tirsdag 25. august 2020

Augustnatt i naturen

17.-18. august 

August var feriemånaden for oss begge, og avviklinga var passeleg usynkron. Natt i naturen er prioritert, så vi fann likevel eit felles hol i kalenderen. Ein varm og disig augustkveld satsa vi på bynær camping ved Sukkertoppen. Vi hadde sett oss ut denne plassen på ein hustrig vintertur for nokre år sidan. Det var kortare, enklare og tørrare enn eg hugsa, men meir gjengrodd (med lauv på trea).  

Ålesund

Trekroneutsikt frå køya. Fasinerande. Kvar gong. Lurt å teste om køya heng beint nok medan det er lyst. 

Camp

Det var tidleg på kveld, og vi tok turen til toppen for å få med oss solnedgangen. Ikkje det store lysshowet denne kvelden, men fin tur. Herleg å vere ute i T-skjorte til langt på kveld.
 
Kva kan det verte ut av denne solnedgangen? 

Synnøve på toppen!

Ålesund - by night. Brukbar utsikt å slumre inn til...

Vi vart sittande med snop og prat litt utover. Det har vore eit rart år. På desse "natt i naturen" - turane våre har vi hatt ulike forhold og oppsett kvar gong. Mørkret senka seg. Sommaren er på hell, det er tydeleg! 
Det vart ei varm natt. Inga frysing denne gongen! Bylydane susa i bakgrunnen. Eg vakna fornøgd og utkvilt, og vi rakk kaffi og havregraut før vi for på jobben. Kvalitetstid i kvardagen. 

Soloppgang frå køya

mandag 24. august 2020

Julinatt i naturen

17.-18. juli 

Hengekøyenatt på Bjørnøya var målet. Eg var sikker på at det var mykje tre der, etter padletur i vår. Då vi kom bilvegen på andre sida av øya såg det annleis ut. Vi fann ein sti og var snart på toppen av øya! Flott utsikt. Tvilen om hengekøyeterrenget vart sådd. 

Frå toppen av Bjørnøya

Vi tok sikte på bukta, og at det ville ordne seg. 

Fin kveld på trass av den iskalde vinden. Vi  fann ein gammal bålplass i le av ein stor stein. (Foto: Synnøve)

Vert det solnedgang? (Foto: Synnøve)

Solnedgangen vart kort og intens - flott ildkule i havet. 

Deretter måtte vi varme oss på bålet før vi tok kvelden. 



Soloppgang i buskfuruland

Det var mange andre små kryp som og stod opp med sola, og eg måtte på med myggnettingen. Buskfuru er heller ikkje av dei mest kraftige kompakte treslaga, så kvar gong eg snudde meg svaia det voldsomt. 

Myggnetting - og ny sjanse til å sove seg frampå. 

Amok-køya går ganske i eitt med terrenget (Foto: Synnøve)

Morgunstund er gull! Ingen vind, varme i sola, nytrekt kaffi. Livet er godt. (Foto: Synnøve)

Vi runda av med eit bad. Ei av læresetningane i Synnøve Lundes uteskule er nemlig: "Man angrer aldri på et bad!" Ein stor rådyrbukk stod i lia og såg på og tok livet med ro. Han kjende seg tydeleg ikkje trua av badande damer.Det er jo heilt sant at ein ikkje angrar på eit bad, sjølv om dette var av sorten som er best når det er unnagjort.    

Turen  vart runda av med å tasse gjennom kulturlandskapet på skogsbilveg og god sti, som vi burde ha funne dagen før. Øya var synfart frå landsida og sjøsida, kryssa to gonger på tvers og vi hadde vore til topps. Fram til 1965 var ho del av Borgund kommune. Spor etter tysk kystartilleri frå 2. verdskrig står att på nordsida av øya. 
 

Fint kulturlandskap