Viser innlegg med etiketten KYBIL. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten KYBIL. Vis alle innlegg

søndag 26. august 2018

Premieretur med Paul Gustav

26.08 Fleire av dei eg jobbar i lag med i Kystverket er nyfikne på padling. Denne kvelden vart Paul Gustav med på sin første kajakktur nokon sinne. Det gjekk veldig fint. Kombinasjonen stødig kar og blankstille er bra på premierepadling. Vi tok kort tørrtrening på redning på plena, la ut og for avgarde.  Eg må berre takke for tilliten! Ut i frå gliset vert det meir padling! Vi lova oss sjølve å øve på våt redning neste gong.   




torsdag 18. juni 2015

Torsdagspadling med KYBIL

18.06. Bedriftsidrettslaget til Kystverket (KYBIL) har kajakkar, og i år har det vore litt interesse for padling. Fin gjeng med mange ferske men entusiastiske padlerar møtte opp. Eg tykkjer det er litt vanskeleg å vite kor mykje informasjon ein skal gje, og kor mykje folk skal få finne ut sjølv. Så det vart ein god kombinasjon. Etter eit bad og verdsrekord i kanting før eg i det heile var komme på meg på sjøen trur eg vi fann balansen ganske greit.

Klare for action!

Kystverket har stor variasjon i flåten.

Seglbåtane på veg inn etter regatta - no er det vår tur!

Hurtigruta ut Breisundet
 
Snirkling ved Tyskholmen

Blid gjeng! 

Veldig artig å treffe nye kollegaer og sjå andre sider av dei eg jobbar i lag med til dagleg. Det er kjekt å vere på sjøen i lag, og oppleve byen frå ukjente vinklar. Koseleg! Nokre gode historier, veldig mange gode spørsmål, og eit par fine A-HA-opplevingar på fleire. Lovande padletakter. Eg håpar resten av gjengen hadde det like bra som meg. 

Ingunn hadde lånt seg tørrdrakt og eg hadde lova å vise ho litt om redning. Vi runda av med kameratredning og eigenredning. Det gjekk som smurt, og det er greit å sjå for alle. Eg har ambisjonar om å lure med dei fleste på å prøve redningar i løpet av sommaren. 

Vi padla ca 3 km 

søndag 31. mai 2015

KYBIL - sesongstart 2015

28.05 Bedriftsidrettslaget til Kystverket, KYBIL, har kajakkar på lur. Terje og eg inviterte til padledag, for å sondere interessa. Vi var ein fin gjeng på 7 stk som møttes på Nørve. Dei fleste hadde lite padleerfaring, så vi tok ein runde med spørsmål og svar på land, litt om utstyr og prøvesatt kajakkane og stilte inn pedalar.

Taking my colleagues kayaking! The company sports have a few kayaks. Now we show people how to use them, and hopefully we'll have many after work- sessions during summer. Great gang, and they were very talented too! 

Litt tips før avgang (Foto: Terje Midsund)

Då var det berre å hive gjengen på sjøen og håpe på det beste.

Kystverketsfolk er sporty folk som kastar seg i det. Det var skvalpesjø og litt trekk, så vi heldt oss innaskjærs. Etter nokre rundar med utforsking av padletak, svinging og kollidering padla vi inn Nørvesundet til museet. Fin tur på ca 3 km totalt og mange blide fjes.

Straum i Taskesundet

Kjekk gjeng! Potensielt veeeeeldig bra padlemiljø her!

Vi demonstrerte litt ulike redningar til slutt, slik at i alle fall ein av oss (dvs eg) skulle vere våt før vi gjekk heim. Kameratredning og cowboyentring gjekk bra (i Hasle explorer) men åreposeredning fekk eg ikkje til. Moralen er: Det du har øvd på funkar best!

Utfordringa framover no vert å lære folk akkurat nok til at dei vert meir gira på padling, og lite nok til at dei melder seg på eit skikkeleg grunnkurs med meir pedagogiske folk enn meg...

fredag 6. juli 2012

På leit etter Munkholmen

Torsdag 05.07. Det var varmt, klamt (sokalla sommar) og eg var sliten. Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å gjere noko som helst, men hadde ansvar for KYBIL-padlinga, som Trude og Sygni entusiastisk ville være med på. Som vanleg hadde eg sendt ut melding; ta med varme klede (inkludert lue) og varm drikke. -I dag har eg ikkje med termos altså, men ein Munkholm! seier Trude med eit lurt glis då ho kjem.

Blimsanden!

Dei andre på Blimsanden for rundt i bikini. Eg tok ingen sjansar, og det vart ull og tørrdrakt. Solfaktor 100. Capri-stilongs, rett nok.   

