søndag 28. juli 2013

Hornindalsrokken (1529 moh)

Det er nokre fjell som ein berre har lyst å gå på. Eit av dei vi har sikla på lenge er Hornindalsrokken. Køyrer du gjennom Hornindal kan du ikkje unngå å legge merke til det stolte fjellet som står så støtt inne i dalen sin. Her har eg køyrt mange gonger, og ofte stoppa for å ta eit bilde eller to.

 Hornindalsrokken (frå Arkivet)

Vi for rett frå Runde til Hornindal, telta og om morgonen 20. juli var vi klar. Fjelltur! Ein fin måte å "toppe ferien" på. Skodda låg, men det var slik skodde som brånar i sola, og der toppane oftast går klar.

Hornindalssetra

Inn Sætredalen går ein på anleggsveg/god sti 3-4 km relativ flatt. Og relativt kjedeleg. Derretter går det berre ein veg - og det er OPP!

På tur inn i skoddeheimen! Med eigen pressefotograf.

Det skin opp.. WOW! Det er jo eit heilt landskap her inne!


 
Normalruta er bratt, men med forbausande god sti. Nikolai på 9 år leda an i brattene og for som ein vind oppover.  

Kjerringane kjem etter, sakte, men sikkert
  
Det skin stadig opp og vi får nokre flotte skue oppover bakkane.
  
Over ei "flate" med stor ur
  
Nina traskar avgarde.
Rokken er ikkje fult så stolt frå denne sida. Her skal vi rett ut av bildet til høgre og så gå ryggen frå høgre og opp mot toppen.

Siste kneika - vi ser toppen!
 Langt mindre bratt enn "normalruta" lenger nede, og veldig greie forhold i dag.
  
Spennande utsikt! Knappe 1000 meter rett ned i Tyssevatnet

Tyssevatnet. Issoleie. Skikkeleg fjell. Skikkeleg fjelltur.
  
Hurra!

Fornøgd, men med eit godt grep i varden.

Bitteliten FB-oppdatering på toppen? Nikolai rista litt på hovudet av toppiveren til kjerringane, og konstaterte tørt: -Ej e IKKJE slik so dåkke.

Mot Hjørundfjorden

Lunsj, lur og fin utsikt mot Kvitegga

Bestaste turkameratane! Det gråna til og vi la på heimveg.

Vegskilje i skaret ved Lidafjellet. Nina og eg tok same veg tilbake, normalruta ned Sætredalen til høgre. Therese og Nikolai tok Kjellstaddalen til venstre. Dei kunne melde om ein veldig fin tur ned, og kanskje litt slakare rute.

Omlag her går stien. Forbausande bra til å vere så bratt. Bratt på ein slik måte at det ikkje slo ut høgdeskrekken min. Trur kanskje det er lengste/brattasta mota eg har gått nokon gong?  

Bergfrue - Møre og Romsdal sin fylkesblomst.

Hornindalsrokken ligg på grensa mellom to fylke og tre kommunar; Ørsta, Stranda, Hornindal.
Frå Hornindalssetra brukte vi 4,5 time opp med fleire gode pausar, og 2,5 time nedatt.
Skikkeleg fin topptur - og ei fantastisk avslutning på ferien!

Liten utsiktssnutt frå toppen!

Runde rundt

19. juli. Frå padling i Herøy i Nordland til padling i Herøy i Møre og Romsdal. Etter råd frå yr.no hadde vi komme oss sørover. Britt kom opp frå Askvoll, og Tor Inge og Mildrid vart med frå Ulsteinvik og Herøy. Fin gjeng. Nina har vore gira på grottepadling på Runde sidan vi var der i fjor. Det store spennande spørsmålet no er forholda. Kor fort legg det seg etter vekesvis med kuling?

Nina på veg utover

Vi for ut frå stranda, under Rundebrua, og fekk svaret: Ikkje fort nok. Det var greie, men store forhold. Dønning på vel meteren braut i berga og gav skum og rotesjø. Ingen grotter i dag nei.  Det var sopass sjø at eg nesten ikkje har eit einaste skarpt bilde frå turen.

Det var altså ganske store forhold, sjølv om det ser klin flatt ut på bilde.

Britt forsvinn i horisonten

Fugl i fjell

Og fugl i lufta. Fleire gode grunnar til hjelmbruk i dag.

Fuglefjellet på Runde er i ferd med å døy. Artane slit med å få fram ungar, det er for lite (rett type) mat til dei i sjøen, og fuglane i fjellet er vaksne og gamle. Rekrutteringa har svikta i mange år, men den høge levealderen på fuglane er med på å "kamuflere" det. 
  
Vi rundar inn til fyret, og er ferdig med den største dønningen for dagen

Både DNT-nøkkel og fyr-nøkkel er med. Fyrmeisterbustaden er DNT-hytte, og det er ein dryg time gange over fjellet for å komme dit, for dei som ikkje padlar. Meir enn 20 sengeplassar og fin "hytte".

Frå nyfyret mot gamlefyret

Frå fyret til fyrmeisterbustaden. Jorda ER visst rund.

Fyra - kysten sine katedralar?

Mykje glas som skal haldast..
Men litt usikker på om dette er kuriosa frå gamle dagar eller framleis i bruk

Dagens mest innpåslitne ørn

Tor Inge i farta

Då vi fer ut att sett Tor Inge kursen beint opp i det kvitaste han finn. Britt har ikkje padla så mykje med oss før og stiller spørsmålet om kvifor? Er det ikkje betre/lettare vegar ut? Når resultatet av leiken vert tarestopp så har vi eit forklaringprblem. Det er berre slik at det er ikkje alltid den enklaste vegen vi vil gå... om det finst ein artigare variant. 

