mandag 31. mars 2014

Sandtinden (1065 moh) og Sprovstinden (1194 moh)

30.03 Søndag og sol. Litt urven morgon på grunn  av den hersens klokkestillinga. Alle var på rett stad til rett tid og vi kom fram på Ørskogfjellet då trekket opna. Det var ein mjuk start på turen å ta dei første 150 høgdemetrane med t-krok.

Lite snø øvst i trekket og mot Sandtinden. Er det verkeleg nok snø oppover? 

Ragnhild i første bakken.

Kenneth hadde sjølvsagt rett, det var rikeleg med snø og fint føre. Utsikta var bra frå første stavtak. Sola varma, og det var vindstille. Eg gjekk i t-skjorte heile vegen. Flott terreng, og eg gledde meg allereie til nedturen. Det er nye takter frå i fjor. 

Siste kneika mot Sandtinden. Jutevatnet nede i dalen.

Sandtinden (1065 moh).
Fantastisk panorama til Sunnmørsalpar og Romsdalsfjell! 

- Jeg har ikke svetta så mye siden 2008! seier Ragnhild med stor overbevisning. Det glinsar vel i panna på fleire av oss. Det er noko med sugande vårsnø, motpakkar og sol, kombinert med ull og gore-tex....

Rast og plastring. 
Eg hadde teipa grundig før eg for heimanfrå, sidane hælane såvidt hadde grodd frå forrige runde med skisko... 

Dagens første 1000-meterstopp! Herleg! 
Det er slike dagar og stader ord som lykke og livsglede verkeleg gjev meining.  

Romsdalsfjell i horisonten. Kenneth er klar for neste topp. Litt dårleg føre akkurat på toppen.

Sjarmøretappe mellom Sandtinden og Sprovstinden!

Fantastisk landskap!

Etterpå skal vi ned her! Juhuu!! - trur eg....

I godt lag på toppen av Sprovstinden!
 T.v Rypestegg som trur han er usynlig. (Men vi såg nok både han og brødrene..)
T. h. Fotballsupporter og fjellfant som markerar 100-års jubileet til Ålesund Fotballklubb (ÅFK) på turane dette året! Artig stunt.   

Bra toppskavl, så greit å halde seg på rette sida av vardane og på fast fjell.  


Påfyll av energi er viktig. Ragnhild hadde droppa nachspielet kvelden før for å bake sjokoladekake til oss! Poeng i fleng! Kaka var kjempegod. 

Brukbar utsikt i lunsjen

Då var det i grunn berre dagens teambilde som stod att før returen. Det er mogleg at eg problematiserte litt rundt kvar sjølvutløysarfotografen skulle plassere seg på bildet. Den kreative, løysingsorienterte og handlekraftige gjengen som eg var på tur med hadde planen klar og skar igjennom på den saken.    

Teambilde Sprovstinden (1194 moh)

Godt føre, fine bakkar og herleg nedkøyring. Eit ørlite parti der det var litt bratt og litt laust for min smak, men det gjorde ingenting. Det begynner å verte artig å køyre nedover og. Mykje artigare enn første året då eg var livredd og bekymra. Det kjem seg!  

Nedkøyringa (omtrentleg) ned mot Jutevatnet med raudt


Siste fellefikling. Næremstindane og Høgsvora bak. 

I botnen skrådde vi mot høgre. På med feller. Vi gjekk opp lia til overgangen mellom Varguraksla og Sandtinden. Av med feller. Herleg nedkøyring ned til bilen (med unntak av eit lite drittparti med bjørkeris og dårleg føre).   

To nye 1000-meterstoppar, sol, fregner, påskestemning. Strålande organisert av Ragnhild og enormt bra val av turmål av Kenneth. Takk for ein fantastisk dag!


søndag 30. mars 2014

Strandafjellet

29.03 I etterpåklokskapens teikn kan eg ikkje skjønne kvifor eg var så nølande til å vere med Ragnhild og Sigve på Strandafjellet. Det er heilt klart det luraste eg har gjort i dag. 

Paviljongen på toppen av stolheisen på Fursetsida. God stemning.

Kva gjer det vel med ein dag i skitrekk når utsikta er slik?

Mot Sykkylvsfjella; Høgenykjen og Langfjella med Urfjellet og  Hammersettindane bak.

Det var rikeleg med plass i bakkane...

Artig dag, topp stemning, varme i sola, fint føre...


......i godt selskap! Betre vert det ikkje. Påskestemning på Strandafjellet og på Valderøya er våren i sving med pyntinga. 