Hestejenter

Ungar, bading, hestar. Mykje folk på stranda, men vi var dei einaste med kajakk. Etter litt oppvarming prøvde eg å rulle. Det satt ikkje i det heile tatt. Gjekk ikkje på fleire forsøk. Sjølvtilliten gjekk då rett i kjellaren på rullinga, men vi fekk no øvd på diverse andre redningar.  

Vi padla mot sola, mot vest, mot havet og horisonten. Humøret var stigande. Litt leik ved ein stake. Veldig fine nybegynnarforhold med dønningar nesten utan kraft. Eg foreslo Shetland, men vart nedstemt. Så då starta vi leitinga etter "Munkholmen".

Neimenn! Er det ikkje Munkholmen som ligg her?

Jepp. DETTE er Munkholmen.

Definisjonen på flatt hav: Når PSSHHHT-lyden i samband med opning av til dømes ein Munkholmboks totalt overdøver "brenningen" på utsida av dei ytterste skjæra utanfor Vigra...DÅ er det flatt hav altså!

Trude

Sygni hadde til alt overmål med sjokoladekake, så på Munkholmen var det godt å vere - lenge!

Klassisk!

Kvalitetssommarkveld

Bølgjene skvulpar, praten går, og etterkvart skjer det som ofte skjer om kvelden. Sola går ned. Like vakkert og like fasinerande nytt kvar gong.  

Gullhav

Eg i Nukaen. Munkholmen rett til høgre bak meg.

Inne ved Blimsanden testa vi rulla på nytt. Første gangen måtte eg ut av kajakken. "Blubb-blubb-blubb". Det var jo som svarte. Litt aggresjon byggjer seg opp. Så neste gong fekk eg det til, og så eit par gonger til. Kanonkjekt. Øving gjer meister. 6 km tur, men for ein tur. Kanskje ein av dei beste? Vi toppa det heile med å fylle bilen med sand og vått utstyr og for heim.   

Sygni sin facebookstatus sånn rett etter midnatt oppsummerar det heile:

Hekj'e padla so longt- berre padla godt.   

fredag 29. juni 2012

Gullpadling

Onsdag 27. juni  var det Kystverkspadling. Sygni vart mellombels "tilsett" i verket, og vi vart ein rein dametrio på tur. Sommarkveldane skal nytast medan dei er lange - så vi trekte ut mot havet med fyr i blikket.

Hamna ved Giske kyrkje - nesten Syden!

Vi padla nordover, rundt Giske og midt inn i verskillet.

Duett i molo. Den todelte moloen er kul.

Sjøfuglar i fleng, med ungar i alle variantar, strender, ku i solnedgang, eit lite verdsberømt musikkstudio og stram lukt på Kvalneset. Giske har mykje å by på frå sjøsida. Likevel så er det på Godøya det store trekkplasteret står...  

Med stø kurs mot Alnes

Alnes fyr i midtsommarskrud

Alnes fyr er kult. Det gjev ein ekstra dimensjon å komme hit sjøvegen. Vi landa på rullesteinane og vandra opp til fyret. Lukta frå enga slo i mot oss, og blomane konkurrerte om merksemda. SOMMAR! SOMMAR!
Oppe på fyret var det benkar og pledd. Vi toppa det heile med medbrakt varm drikke og skipskjeks (prøv å seie skipskjeks fort tre gonger på rad...!).

Meg, Trude og Sygni. Alnes fyr.  

Landing på Alnes

Det gjev eit hav av nye moglegheiter å utvide definisjonen på kva som er ein bra landingsplass. Vanlegvis så er det jo litt nedtur å padle siste biten heim. Denne kvelden hadde "ytre strok" planar om eit spektakulært show, som vi fekk vere ein del av på heimveg. Knallhard berekning eller rein flaks?

Erkna ønsker velkommen til gullpadling!

I eit strålande og flammande lys gjekk ferda tilbake til Giske. Trude padlar i venstre kant av bildet.

Eldkula samlar seg og går i havet. Takk for i kveld.

Det er slike kveldar som gjer at eg vil vere "heime" på Vestlandet om sommaren. Det er slike kveldar som gjer at sommaren vert fantastisk!

Turen vart ca 14 km

fredag 8. juni 2012

Borgundfjorden rundt

Onsdag 6. juni var kystverksgjengen på vatnet att! Yr.no meldte kuling og det einaste som har vore stabilt i det siste er at nordavinden er ustabil. Vi satsa difor på fjordpadling. Og kor herleg vart vel det!

Første strekk vart Nørve - Slinningen. Her er det mykje aktuelt å sjekke ut: "sakte fart"-skilt, riksantikvarskandalesak med Slinningsbua, moderne arkitektur, kor-mykje-kveldssol-har-dei-eigentleg-her-vurderingar og førebuingar til det tradisjonsrike St. Hansbålet på moloen.