Godt planta

Mildrid fortel og viser oss filminnspelingsplassen for "Vaffelhjarte"

Burde ikkje de heller vore borte i fuglefjellet og hekka?

På Rundetur nr 3 vart det endeleg Runde rundt!

16 km

Turen var mykje finare enn bilda denne gongen. Grotter og snirkling har vi tilgode, og Nina må oppover på ein ny tur.

torsdag 25. juli 2013

Husvær - Dønna

16. juli. For ein herleg dag! Beste vermeldinga heile ferien - og det slo til!

Frukost på Havnomaden med utsikt mot Dønna

Eg hadde litt feber og var generelt pjusk. Ibux. Nina hadde padla sørover før og lurte på om vi kunne padle nordover. Så får vi ta det så langt som vi kjem, vart vi einige om. 

Skarv på sjømerke betyr lykke..

Nordlandslandskap på Sør-Herøya

Flotte hytter på Tenna. Utleige tru?

Herøy kyrkje

Kyrkja var einaste attraksjonen i kommunen med reklame på ferja. Flott steinkyrkje frå 1100-talet. Stor var den og. Tydeleg ein sentral plass dette (i ca 1000 år fram til sånn der 1960-talet ein gong).
Vi er no turistar, og tek med oss alt vi kan av attraksjonar. Før vi rakk å runde neset såg eg ein merkeleg lut rygg i graset. Eg trur han tenkte: - går eg med hovudet heilt ned i marka no, så ser dei meg ikkje... 

Rådyrbukk

Herøy Bygdesamling

Rundt neset fann vi ikkje berre kyrkja, men eit heilt museum. Førebels kåra til Noregs best tilrettelagde museum for kajakk. Fin strand og veeeeldig gode vaflar. Så her sosa vi rundt, kikka, åt og prata med lokalbefolkninga. I grunn slikt som ein gjer på ferie. Formen var stigande og det var ein lekker dag. 

Vi ville no sjå korleis dei bur og evnt kva dei heldt på med dei ca 1700 innbyggjarane i kommunen. Så vi padla dei store sunda nordover, rett gjennom kommunesenteret. Vi burde vist betre, men sjølvsagt var alle dei små sunda fylt att, med store bruer over dei større sunda. Vi kryssa vel under 5 bruer på veg nordover.  

Herøybru nr 3 av 5

Herøysundet - Helgelands navle!

Dønna. Dønnamannen i skodda.

Det var jo ikkje langt att til Dønna. Vi viste det var fine strender på yttersida, og det er jo litt artig å ha vore der? Ein rask sjekk på klokka og kartet viste at vi rakk det akkurat om vi skulle ha nok timar til heimvegen etterpå.

Lykt på Dønna og Lovund

På yttersida såg vi ut mot Lovund og til og med siluetten av Sanna på Træna heilt i horisonten.

Idyll i Einvikja

Pause, lunsj nr 2 og bading i Mølnvika 

..nesten skoddefritt på Dønnamannen. Dit skal vi, men ikkje i dag.

Det vart gråare og litt vind. Eg hadde liten motivasjon på å padle same vegen tilbake. Så då padla på på yttersida av Staulen og sørover på innsida av Seløya. Litt feilberekning på stengde sund, så vi måtte sørover i sjølve Herøysundet att, før vi la kursen på sørsida av Tenna og utover mot Brasøy og Husvær.

Dagens beste glimt av dei "Syv søstre". Dit skal vi og, men ikkje i dag. Har skaffa oss skjema for å registrere alle 7 toppane. Just in case. Kjekt å ha.

Diverse flokkar som lærer ungane matauk

På ettermiddagen i sekstida eksploderte det av småbåtar. Ein vannscoter var det vist og. Det var ikkje noko problem, folk slakka ned og vinka til oss. Tydeligvis hadde alle herøyværingane eit ærend i båt i staden for middagslur denne dagen. Nokre smågutar i kvar si jolle med påhengs dreiv å sjekka oss opp med jamne mellomrom resten av dagen. Litt artig og litt irriterande. 

På sørsida av Tenna mot Vega. Havblikk, langgrunt og kvelden sig på. 

Kveld og vi nærmar oss Husvær

Inntrykket er at 50% av alle merka til Kystverket står i Nordland fylke, og halvparten av dei att i Herøy kommune. Det trengs nok og, så langgrunt og så stor skilnad på flo og fjære som det er her.

Ein strålande padledag. Eg var litt lei på slutten, men ikkje spesielt sliten. Vi hadde padla i eit fornuftig tempo, med grønnlandsåre heile dagen. Vi hadde gjettekonkurranse på kor langt vi hadde padla og begge tippa rundt 35 km. Sidan vi hadde vore inn og ut på 3 laminerte kartark hadde vi i grunn ikkje gjort noko finteljing undervegs.

Kart over turen Husvær - Dønna t/r

Det viste seg at vi hadde padla 49 km denne dagen! Ny rekord på dagsettappe. Sjølvsagt også rekord med grønnlandsåre. Vi hadde motstraum i sunda begge vegar, og ca ein time med litt motvind på yttersida, så det kom ikkje heilt av seg sjølv heller.

Eg vil heilt klart padle meir i dette området. Relativt korte avstandar, og korte kryssingar. Mykje å sjå. Ei veke med øyhopping og telt her oppe står framleis høgt på ønskelista.