Viser innlegg med etiketten Telting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Telting. Vis alle innlegg

fredag 6. november 2020

Sirkelen vart slutta - Lurøy til Tonnes (dag 6)

9. august Siste padledagen framom oss. Blanda kjensler. Vemodig. Skulle gjerne ha vore ute lenger. Samstundes kjekt å sjå fram mot godene i sivilisasjonen att.  

Leirstemning "dagen derpå" - kjekt med sol og klestørk etter syndefloden dagen før.

Tidevatn har ein anna dimensjon her .....

Rusletusle på Svinøy/Lurøy

Vi bestemte oss for å starte på returen og sjå Lurøy frå sjøsida denne gongen. Veret spelte på lag og sjølv om vi var litt slitne så var vi klare for padling etterkvart. 

Onøy til venstre, Lurøy til høgre!

Idyll og Nordlandsfargar. Her var det mange hus med integrert strand i hagen! 

For oss var dette det næraste vi kom sentrum. Lurøy har litt å by på, men eg vil ikkje påstå at det var utprega urbant eller turistifisert. Renessansehagen står på ønskelista neste gong eg er i området. 

Landemerket Lovund. I løpet av den første timen med padling fekk vi vind og straum meir og meir i ryggen - der vi likar å ha det!

Litt meir sjø på fjordkryssinga - men av den snille sorten likevel. 


Frå denne vinkelen er det ikkje vanskeleg å sjå Hestmannen som rir ut i havet mot nordvest.
Link: Til topps på Hestmannen! 

Teambilde på siste beinstrekk!! 

Vi passerte Ytterkvarøya og Innerkvarøya. Lene kom på at ho hadde sett Sølvrushet på TV2, med folk frå Kvarøya i nokre av hovudrollene. Då vi skulle til å krysse Kvarøyfjorden for siste gong, høyrde vi musikk. Det stilna heilt på fjorden. Kan det vere...? Jammen var det ikkje konsert med Violet Road her denne kvelden. Vi fekk med oss siste halvdel frå kajakkane og lyden bar godt. Kjekt å sige innover med live musikk på fjorden! Flott avslutning på ei innhaldsrik ferieveke! 




På Tonnes var det ledig plass i rorbu - og den var flott! Kjekt med dusj, middag og skravling siste kvelden. Innhaldsrik ferie! Mange opplevingar og inntrykk. Uråd å sortere alt på ein gong. Betre kjent med kvarandre, og kanskje litt betre kjent med meg sjølv? Området kring Lurøy er  eg heller ikkje ferdig med. Lovund ligg i horisonten, og det er eit utal holmar og skjær og sund som framleis er uutforska - av oss.  

Siste etappe (raud) 19 kilometer. 

torsdag 5. november 2020

Sydensol og syndeflod frå Hestmona til Lurøy (dag 5)

8. august Vekkeklokka stod på grytidleg. Den som vil på topptur før avreise må opp tidleg, men det er ei eiga historie. Varmen slo mot meg då eg drog opp glidelåsen på teltet. For ein sommardag! For ei utsikt!  Utpå formiddagen var vi klare for padling. Sydentemperatur og havblikk! 

I horisonten ligg Dønnamannen på rygg og snorkar, medan dei sju søstrene står i kø på badet..

Flatt hav - rett og slett. Nesten for varmt. Sommarpadling!  

Rett før vi for kom dei ei nise forbi i sundet. Vi padla oss på ein oter som tok formiddagsluren sin , og ein nyfiken sel dukka opp, alt i løpet av ein halvtime. Desse var dei einaste dyra vi såg på heile ferieveka! Fugl var det rikeleg av, og ekstra kjekt med ternene, dei er det ikkje mange av på Sunnmøre. 

Toppen på Hestmannen ser heilt uoppnåeleg ut frå denne vinkelen, men for nokre timar sidan stod eg på toppen! 

Hestmannen er alpin og rå sett frå vest/sørvest, medan fjellsidene er frodig og ugjennomtrengeleg krattskog. Hestmona er ei spennande øy! 

Sydenpadling, med fin veksling mellom ope hav, skjergard og utsikt til bre og fjell på fastlandet



Fastlandsformasjonane var fasinerande, og eg måtte leike litt med dramafunksjonen på kameraet. Lite viste eg om at veromslaget låg rett rundt hjørnet, og at mørke skyar vart ein realitet fortare enn vi hadde rekna med...

