tirsdag 31. mars 2015

Surfesymposium Hoddevik 2015

27.-29. mars. Det vert mykje "Trivselsfylket" på meg denne våren, og eg klagar ikkje! Herøy Kajakk Klubb stilte mannsterke på surfesamling i Hoddevika. Gloppen padleklubb arrangerte og instruktørar frå God-Tur skulle hjelpe oss å knekke nokre nye kodar.

Skrekkblanda fryd og høg puls allereie i bilen. Eg grugleda meg. Kor store forhold vert det? Kor kaldt kan det verte? Korleis sitt rullene etter bassengsesongen? Det var ikkje få spørsmål som svirra i hovudet.

Surf symposium for kayaks 2015. Wet fun in Hoddevika this weekend. This is a wonderful beach, with great surf. Link to surf- forecast HoddevikI learned a lot and have a few things to work on during summer. I think we all want to go back for more!

Hoddevika (Foto: Stadt Naturguiding)

Det var ein spent og kjekk gjeng som etterkvart samla seg på Stad surfing. Vi måtte velje grupper etter kor våte vi var villige til å verte. (Gruppene funka fint, men den våtheitsskalaen rauk i alle endar i løpet  av 30 min)

Christer og eg for ned og sjekka forholda om morgonen. Friskt, men stranda er klar for kajakksurferar. 

Eg er optimist før start, og gjengen frå HKK er klare!

Morgonmøte med Ronny før start. 

Sygni og eg har igrunn tenkt litt over HMS og surfing før. Etter diverse episodar med hol i kajakkar, og nokre uføresette supersurfar så er vi ganske gode på å lage avtalar om mønster og sikkerheitssoner. Etter 5 minutt på stranda så såg det ikkje ut til at nokon tenkte på slikt. 

Alle mann alle!!! 




Det var artig og vi bytta på å vere på sjøen. 
For det første på grunn av plassen. For det andre har ingen kondis til å vere på sjøen hele dagen. For de tredje er det utruleg lærerikt å sjå på kva andre held på med og. 

Første velt og rulla satt! Så vart det litt ymse. Første dag: før lunsj: ca 50% rullesuksess. Etter lunsj ca 75%. 

Gruppedisiplinen kan diskuterast. 

I forhold til kor disiplinerte vi var på sjøen skjedde det ikkje så mykje gale. Nokre få episodar som ein kunne trekke litt lærdom av vart det, men sopass må ein vel rekne med.

Hallvard rydder i troppane

Christer i farta! 
Vår første felles padleøkt saman - måtte det verte fleire slike!

Det slang ein og anna "ekte" surfar. 
Eg fekk ikkje med meg nokon skade på "neoprenselane", men det var sikkert delte meiningar i den leiren om å få 20 kajakkar i leik i surfesona. 

Våte, blide og trøytte folk runda av dag 1 med å "deige" seg i sofaen og vente på middag. Nydeleg mat frå vertskapet på Stad surfing etterkvart. Praten gjekk lett og stadig høgare utover kvelden. Eit av høgdepunkta var då Henrik drog fram celloen (og kina-pytonslange-instrument) og held mini-konsert. Det gjorde seg med litt kultur, og det var ei fin oppleving. 

Dag to starta med dramatisk lys og høge forventningar

Vi starta der vi slapp. Ronny var veldig flink til å gje oss innputt. Små analyser av kva vi kunne jobbe vidare med og pedagogisk framført. Veldig god tilrettelegging! Ting hang saman, og eg fekk i alle fall eit meir bevisst forhold til kva eg gjer og ikkje gjer, både over og under spruttrekket.   

Framleis blide og motiverte på dag 2! 

Ein vanleg dag på stranda...

Torill - like blid etter ei skikkeleg sentrifuge og knekt åre. Tøff dame! 

Dagen starta surt, men etterkvart kom sola, og det vart berre heilt magisk. 

Frelsaren? Oppvåkninga..

Dei neste 4 bilda er det Ronny Riise som har teke. Dei viser litt av det eg bala med denne dagen.  