Takk for turen! Veldig kjekt!
Svele på ferja og panikkplanlegging av ny tur....  

(I eigne auge har eg blitt veldig mykje betre til å stå på ski sidan i fjor. Lene - ski 1-0) 

fredag 28. mars 2014

Erkna i solnedgang

28.03 Marsrulling på programmet. Heile veka har vore nydelig og vi hadde planlagt årets første skikkelege padletur.

Nydeleg dag - og perfekt for marsrulling

Meir enn ein handfull ruller unnagjort - og på begge sider. Sygni sitt på dokumentasjonen, men med fleire vitne er marsrullene i boks. Får vi havblikk utover? Det såg jammen slik ut. 

Stø kurs mot Erkna

Erkna er eit ikon vest for Vigra. Fantastisk siluett, vakker øy og yrande dyreliv. Øya er freda (naturreservat fugl) og det går villsauer her. Akkurat no er dei i lamminga og treng fred. Det er avgrensa tilgang til øya i sommarmånadene.

Vestsida. Bra dønning.

Sørsida. Litt snillare her. 

Ærfugl

Flott lys, magisk å vere på sjøen slike dagar. 

Padlekompisane! 
Jammen glad for at eg har slike kjekke padleklare damer i vennekretsen!

Fredagsmiddagen vart variantar av Real i ettermiddagssola. Lammegryte for min del. Smakte fortreffeleg!

Innover mot Lepsøya og Vigra

Tøffingane!

Erkna i solnedgang I. Litt Italia? Litt slott?

Erkna i solnedgang II. Herleg padling i roleg dønning og havblikk.

Ragnhild og Erkna i solnedgang

Dagens selfie med Erkna i solnedgang

Ragnhild, Erkna og Sygni i dønningen

Erkna i solnedgang III. 

Lyset og solnedgangen vart berre råare og råare. Vakkert, magisk, religiøst.. Orda strekk ikkje heilt til. Vi somla oss innover. Denne solnedgangen ville vi ha med oss alt av.  





Årets første padletur. Lista er lagt høgt..

Turen var 14 km lang.

torsdag 27. mars 2014

Klimaflykting til Østerdalen

15.-16. mars. Kuling og regn. Helg med kuling og regn. Sukk. - Du skal ikkje vere med til Østerdalen då? spør Synnøve. Kjapp sjekk på yr.no. Hanestad vs Valderøya 1-0. Jepp. Eg er med.

Skulehuset er ein attraksjon i seg sjølv, og det var kjekt å komme tilbake. Store elgspor i hagen, fyr i peisen og sjøkrepssuppe i magen. Fredagen enda godt, og helga var såvidt begynt.

Morgonutsikt frå soverommet. 
Det kvite nærast er Glomma (eller Glåma) og bak der badar "Bratten" i sol allereie.
 Juhuu! Dette vert ein herleg dag!

- "Birken" er avlyst, seier dei i radioen. Det er for mykje vind i fjellet. HÆ? Kva er dette? Vi er rett nok noko lenger nord, men legg inn ein plan B under frukosten dersom fjellet skulle vise seg å vere meir heftig enn godt er.

Start i hyttelia ved Gråsjøen. 

Smørestopp, bokstavleg talt PÅ Gråsjøen. 
Fint føre, men hardt, så smøringa (blå) satt ikkje så lenge. 

Kvite vidder. Kolle på kolle. Ein høgare rygg i horisonten. "Hatten"
Og "Hatten" er altså brattare enn "Bratten". I fulltekst så snakkar eg her om Store Nehatten 1316 moh.

Eg er eit kystmenneske. Faktisk forskning viser at dei som har vakse opp med hytte på Fjellsætra, eller eventuelt austlandsblod i årene, er hakket kvassare på ski enn meg. Her var det flatt og fint, og alle motbakkar vart belønna med ei fin og grei nedkøyring på andre sida. Eg hang no med. Iskald vind på fjellet. Hard snø. Det suste i hetta, og skia braut i skaren med ein gjennomtrengande lyd. Det vert ikkje så mykje prating av slikt. I skikkeleg flatt lys, entra vi Hatthytta. Den var perfekt plassert for eg var svolten som ein ulv då vi kom dit. 

Lunsj på Hatthytta.


Mat gjer alltid godt. Turen vidare til Reinfjellshytta var spennande. Det var bra med vind, og vi lurte litt på om sikta ville forsvinne. Det gjorde den heldigvis ikkje, og det var veldig greit med ein god dytt i ryggen. Sjokoladepause på Reinfjellhytta. Eg vart advart mot neste etappe. - Å komme seg heilskinna ned traktorvegen ved Kvannbekken var visst ingen spøk.

