onsdag 15. april 2020

Aprilnatt i naturen

5.04 Synnøve og eg har prosjekt "natt i naturen" i år. Det har gått fint, fordi vi er på hogget når vervindauga kjem. April starta godt, og vi for til fjells! Skiløypa rundt Kubbane på Emblemsfjellet var køyrd opp, og det er sjeldan vare. Området har mykje fin skog, storfugl og utsikt. Det var ein mild kveld med vår i lufta og snøen smelta raskt under skia.

Storsekk i skiløypa. Gjennomført raud! Foto: Synnøve

På leit etter hengekøyeskog. 
Det kom nokre skikkelege vindkast, så vi prioriterte le framom utsikt og fann oss nokre store furutre inne i skogen. 

Då basen var på plass, la vi ut på kveldsskitur rundt Kubbane. Felleføre, men fantastisk utsikt, og ei veldig kjekk løype! 

Fjelløypa - veldig fin!! 

Gammal støl, som skal utforskast nærare på barmark. 

Ticket to the moon - bokstavleg talt! - Foto: Synnøve


Bålmeister i sving, og bål vart det. Superkjekt! Medan dei siste kubbane brann ut, rigga vi oss til i køyene rundt midnatt.   

Ikkje heng vi høgt, og ikkje er vi sure! Endeleg ei GOD natt!

Furukronesus og Sunnmørsalpar i sikte. 

Morgonstund i mange plussgrader. Skogen var stille, lite fugl å høyre. Det var ein lyd gjennom natta som eg ikkje klarte å tyde, som ei kryssing mellom ugle og and. Nokre skikkelege vindkast hadde herja i lia, men vi var perfekt plassert under furuene. God berekning. Havregryn og utekaffi, god start på dagen. Heimekontoret venta. 

Berre å suse ned løypa, med fine fjell i horisonten og akkurat nok snø til å komme oss heim. 

Skiløypene med runden rundt Kubbane (den største runden)
Sjølve runden ca 7 km, totalt ca 15 km. 

4 av 12 i boks! 
No har vi snart klart å lage ei pakkeliste som fungerar. Øving gjer meister. 

Vårpadling rundt Store-Kalvøya


6.04 Vår. VÅR!!!! Solskinn og vakkert ver. I år har det vore få slike dagar, så vi nytta sjansen og heiv oss i kajakkane.
Skjergarden aust om Valderøya og fjella på fastlandet innafor.

Lene og leia (Foto: Roger)

Vi hadde med segla, og med vinden i ryggen kjendes det ut som bra forhold! Det viste seg fort at vinden kom i kast og rykk og napp, så det var meir styr enn moro



OÆÆÆÆ! Totalt ukontrollert i det eg tek opp kamera.

Før vi rekk å pause bles det opp, så vi søkte ly i hamna på Kalvøya for nistepause. Før vi rakk å komme oss vidare bles det opp meir. Eg vart tatt litt på senga av heftig motvind då vi starta opp att. Så heftig at eg ikkje kom meg av flekken. Lett rysta gjekk vi i land og sjekka yr.no. Snack og meir klede, og ny strategi for motvindspadling heim. Vi tok eit strekk om gongen, frå holme til holme. Det gjekk fint, og vinden gav seg litt, men eg måtte jobbe litt ekstra. 



April kan vere lunefull og frekk,

han skal jo jage vinter'n vekk!

Varm og lys og snill,

i neste 'blikk heilt vill!

Ladar opp til sommarfest,

med freidige kast frå sørvest.

13 km (Endomondo, Roger)


tirsdag 14. april 2020

Bursdagspadling rundt Lepsøya

11.04 Koronapandemi, påske og bursdag. Grått og litt trist ver. Det kunne hypotetisk ha vore krisestemning. Det var det ikkje, for vi hadde ein plan! Forskriftsmessig lågrisikopadling, i gruppe på fem, med innlagt grilling og dronefilming. Vigrafjorden låg flat. Lepsøya rundt var innan rekkevidde. Våre eigne fargar liva opp i landskapet. Det var ekstra hyggeleg å møtast litt fleire på tur enn eg normalt ser på heimekontoret.

Klare for tur på Roald
  

Vigrafjorden låg flat

Eg var allereie godt nøgd med dagen. Foto Øystein


Lepsøya og Rønstadhellaren. 

Dønning ved "U-båtskjæret" (som eigentleg heiter Ravnen)

Innholmen. Her hadde vi tenkt å gå i land (for første gong). Det var eit yrande liv av sjøfugl; måsar, skarv, teist, ærfugl. Det er generelt lite fugl i området vårt, og dei vi har vil vi ta vare på. Så då sklei vi berre forbi på respektfull avstand, og bestemte oss for å utforske denne holmen til hausten att. 

Beinstrekk i Keila. Her er det som ei naturhamn, og gamle tufter etter fiskarbondeliv. 

Det budde vist folk her ute på 1500 -1700-talet. Ca 1760 vart gardane flytta inn i Hellevika, medan nausta og naturhamna vart brukt vidare til inn på 1900-talet på grunn av kort utror til fiskeplassane. I 2020 er det godt eigna for landing med kajakk og ein liten pause her. Eg sluttar ikkje å undre meg over alle stader der folk har budd og sett moglegheiter for liv og verksemd her i landet. 

Øystein ser nærare på "...dei steinute strender..."

Ulla fyr heilt til venstre på Haramsøya. Det er planlagt industriområde for vindkraft på platået. Nordøyane vert aldri det same om anlegget vert bygd, og det får negative konsekvensar for folk og fugl. Eg er sterkt kritisk til pågåande prosessar rundt vindkraft, og har meldt meg inn i Motvind. Der er det plass til fleire. 

Hellevik fyr - i privat eige

 
BÅL!!! 
Stigning i programmet. Gliset går heilt rundt. Den første grillpølsa i år smakte fortreffeleg!

Padlelunsj på Kjerstad på Lepsøya. Dronebilde frå Øystein 

Lang pause og god prat før roleg padling heim. Ein strålande dag på sjøen. Medbør og selskap av ei havsule på kryssinga over Vigrafjorden. 


23 kilometer - og heile dagen ute. (Endomondokart frå Roger)

lørdag 4. april 2020

Øyatausene på skitur

4.04 Det er ein flott gjeng med aktive folk på øyene her eg bur. Palmelaurdagen rotta vi damene oss i hop til vår første felles skitur. Korona-tiltaka betyr maks 5 i lag på tur og ein i kvar bil. Rart å møtast utan å kunne gje kvarandre ein klem. Skiløypene frå Brauta var nypreppa, men det var eit merkeleg føre. Gammal kald snø i botnen, vår i lufta og våt nysnø som kom dalande. Skismøring i alle valørar frå blått via lilla til raudt var i bruk, med varierande resultat. Dei som hadde felleski fekk nokre småmisunnelege blikk i oppoverbakkane. Vi fekk 15 minutt med varmande påskesol rett i fleisen då vi åt nistepakka - og det var ein fortreffeleg kjekk dag i godt selskap i skiløypa. Dette kan vi gjere fleire gonger!

Ut på tur! Astri har vore i løypene før.

Idyll ved Tjønnebru

Humøret betre enn festet på skia! Men vi kom oss både opp og rundt! 

Varierte og fine løyper rundt Mevatnet

✔ Påskestemning!  Foto: Torunn