torsdag 30. juni 2016

Øyhopping i Lofoten - pangstart på sommaren!

30. juni Siste dag med jobbgjengen før sommarferien. Tor Vidar hadde laga opplegget og vi for med båt på øyhopping. Ukjent landskap for oss damene og for ein dag! Varmt og godt, flott natur, god mat og badestopp!

Avreise Kabelvåg - kongedag!

Du skjønnar det vert ein bra dag på sjøen når det ser slik ut frå start...

Storemolla

Øyhellsundet og Rekneset

Hadde ein hatt ubegrensa med tid og pengar kunne ein kjøpt seg ein slik stad å vere... 

Raftsundet. 
Geitgaljen bakerst til venstre. Korsnestindane framme og Trolltindane i midten bak der att. Trur eg....

Yttersida! Vi nærma oss Risvær og såg over til Hamarøya

Nordlandssommar er blomeprakt!

Blomsterberg på Risvær

Matpause og soling!

Luksusliv når ein fer til det eine paradiset etter det andre. Etter ei runde gjennom Svellingsflaket sette vi kursen mot Litlmolla

Litlmolla - fråflytta paradis

Sydeninord! Hårfint kaldare badetemperatur enn originalsyden.

Biologane stridast. Er dette ein kveps eller ei blomsterfluge? Er det nokon som veit? 

Det var så varmt at til og med insekta "chilla"...

Kart over ca runda vi tok denne dagen. Flott område, og det gav meirsmak! 

Takk for turen og ein fantastisk start på sommaren!

søndag 26. juni 2016

Sommersøndag i Henningsvær

26.06 Sommar og søndag. Endeleg vart det kajakk i Henningsvær på meg. I godt selskap og fin sløyfe fekk vi lufta kajakkane, trent på redning, kokt kaffi og bada. Slike søndagar er batteria på lading.

Fra plan til handling - premierepadling i Henningsvær

Meir enn kajakkar på sjøen

Nuka x 2 

Vakkert! Skrova (høgre) og Lisjemolla (venstre).

Turkis lagune, klårt vatn. 

Vågakallen står på ønskelista til seinare i sommar. 

Fleire turistar enn oss, men vi var heldig med vekslinga, så alle fekk stranda for seg sjølve..

Junibad i boks! 

Då har eg fullført badeutfordringa med eit bad i sjøen per månad gjennom eit heilt år. 

Eigenredning

Vi tok ein runde med både kamerat- og eigenredning. Både vi fordi vi ikkje har padla i lag før, og fordi det er starten av sesongen. Eg har flytta setet i kajakken 2 cm, men det er stor skilnad (til det værre) på å komme seg oppe. Litt mindre styrke i armane og litt meir polstring over baken enn i fjor gjorde og ein skilnad. Alle slike øvingar er ferskvare - så ta ein sjekk om gamle kunstar er på plass du og!

Nydeleg - Norge er eit flott land. 

6 km tur. Lang pause. Perfekt søndag. Måtte det verte fleire slike! 

lørdag 25. juni 2016

Raftsundet over Fallvatnet til Myrland

25.06 Spennande overgangstur med Vesterålen Turlag. Over Raftsundet med båt, frå Fallet over fjellet og til Myrland. Fantastisk landskap, sti-laust store delar av vegen og utruleg variert. Skodda snaut oss for mykje utsikt, men det går ikkje an å vere sur av den grunn. Fleire på turen hadde røter i området, og hadde både sanne historier og skrøner på lur.

Det ser utilgjengeleg ut - på andre sida - og høyre på namnet: FALLET

Første etappe - båtskyss over Raftsundet

Raftvågen frå lia opp mot Fallvatnet

Bregneskogen var bratt og tett, men vi gav oss ikkje så lett!

Sørover Raftsundet

Små vatn og store vatn. Oppe på fjellet og snart i skodda

Trolsk landskap
 
Fallvatnet

Vidare herifrå såg det umogleg ut, med bratte flog rett ned i vatnet på alle kantar. Turleiaren hadde full kontroll og snirkla oss gjennom landskapet på trygg og brei sti heile vegen. Sleipt og glatt i skodda, og det var litt surt å vite at vi var omkransa av taggefjell uten å sjå eit einaste eit av dei. 




Over skaret på vel 500 høgdemeter var det kvitt i kvitt. Vi gjekk forbi tredjevatnet, og måtte heilt ned mot førstevatnet før verda fekk fargar att. 

Førstevatnet. 

Stordalen var heilt fantastisk! Den er verdt ein tur i seg sjølv, grøn og frodig, med elva som kastar seg vilt i høgda og etterkvart slynger seg rolegare og rolegare ut gjennom dalen. Vatna ligg som perler på rad og rekke med fine fossefall i mellom.   

7 kilometer i spennande landskap. 

Denne turen brukte vistnok karane frå Raftsundet å gå over til Myrland på fest. Vi brukte ein heil dag og var ikkje akkurat presentable til å gå på fest då vi kom fram til vegen...  

lørdag 11. juni 2016

Kitinden (757 moh)

11.juni. Laurdagstur til Moskenesøy nord og Kitinden (757 moh). Rått fjell og fantastisk 360 graders utsikt.

Jaha? Rett opp der? Ruta går i omvendt z om du startar å teikne den på toppen

Drama- funkar alltid!

Stormarkpollen og Tverrfjellet midt på

Flakstadpanoramaet



Rambergstranda og mot Vestvågøy

Siste strekket mot toppen

Ulvstinden i skodda og Brasråstindan bak

Kvalvika (Vestervika), Kvalvikvatnet og Ågotvatnet. Bak til høgre Ryten og Fuglhuken. Kjerringa til venstre. 

Sørover på Moskenesøya. 

Panorama 

llta var med på tur! Eg var hundepassar i helga.

Ruta via denne ryggen både opp og ned. Selfjorden. Sundet mellom Moskenesøya og Flakstadøya bak (Kåkersundet?). 

Selfjordhytta (DNT) ligg litt lenger inn i fjorden, så vi tok med rekognosering på den før vi for heim. 

Kitinden: Flott utsiktstopp, og lettare å gå enn det såg ut frå bilen. 
Takk for turen!