Beinstrekk og snackpause i Grytøvalen. Herifrå såg vi Hestmannen klårt og tydeleg. Ser du han, ridande mot venstre på hesten sin?

I løpet av pausa slo det om. Sterk vind, og truande skyer. Vi måtte kle på oss og finne ut kva vi skulle gjere. Brått var kosepadling blitt til krevjande motvindpadling og kryssing. Vi bestemte oss for å dra mot Lurøy uansett, og håpte på le for vinden i Lurøysundet. Kryssinga var slett ikkje gale og vi var framleis ved godt mot.  

Torunn midtfjords i Matskjærfjorden

Lurøysundet var smalt og langt med snaufjell og skog på kvar si side. Det kjentes nesten ut som vi var på eit fjellvatn i høgfjellet i Sør-Norge. I staden for le fekk vi effektane av vind-tunell og motstraum. Masse krefter og lite framdrift. Vi skjønte det etterkvart og gjekk på land. Real og kaffi gjorde godt, sjølv om "himlens sluser" opna seg. Vi kraup inn i kvar vår fjellduk og krøkte oss saman under den tettaste bjørka vi fann. Med stor ro slumra vi oss gjennom eit par timar med vindkast, krappe fjordbølgjer og tropisk regn. ALT vart vått, og fingrane våre gjekk heilt i oppløysing. Heldigvis var det ingen klaging (godt gjort!!!) og Torunn spretta smågodteboksen for å halde oppe moralen. Det funka knall. 

Vått i vått - men humøret er på topp etter smågodt! Foto: Torunn

Vi hadde ikkje lyst å padle i regnveret, men det var heller ikkje noko godt alternativ å bli der vi var - så då for vi vidare. Få kilometer, men det tok lang tid. Ikkje noko rom i herberge for oss. Violet Road hadde konsert på øya. Alt var fullt, alle var på fest. Vi fann til slutt ei grei vik, dragsa kajakkane på land, fann teltplass, og prioriterte le for vinden framom beint underlag. Eg trur vi var slitne alle mann etter ein lang dag. Eg måtte i alle fall mobilisere litt på slutten. Det kjentes ut som ei vekes tur, berre denne eine dagen.     

Kart med ruta for dagen fra Lene H. 24,4 km

tirsdag 3. november 2020

Øyhopping fra Rødøy til Hestmona (dag 4)

7.august.  Sommardagen låg framom oss - og vi var klare! Kajakkane inneheldt alt vi kunne trenge - og litt til - og vi hadde ingen avtalar. Hestmona freista i det fjerne. Kanskje kom vi oss dit, eller kanskje ikkje. Vi hadde mykje ugjort snirkling. 

Utsikt frå teltet. Grei utsikt frå "eiga" strand. 

Store glis frå første tak! Rødøyløva kneisa flott denne dagen og!

Farvel for denne gong - Rødøy! Hit kjem vi gjerne tilbake! 

Det var så havblikk at eg trudde ikkje det kunne bli blankare!!

...men det vart det!!

Ein runde på butikken og så rett vest i skjergarden. Holmar og sund, sand og laguner. Turkis hav. Steikande sol. Denne dagen vart slik eg hadde drøymt om at padling på Helgeland kunne vere! 

Endelause rekker av turkise sund!

Sommarferie!!! :) 

Kort veg til evig is på fastlandet. Svartisen var kvit, og dukka fram rett som det var. 

Lunsjbukta

Det skya over. Mentalt var det ein bitteliten nedtur. 

Ikkje ille sjølv med bittelitt skydekke! 

Gjerdøyvær såg idyllisk ut på kartet, men var litt spøkelsesaktig i verkelegheita


Innerstangholmen var verkeleg stang inn! Nydeleg stad for beinstrekk! 


Campinglivet altså!! Eg er bra heldig som kan dra på tur med fine folk! 

Vi snirkla og kryssa. Slo av ein prat med ein kveitefiskar. Spennande sandbotn under oss. Fugl som pjaska på med sitt. Sjøen stilna, lyset leika, alt spegla seg. 

Skarveberget med fjella på øya Aldra bak. 