Oppsummering for eigen del: Rulla sat som eit skot dag 2. Eg rulla på så og seie alt, og det var for meg ganske store forhold. Kjempeartig! Sidesurf: Begynner å få bra kontroll. Baklengssurf: har lært mykje. Vanleg surf: Må jobbe med tidleg nok styretak. Kroppsrotasjon, parallell åre med kajakk, heile bladet nedi og høg åreføring. Heimelekse. I tillegg må eg finne ut meir når det kjem til kanting. Det var veldig kjekt å få ein haug med bilde, for då ser eg kjapt at det ikkje er heilt samsvar mellom kva eg trur eg gjer og det eg faktisk gjer.  

Det var berre nokre få problem. Kreftene tok slutt. Dagen varte ikkje evig. Kven har lyst til å gje seg og fare herifrå? 


Ny helg i Hoddevika under planlegging allereie medan vi spyler sand av utstyret. Mange nye potensielle surfevennar både herifrå og derifrå. Lærerikt og kjekt. Det å kjenne på adrenalin, meistring og fellesskap i to dagar er heilt greit. 

Tusen takk til alle som bidrog til å gjere denne helga så bra!

Forholda: I overkant fralandsvind dag 1. Pålandsvind dag 2. Bølgehøgde? Usikker. 1-2 m? på dei ytterste bølgjene? Periode: Litt for kort. 8-10-12? Meir kraft i bølgjene søndag enn laurdag. 

torsdag 26. mars 2015

Langfjella på fjellski (1118 moh)

25.03.15 Meldingane var strålande sol. Den einaste strålande sola på lenge. Det var for gale å ikkje nytte veret, så det vart kortare dag og rett på tur. Sindre slo seg med for første gong, og vi sette kursen mot Langfjella (1118 moh) i Sykkylven. Den lange ryggen ser ein markert og tydeleg heilt ute i Ålesund.

Forecast: One sunny day and after that just rain and wind for the Easter holliday. We run off early to enjoy this afternoon skiing in Sykkylven. "The Long Mountain" is visible from Ålesund and offer a great view in return for the effort of getting there. The hills are not steep enough to risk avalanches, but fun to run (or at least manageable...). I choose mountain skies over randonee, with a little regret going downhill. Life is good! 

Vi ser oppover mot målet frå bilen. 

 Baute seg opp - og nyte utsikta som kjem umiddelbart! 

Synnøve

Sindre

Bikkar kanten - og WOW!

Teambilde!

Kjekt å komme opp. Iskaldt. Kle seg, ete, nyte utsikta. Halde ut så lenge som mogleg. Det er utruleg flott her oppe! Framleis ein av favorittane mine når det kjem til utsikt.  

Store dalar og ville fjell

Alpine tindar - Hammarsettindane

Og kva ER denne kvite flanken bak der? Kvitegga?

Velkommen til Sunnmøre! 

Slike ettermiddagsturar gjev så FANTASTISK mykje påfyll i kvardagen. 

Sindre gjekk med tunge telemarkski, medan vi gjekk med fjellski og slapp billigare unna i motbakkane. Han fekk betalt for kvar kilo då vi skulle ned. Det var eigentleg godt føre, passeleg med styresnø og hardt under. Nokre få meter med gjennomslag og litt hardt siste flata før bilen. Eg vert litt pinglete nedover, sjølv med bra forhold. GPS er veldig avslørande, Oppover gjekk vi 3,4 km distanse, medan eg stod 5,6 km nedover. Eg får altså mykje nedoverbakke for innsatsen! 

GPS-spor

Høgdemeter: ca 780. Totalt brukte vi ca 3 timar på turen. 
Registrert tid i bevegelse på meg var 1.55. og då var 32 min nedover. 

tirsdag 24. mars 2015

Skogadalsbøen - Olavsbu - Leirvassbu

21.-22. mars Husmorferie. Laurdag og strålande sol. Tidleg start frå Skogadalsbøen. Meldingane for søndagen var elendige, og vi hadde skumle planar om dobbel etappe i nydeleg ver.

The most wonderful day in Jotunheimen. Cold, sunny, blue wax and great mountains everywhere. We spent 10,5 hours from Skogadalsbøen to Olavsbu and Leirvassbu. Most of the day was uphill. No skins, just wax. Magic sunset and just in time for dinner at Leirvassbu. Life is good!  