Bålmakarane er i rute! Vi har sjekka...

Langevågsholmane neste. Breisundet har aldri vore så smalt eller så stille. Kuling meg her og der. Vindsstille som i 0 (null!) vind vart det.

Breisundet og Sukkertoppen

Nye folk på tur betyr nye historier, og at eg kan fortelje opp att mine gamle.. Endeleg ein tur utan kamp mot vind, klokke, svolt eller andre ulumskheiter. For første gong i år!
Blikk stille og snirkling mellom Langevågsholmane.

Eg testar svingtak (Foto: Terje)

Endeleg ein kveld der det freista å øve litt teknikk. Svingtak. Baugtak, sveipetak og telemarksving. Var det slik det var ja? Litt rusten, men Nukaen er på lag. Herleg! Livet er å nyte slike kveldar. I kveld var det skikkeleg kose tur - vi hadde eit hav av tid; snoka, prata og sugde til oss kvar stråle av kveldssola. Terje stod for serveringa.

Trude - alltid blid i kajakk!

Vi utforska eit nytt potensielt spennande prosjekt, så følg med! Sunnmøre Museum er ingen trygg plass om vi er på rett stad på rette flomålet..

Kjekt å sjå at det begynner å verte liv på sjøen att. Småbåtar, seglbåtar, kajakkpadlarar (i fleng!) gås og ærfugl, og andre turistar (Actin). I kveld vart vi til og med filma med modellfly!

Eg runda av kvelden med kameratredning med Trude. Ho både redda og vart redda etter alle kunstens reglar. Ny-drakta var tett, og sjølvtilliten stigande!

Borgundfjorden rundt vart ca 13 km.

tirsdag 29. mai 2012

Kystverkspadling!

Sesongopning for padling med gjengen på jobb. Sidan dei påmeldte hadde litt padleerfaring for vi ut til Giske sjølv om det var nordavind. 

Klar for tur!

Terje var pådrivar, Trude stilte med smittande begeistring medan Bjørn og eg tok rolla som dei nøkterne deltakarane denne kvelden. Straum og nordaustvind som drog i ulike retningar gjorde at eg var litt meir skjelven enn eg har vore på lenge i kajakken. Vi held oss på le-sida og satsa på kvalitetstur framfor kilometer.

Ut mot havet! Livskvalitet å få nyte kveldane her ute.

Måsane på Kvalneset. Røffare sjø på nordsida av neset, så Giske rundt får bli neste gong.

Kvalneset (og forsåvidt heile øya Giske) er eit prakteksemplar av ei morene. Dessutan stinka det "daud-kval-aktig".

Alnes låg på andre sida av fjorden, og såg ut som ei fiktiv eventyrbygd i kveldssola.

Fjøresnirkling på veg heim.

KYBIL-padlesesongen er i gang! Kanonfin kveldstur! Måtte det verte mange i løpet av sommaren!
Artig å ha med spesialkompetanse på padletur. Til saman hadde vi full kontroll på skiltreglar, installasjonar og reguleringar i sjø, aktivitet i region Midt-Norge, forvaltningsplan for Nordsjøen og kva som skjer på vindkraft til havs for tida. Moloinspeksjon er ein naturleg del av tur med denne gjengen..

Her var vi på sørvestsida av Giske. Turen vart ca 6 km og vel ein time lang.

Kjekt at det er så variert vannsportmiljø på Sunnmøre. I Borgundfjorden var det regatta med seglklubben, roklubben var i aksjon og turpadlelaget hadde lagt ut med kajakkane eit par timar før oss. Når vi kom ut på Giske var det ein 4-5 kiterar i sving.  

fredag 8. juli 2011

Bypadling

Endeleg sol og napp på onsdagspadling med KYBIL! Eg synes framleis det er stas å kunne padle gjennom byen. Då kan vi til dømes ta ein kikk på kontoret mitt frå sjøsida..


Det vart ikkje den store ekspedisjonen i dag, men vi sjekka ut det nye hotellet (fint), folkelivet i Brosundet (bra) og kosa oss på sjøen eit par timar. Store glis på samtlege - kjekt å vere på tur! Hugs til neste gong: Ta med pengar! Vi må jo støtte det lokale næringslivet, om det no er i form av softis eller anna uteservering.


Reine Max Manus-stemninga i kaianlegget.

Brått dukka det opp eit par andre padlarar. Populær aktivitet dette. 

Bypadlinga vart avslutta med idyll ved Tyskholmen. Det er ikkje så langt mellom urbant byliv og naturperler.
Takk til Terje som er primus motor for å få i gang eit godt padletilbod i Kystverkskollegiet!