Ser vi kveita her mon tru? 

Det var herleg å vere i feriebobla og berre skli avgarde. Vi kryssa Kvarøyfjorden som låg der utan ei rukke på overflata. Som så ofte før så gjekk klokka i frå oss. Det vart kaldare, og vi kom inn i skuggen frå Hestmannen. Silhuetten av øya Sanna i Træna kommune briska seg mot solgliren i vest. 

Sanna

Fergekaia på Hestmona og Hestmannen

Litt slitne og litt kalde trengte vi ein leirplass - og det fort! Dessverre var vi ikkje heilt i posisjon, og ingen av oss hugsa heilt kva vi hadde googla på kvar øy og ikkje på førehand. Den eine bukta etter den andre vart forkasta. For nær hus, for mykje trekk, for bratt. Vi kom til det punktet der vi var einige om at den neste vart den siste - uansett!!

Det såg ikkje optimalt ut, med høgt gras og vindtrekken rett ut bukta. Det første som møtte oss på stranda var i tillegg ein diger daud oter. Vi beit tenna i hop og starta lemping av utstyr og alt som høyrer med. Etterkvart fekk vi sjekka ut området. På nokre lyngrabbar like ved var det faktisk perfekt å slå  leir. Humøret var på stigande og Lene hadde middagsmenyen klar - klippfisk a la Haugen!

Foto: Lene

Det vart ein ganske bra plass til slutt..

Solnedgang og middag. 

Dagen hadde vore topp, og det var ei perfekt avslutning med verdas beste klippfiskrett. Solnedgangen denne kvelden var den finaste på heile turen! GPS'en viste over 30 kilometer padling, og det var ny personleg rekord på dagsetappe for opptil fleire. Nøgde og mette vart vi sittande på berga til nattemørkret tok oss.  




31 kilometer. GPS-spor frå Lene H. 


søndag 1. november 2020

Til topps på Rødøyløva (443 moh)

5.august. Ettermiddagen var framleis ung - og vi var ved Rødøy. Løva kneisa så flott. Frå sjøen var det uråd å sjå kvar stien kunne tenke seg å gå opp. Halvparten av oss var gira på fjelltur, og den andre halvparten verka nøgd med å ta på seg å finne camp og lage middag. Vi vurderte det til ein klassisk vinn - vinn situasjon, og to x Lene la avgarde til fjells.  

Rødøya (8 km²) er kjent for det karakteristiske fjellet Rødøyløva (440 meter over havet). Rødøyløva består av rødlig serpentin. Sett fra skipsleia ligner den en mektig sfinks eller løve (Wikipedia).

Vi er på stien! 

Sherpatrapp 2/3 av vegen, og meir skal det bli. 
Ca 1000 trinn per august 2020. Fantastisk handverk! (Foto: Lene H)

Fantastisk utsikt sørover Helgelandskysten allereie frå sherpatrappa

Sanna og Træna i vest

Søraustover - Rødøy "sentrum" med Telnestind bak på fastlandet (trur eg)

Nordover mot Bolgvær og Bolga (trekantfjelløya)

Austover mot Svartis-områder

Ein draum å komme hit - og uverkeleg vakkert å vere her!

Utsikt til alle kantar. Lofotveggen, Mosken, Værøy og Røst langt ut i havet. Vega lengst i sør. Fjell og hav. Bre og fjord. 

Otervær med Lofotetveggen, Mosken og bittelitt av Værøy i horisonten. 

Ja, så blide kan vi vere! (Foto: Lene H)

Her nede på ei av strendene hadde Torunn og Roger slått leir. Vi såg etter dei og kajakkane, men klarte ikkje å lokalisere campen. Men på telefon fekk vi god skildring så vi hadde ein kvalifisert mistanke om kvar vi skulle..

Returen gjekk som ein leik, og snart var vi i kajakken att. 

Løva kneisa i kveldssola og vi kom fram til campen før det vart mørkt. 

FOR ein camp! Vår eiga strand for natta. Fine flate teltplassar og til og med møblert utekjøkken. 
Nydeleg fellesmiddag og rett i solnedgangen! For ein dag! 

Torunn (og Roger) svinga opp med stormkjøkken-middag. Fine folk et seint! 
(Foto: Lene H)