tirsdag 29. september 2020

Damenes aften på Alnes

 28.09 I "gamle dagar" var vi ofte ute med kajakkane og surfa på stranda på Alnes. Etterkvart har vi utvida horisonten i mange ulike retningar, og vore andre plassar. Det har vore lite sand på stranda, og lite freistande å knuse kajakk mot stein. Eg har kjent på eit lite sakn, for det var mange nydelege timar med adrenalinrush og naturopplevingar her. Brått var sanden tilbake, surfelysta på topp, og nye medpadlarar gira. Små bølger, mykje moro og høge på livet! Det vert nok ikkje så lenge til neste økt! 

Kjempefornøgde!!
Lene, Sygni og Lene (Foto: Sygni)

Når kvelden startar slik veit du at det blir bra!

Blankstille ved moloen, men vi hadde tjuvkikka på stranda - og der trilla det inn vakre små bølger til oss!  





Roger stod på land og filma litt: 
Ikkje så heftig, men artig for kajakk-kvinner!

Bølgene vart gradvis større og dagslyset forsvann, sakte men sikkert. Kveldane no er alt for korte, og det vart mørkt lenge før vi var leie. Men kanskje like greit å gje seg medan leiken er god og før alle kreftene er brukt opp? Fin padling i dønningen rundt Alneset tilbake.  Vi fekk sjå "Alnes by night" stige fram medan vi pakka i hop. 

På heimveg

Skymt i hamna


Vi fekk øvd på av- og påstigning ved brygge, støttetak og kanting, rulle og andre raritetar, styreevne med og utan skeg og eg fekk meg ein salto (!! framlengs). Det aller beste var likevel å leike seg saman med gode venner og å finne tilbake til godkjensla på stranda!

mandag 28. september 2020

Septembernatt i naturen

26.-27 september

Natt i naturen - prosjektet skrid fram, og vi var klare for 9 av 12. September har vore våt, og vi var førebudde på ei haustleg natt ute. Staden har vi snakka om sidan vi gjekk forbi i skiløypa i vinter. Tjønnebru viste seg å vere ein fin stad om hausten og. Her fann vi le for vinden, solide tre og sjølvsagt rikeleg med ferskvatn. Vi har blitt god på å plukke dei fine dagane, og har hatt litt flaks. 

Vi støtta det lokale næringslivet med bompengar, og prioriterte kos framom slit. Det vart difor med rikeleg med ved, mat og klede. 

Tjønnebru mot Mevatnet

Utsikt mot Akslevollvatnet frå køya

Eg blir aldri lei av hengekøyeperspektivet! 

Vi starta pent, med ambisjonar om indianarbål, og det heldt til både grillpølse og fajitas. 
Solnedgangen kjem tidlegare og tidlegare no, og skumringstimen vert lenger og lenger. Fin temperatur og etterkvart ein stjerneklar kveld...

Det var så flott stjernehimmel, at eg måtte sove med linsene på! Eg vakna eit par gonger og kikka opp i universet. Søvnen tok meg kvar gong, men det var nydeleg så lenge det varte. Her inne er det ikkje noko lysforureining, så natta vert ekstra klår, og stjernenen nærare enn nokon gong. Eg sov så godt at det måtte vekkeklokke til for å få meg opp! Septembernatta var sjarmerande behageleg.    

Køyene i skogen. Eg må finjustere vinkelen litt betre neste gong. Underlaget (og eg) seig litt nedover, utan at det gjorde så mykje akkurat denne gongen. 

Morgonkaffi i morgonsol smakar ekstra godt! 

For ein morgon! For ein dag! 

Vi hadde snubla i eit par kantarellar dagen før, så på heimvegen vart det sopptur. Synnøve hadde allereie fylt opp lageret, men det var mi første soppjakt for sesongen. Artig å finne kjente, trygt spiselege soppar med super kvalitet. Det vart ein skikkeleg bonus på heile septembernatta. 

Kantarell og piggsopp

Bra fangst!