søndag 25. mars 2012

Nyfrelst sunnmøring på Skårasalen (1542 moh)

Søndagstur - Sunnmøre - ski - skodde med lovnad om sol. Forventningane var store og spenninga høg. Stemninga i bilen upåklageleg.

I Kvistaddalen køyrde vi så langt som vegen var open. Vi labba innover mot stølen og det kjendes nesten som julaftan. For kvar sving så letta skodda og nye toppar dukka opp på alle kantar. Den eine meir dramatisk enn den andre. Nesten meir spennande enn å pakke opp pakker...

Ferdig med oppvarminga. No såg vi opp på "vårt" fjell. Ann Kristin og eg er klar for motbakkane.

Taggerekka vert kalla "Kvistadkjerringane". Seige høgdemeter i grovkorna varm snø.

Utsikta og turfølget gav ny motivasjon, sjølv om bakkane effektivt avslørte manglande kondis, og etterkvart manglande styrke og så sviktande uthaldenheit... Fjellet var overraskande fint å gå opp på. Bortsett frå dei siste metrane på toppen var det verken luftig eller katastofalt bratt.

Frå ca 1000 moh var det hardare snø, med eit passeleg tynt og opptint styrelag. Her ser vi toppen, og det er berre sjarmøretappa att. På veg opp møtte vi to ulike grupper med guide (utlendingar) på veg ned. Sunnmøringane tjener som kjent pengar på alt...

Alle "vondtar" er gløymd når ein kjem opp til dette! Utsikt ned på taggane og Sunnmørsalpane aust(eg trur vi ser Storhornet som det svartaste massivet litt til høgre, Hornindalsrokken litt til venstre for midten og Kvitegga heilt til venstre).  

Blid gjeng på toppen!

Frå toppen mot nord. Den første ryggen heiter vist Storhornet her og.. Så ser vi over Bondalen til Grøtdalstindane, med Kolåstinden og Sætretindane lenger bak. Eller "Slogen overalt" som det også kan seiast...

Spennande skulpturar på toppen. Jan Ove lurer på korleis det ser ut ned her. -Oi, seier han. Då veit eg at eg ikkje treng å sjekke det sjølv...

JIIIHAAA!! Been there - done that! Sola fekk tak og vi fekk den beste nedturen vi kunne ønske oss.

SUNNMØRE!! Det er dette eg vert nyfrelst sunnmøring av...

Sola steika og det kokte i hovudet under hjelmen. Låra vart surare og surare nedover. Snøen vart blautare og blautare. På slutten av bakkane brann det i låra og eg hadde INGEN kontroll. Stilen var nok ikkje noko å skryte av. Då var det jammen godt å komme ned på stølen, og berre ha att eit par kilometer i "hockey"-stilling på skogsbilvegen... ("hockey" meg her og "hockey" meg der...)

Kenneth gøymde skredsøkaren sin i siste snøflekken før bilen, så eg fekk prøve min. Jammen fann eg den! Kanskje vi skulle ha testa det før turen, men uansett greit å ha prøvd.

"Johnsen"-gjengen er supre turkameratar.
Tusen takk for turen!

Meir om Skårasalen, kart og turbeskrivelse finn du på fjellinordvest.net
I følge sikre kilder er Skårasalen det fjellet i Møre og Romsdal med høgast primærfaktor, faktisk Norges 7. høgaste primærfaktor.




lørdag 3. mars 2012

Padling i Smelværet

Laurdag og flott padlevær med vårkjensle i lufta. Vi for frå Staveneset og padla mot Smelværet. Eg har vore rundt på utsida før, så denne gongen for vi inn mellom øyane og bort til tunet.

Smelvær framom og Kinn bak

Eit lite rundskue frå "høgste humpen" i Smelværet. Mykje vind, så kommentarane var no heilt vekk-kasta.
Mange kjekke "padle - i - mellom" -moglegheiter i Smelværet på flo sjø. I dag måtte vi ut att same vegen som vi kom, og delvis nytte den litt lite effektive padleteknikken staking.

Mette og fornøgde med kurs for Heggøy. Fin dag for padling. Fin plass for padling. 

Mot Tviberg og Alden. Lyset i havet er flott, og eg vert aldri lei av å vere her.

Vaulen på Heggøy kan stort sett padlast. Av ein eller anna grunn er vi skikkeleg gode på å komme hit akkurat på fjære sjø..

I dag testa eg ny padlehjelm og lånekajakk frå Askvoll padleklubb. Skuggen på hjelmen var genial mot sollys, og eg er glad for at eg har min eigen glasfiberkajakk. Avocet`en dug den og, men litt tungt og tregt vert det.


På fjorden møtte vi ein kjent figur frå Stongfjorden.

Arild hadde hatt fiskelykke og donerte småpale til oss. Ikkje kvar dag vi har fersk fisk i lukene.

Turen vart 13 km 

fredag 2. mars 2012

Dagens dobbel i Holmedalsfjella

 For ein dag! Avspasering, Askvoll, SOL, blå himmel, ski og i godt lag. Frå vassverket i Holmedal måtte vi bære skia til Vikastølen, men derifrå var det påskestemning.

I dag var det ikkje lett å velje turmål, så planen vart Moldura først (for å innkassere 10 poeng) og Dokka etterpå (for den er finast). 

Blåne på blåne mot sør - Lihesten bakerst.

Leif på veg oppover. Greit å ha litt drahjelp. Bratt er relativt. Sjølv om det kanskje ikkje er så bratt, så er det meir enn bratt nok når eg skal nedatt.

Vi testa skarejarn siste del mot toppen. Eg har ikkje brukt mine før. Det sat som blegg, og gav litt (falsk?) tryggheit i bratta. Litt tyngre å gå med, men eg slappa mykje betre av i skrå-gåinga og på skarefelta.
Frå Moldura mot Atløy.

Toppturentusiastane!

Utsikta mot Blegja (t.v) og Storehesten (t.h) er alltid like fasinerande, og det vart fabla om turar både hit og dit.

Rundskue frå Moldura

Nedturen på framsida var bratt i begynnelsen og litt skummel. Supert føre med skare og 3-4 cm styresnø øverst. Det er berre det at eg ikkje tør å stole på skia eller føtene når det vert bratt. Betre forhold vert det ikkje.

Litt drama med ei ski i bekken enda godt og vi la i veg mot Dokka. Her er karane på siste fonna. Vi gjekk i berre trøya heile dagen, og det var berre aldeles fantastisk fint å vere ute på tur. 

Dokka - og dagens lunsj nr 2

Tøffare vert det vel ikkje?

Skare og hardt ned att fra Dokka, men det gjekk greiare enn frykta. Bra trim for heile skrotten. 

Topp topptur i Holmedalsfjella - og slik ser fjella ut frå sentrum