å runde viste seg å vere veldig langt ute. Vi kryssa sundet og for sørøver langs Atløy. Tok ein liten miljøsjekk på oppdrettsanlegget. Såg bra ut der og: Klårt vatn og sprek laks.

- HAI! gaular Nina. Dum som eg er dett eg nesten uti. Det var nok berre ei nise, ikkje den store sensasjonen, men kjekt å sjå.. Nina påstår det var artig å sjå reaksjonen min og. Hmf.

Like etterpå vert vi stupbomba av nokre store fuglar, og når vi ser etter er heile berget fullt av skarv! Fleire og nærare enn eg har sett nokon gong.

Etternølarane sitt her
 

Vakkert i Granesundet

Ikkje vart det regn, Granesundet var fullt av dyreliv, og eg tek tilbake litt av det stygge eg sa i starten på turen. Det er berre greitt: Det gjeld å komme seg ut! 

Tur 1 ca 12,5 km
Tur 2 ca 13 km