Skogadalen. Skogadalsbøen ligg midt nede i Bjørkeskogen på venstre side av dalen der nede. 

Første etappe var altså: Bjørkeskog. 

Blå swix, superfeste og grisekaldt. 

Euforisk å komme seg opp i sola! 

Gjertvassdalen og Gjertvasstind (2351 moh)

Kristin er heilt fantastisk til å legge spor og baute. Vi kom oss opp dei første bakkane heilt utan feller og med jamn takt og puls. Det vart ikkje brukt skifeller på heile turen! 

Kristin på Tungehaugane! Bautedronninga!!

Neste etappe: Inn Storutladalen og til høgre opp i Rauddalen

Teambilde! I Storutladalen. (Foto: Kristin)

Slik går no dagane

Meg og Gjertvasstind til venstre, Storebjørn bak til høgre. (Begge foto: Kristin)

Opp bratta til Rauddalen var eit klassisk døme på kva som skjer når det ikkje er stikka løype. Vi stussa på sporvalet til dei som kom ned. Det viste seg at vinterruta eigentleg gjekk ein heilt anna plass. Vi kom oss no opp. 

Første glimt av Mjølkedalstinden (2138 moh). 

Vassfylling og nye tindar: Store Rauddalseggje (2168 moh) bakerst der,

No kom HAT-etappa for meg. Eg hadde dårlig gli og ingen gli. Det vart verre og verre. Kristin og eg hadde smurt med det same, og eg vist ikkje kva eg kunne gjere med det. Så eg berre gjekk. Eg forbante meg på at eg måtte komme meg til olavsbu. Det vart tyngre og tyngre. Det gjorde vondt overalt. Vatna var flate og lange. Eg kunne like gjerne gått på truger. 

Liten prikk - mykje hat. (Foto: Kristin)

Den einaste grunnen til at eg kom meg fram var at dalen var vakker, veret var strålande og det er eit privilegium å vere ute slike dagar. Vel framme på Olavsbu fann eg ut at eg hadde is under skia. Ikkje berre litt. Dyr lærdom. Gjer alltid noko med dårlege ski!! 

Olavsbu

Kristin var heldigvis litt klårare enn meg i hovudet, og fiksa alt medan eg togg i meg skiva bit for bit. Ho kokte vatn, smørte ski, mine og faktisk, og sytte for at vi var klar for neste og siste etappe på rekordtid. 

Rauddalsbandet mot Kyrkja.

Turen sitt høgaste punkt var Rauddalsbandet. 1615 moh i følge GPS'en. Vi fekk ei fantastisk nedkøyring i fint pudder. Det hadde vore ein lang dag, og vi var prega av det dei siste kilometrane. Det var gneistrande kaldt, og vi kjende på gnagsår, ømme tær og frosne kjakar. det var nydeleg rundt oss, og eg prøvde å nyte det litt. Hovedfokus var på å berre gå. Komme fram.   

Solnedgang på Rauddalsbandet

Kveld i Jotunheimen (Foto: Kristin)

I den siste bratta ned mot Leirvassbu hadde vi også silkeføre, Vi kom fram 18.59. Ein liten halvtime før det var absolutt mørkt. Heilt etter skjema. I god tid til middag 20.30. I god tid til å deige oss framom peisen før middag. Skrotten verka, men det gjorde ingenting. No kunne det berre komme drittver. Vi var framme, og hadde hatt ein nydeleg, fantastisk og magisk dag i fjellet!

Frå GPS'en 21.03.15:
Avstand: 31.5 km. Tid i bevegelse: 7:35 Gjennomsnittlig hastighet: 4,2 km/t
Stigning: 1266 m, Fall 661 m 

Søndagen var det snø og vind. Mykje vind. Vi pakka oss inn og staka 9 km ned til bilen.

Kart over turen totalt sett. 

Sekkane våre vog omlag 16 kg. Totalt hadde vi gått 71,5 km og knappe 2000 høgdemeter på 4 dagar (2 fulle, 2 halve dagar).

Takk for turen, Kristin! :) Link til Kristin sine bilde/turskildring på Fjellfant.com