Dei lokale peika ut både moltemyrer, kjente bjørne- og ulvehi og andre severdigheiter. Truleg i trygg forvissing om at eg ikkje hadde peiling på kor vi eigentleg var i lendet. Liten fare for at eg kan finne fram att på eiga hand og gjere "ugagn". 

Kvannbekklia viste seg frå si aller beste side! Etter å ha gått på knallhard skare heile dagen, så kom vi ned i 15 cm pudderaktig styresnø. Herlege nedoverbakkar, berre å stå på skia og nyte! Så eg gløymte fullstendig å ta noko bilde herifrå. 

Siste etappa var Slepevegen. Her vart eg innehenta av eigne ferdigheiter. Nokre kilometer flat traktorveg. Føtene var slitne og armane ubrukelege. I teorien burde det vere greit å stake seg ut her. I praksis vart det litt vanskeleg når eg knapt hadde muskelkraft til å halde stavane. Slepevegen var seigpining. Langs vegen var det ei rekke spor; elg, hjort og rådyr. Elgspora var gigantiske, meir som avtrykk etter vaskebøtter. Eg hadde GOD tid til å studere dei nøye, der eg seig frametter vegen.

Slepevegen tok no eingong slutt, vi kryssa Glomma på ski (!) og for meg kjendes det ut som eg nett hadde innkassert ei medalje. Herleg tur og herleg landing.  

Løypa sånn omtrentleg dag 1
27 km. (5 timar totalt med pausar og smørestopp)

Kor fantastisk er det ikkje å lande i Chesterfielden framom peisen etter ein lang skitur! Heldige meg som får vere med på slike stashelger! Dei tullar ikkje med midddagene på Skulestova heller, så utpå kvelden proppa vi i oss lammesteik av villsau med komplett tilbehør. Raud i kjakane, blank i blikket og fornøgd i heile skrotten var det på tide å ta kveld. 

Auauauau. 
Her trengs det compeed til morgondagen... Det er noko med meg og skisko som ikkje går heilt i hop. (Sygni meiner det er dårleg teknikk!!! Høyrt slikt! Og ho har har sannsynlegvis heilt rett...)

Søndagen var det minst like fint - og vi skulle "gjere" Hanestadkjølen. 

Start på Kalberget, ca 800 moh. Nasjonalromantisk så det held.

Sølenfjella (Rendalssølen). Vakkert. 

Flott terreng her oppe. Glissen skog. Eventyrtre med mose og knudrar. Flate myrer. Litt spennande ting å sjå på i horisonten. Perfekt turskiterreng!

Gran. 
Slik ho skal vere. Der ho skal vere. På heimebane er ho fin grana og. 

Kva er det det borte?

Kjempefine kjempegamle bygg på Hanestadsætra. 

Jervespor! 
Det minste sporet er "Mikkel" som har luska i hælane på storebror. Det var artig å sjå!

Ein varde i sikte!

Synnøve og eg gjekk på Kivfjellet, sidan karane brått vart opptekne med andre ting enn skigåing. Litt meir stabasiøst enn på flatene, sjølv om vi ikkje skulle opp så mange høgdemeter. 

HOHOOOI! For ei utsikt! 
I granskogen nærast har vi nett vore på kryss og tvers. I aust låg Sølenfjella og sola seg.

Kivfjellet 949 moh

Her var det eit flott rundskue, med Rondane i vest, Sølenfjella i aust, litt kjedeleg austland i sør og diverse spennande i nord. Matpakka smakar ekstra godt med utsikt!

Herifra var det berre nedover! Styresnø i skogen og lange slake bakkar på traktorvegane ned i bygda. Vi kom susande ut av skogen ved Hanestad Truckstop. Nok ein super dag på ski! 

Søndagsturen. 15 km inkludert spasering i Hanestad sentrum

Det er greit å ha bil ut til startpunkta, men Skulestova er godt plassert for "Ski in".

På veg heim var det julestemning med store snøflak og tung kvit snø på trea på Bjorli. Romsdalen som var grøn då vi køyrde opp fredagen var no kvit. I Ålesund var det stiv kuling og vassrett regn. Eg kom heim til straumbrot og mørkt hus. Det var rette helga å vere "klimaflykting" til Østerdalen!

Takk til Synnøve og Roar for ei kjekk helg på "Skulen" og flotte skiturar!