søndag 1. juli 2018

Spektakulære hyllegardar og heteslag - padling i Geiranger del II

1. juli
08.00 og full sol på campingen. Ikkje mange stader i fjordane som har rikeleg både kveldssol og morgonsol - og kanskje ikkje tilfeldig at Geiranger har blitt "turisthovudstaden" her inne? Det vart cowboyfrukost og fossevandring før vi la ut på fjorden att. Speglblank fjord, cruiseskip, blå himmel og veldig varmt!

Fossevandring i Geiranger sentrum - bra tilrettelagt og herleg fossefall.
Union hotel og Vesteråshornet er prikken over i-en. Denne morgonen var det så varmt at det var deileg å få det kalde drevet frå fossen over seg. 

#Turist! (Foto: Audun)
Eg vart lokka ut på utsiktspunktet, men dog med eit solid grep i rekka. 

Det var nesten trist å forlate Geirangerbygda på ein slik solskinnsdag, men vi hadde trass alt ein fjord som skulle padlast. 

Postkort-Geiranger

Ørnesvingane vart små i samanlikning, og dette var berre eit middels stort cruiseskip. 

Frå fjord til fjell! 

Fjorden svingar seg i dobbel S-gjennom fjellandskapet. Geitfonnegga (1529 moh) reiser seg rett opp frå fjorden. Det liknar kanskje på eit alpelandskap, men sjøen er salt og torvtaket høyrer til eit naust og ikkje ei stølsbu. #verdsarv #vestnorskfjordlandskap

Audun alias Espen Askeladd

Padling i skuggen innunder frodige tre og attgrodde lier. Litt regnskogaktig. 

NB: Langs fjorden er det risiko for steinsprang, stort sett heile vegen, så det er ikkje alltid så LURT å padle slik som vi gjorde denne helga. 

Knivsflå ved fossen, der vi var oppe dagen før! Ser jammen nesten umogleg ut å komme seg dit opp og! 

Skageflå!

Det var krøblete å gå i land ved Skageflå. Full flo, bølgjer frå båtane og lite plass til å legge kajakkane. Etter litt om og men vart båtane lagt på svai. Kjekt med båtvant og knutekyndig turfølgje! Stien opp var god, men bratt! Greit med både trappetrinn og rekkverk. I gamle dagar var det lagt ut tømmarstokkar her, som dei vistnok drog opp når dei ikkje ville ha besøk av skattefuten eller lensmannen...

Trongt om plassen på fjorden


Tunet på Skageflå

Garden har vore i bruk sidan middelalderen, og fråflytta i 1918. Bøane vart slått av nabogardane i mange år
..Skageflå har tradisjonelt vore rekna som ein av dei rikaste gardane i Geiranger. Det kjem ikkje minst av dei grøderike beitemarkane i Skagedalen. På det meste kunne dei fø 125 geiter. I 1873 gjekk det eit stort jordskred som øydela mykje av den dyrka jorda. For å få hjelp til oppryddinga vart garden delt i to bruk. Det høvde seg slik at bror og syster på Skageflå gifte seg med bror og syster på Møllsæter, og begge syskenpara slo seg ned på Skageflå.... (Frå heimesida til Storfjorden venner).

Båtane våre på svai langt og rett ned! (Foto: Audun)

 


Ettermiddagsbad! 

Lokale heltar tok badinga nokre steg vidare og hoppa fra 10-12 meter!! RÅTT!! 
Det er jammen litt tak i ungdommen no til dags og! Det var rett nervepirrande å sjå på, men det gjekk bra med alle. 

Nede frå Skageflå vart det matpause som gjekk over til pause og avslapping og etterkvart nesten solstikk og heteslag... Det var jo sommarvarme eg var ute etter då eg ville inn i fjordane, men likevel, det vart i overkant heitt. Ingen av oss klarte heilt å komme oss i gang att, og vi vart sittande på berga til klokka var omlag seks. Då tok vi grep og kom oss i båtane.  Vi såg fram til å padle innunder Friaren og få litt friskt fossedrev ut over oss, samt padle vidare i skuggen. Vi hadde trass alt nesten 2 mil med padling att.   

Friaren! Kul foss frå alle vinklar - og livsbergande friskt drev, som faktisk ikkje var spesielt kaldt denne dagen. 


 
Kystverket har og sine installasjonar i fjorden - her må det snart hoggast før lykta gror att..

Siste matpause i Syltavika. 

Fint i Syltavika, og her kan ein gå opp til Blomberg. Det må bli neste gong. Ikkje hadde vi tid, og eg var metta av inntrykk frå fjellgardar. Det er faktisk ei grense for kor mykje eg klarar å ta inn på ei helg! #ilandsproblem 

Frå Syltavika og utover eit stykke var det skugge og aldeles herleg. Vi vakna etterkvart til live att med litt mindre varme og svalare kveldsluft. 

Dramatiske fjell på alle kantar. Rått landskap. 

Sjå nasen i berget!! 

Denne karen her peika faktisk nase til oss. Rundt neset og nasen fekk vi ein skikkeleg floing rett i fleisen. Det vart nokre tunge og friske kilometer. Grei variasjon og artig skvalpesjø etterkvart, men det måtte jobbast mentalt med motvind på slutten av ein lang tur. Bonusen for å halde motet og farta oppe var skikkeleg medsjøpadling dei siste to kilometrane inn til Hellesylt! 

For ein dag! For ei helg! 


I følge Audun sin Endomondo hadde vi padla 46 km i løpet av helga, gått ca 5 km og 500-600 høgdemeter. (Offisiell temperaturmåling på Linge var 25-26 grader i skuggen mellom klokka 15-18 på søndagen, meir enn nok til å ta knekken på ein vestlending) 

Klokka hadde vi lagt til side heile helga. Det var deileg å la tida komme og gå som den ville, men også litt dumt sidan vi mista ferja i Sykkylven med ca 1 minutt og måtte stå i nattkolonne før tunellane heim. 2 dagar på tur kjendes som ei veke med alle inntrykk og opplevingar vi hadde fått med oss! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar